web analytics

Skam

skam photo
Photo by Tjook

Dei siste vekene har vore vanskelege for oss som har gått stad og blitt hekta på TV-serien som har heimsøkt vårt land dei siste månadene. Vil William svare på tekstmeldingane frå Noora? Kva skjedde eigentleg på den festen? Vart Noora dopa ned og valdteken av den sleske Nico, broren til William, eller drakk ho berre for mykje og sovna utan klede på, utan at noko gale skjedde? Slikt kan jo skje den beste. Vil dei unge turtelduene finne tilbake til kvarandre? Skjelvande av spenning har vi trykt “oppdater” fleire gonger for dagen for å sjå om NRK har lagt ut noko nytt materiale sidan sist.

Ja, eg snakkar sjølvsagt om Skam. NRKs serie om fem jenter i første klasse på vidaregåande. Her har NRK verkeleg skote blink, med ei banebrytande blanding av internett, TV og sosiale medium. Små klipp kvar dag, sett saman til ein lengre episode kvar fredag for dei som føretrekkjer å sjå det på lineær-TV. Krydra med Instagram-foto frå karakteranes ekte, men fiktive, Instagram-kontoar. Tekstmeldingar og Facebook-chat. Serien er laga for ei ganske smal målgruppe, jenter på seksten år, men har i vår vorte omfamna av folk i alle aldersgrupper. Vaksne folk, menn og kvinner i alle aldersgrupper, har late seg rive med. Dei klarar nesten ikkje å snakke om noko anna. Det viser seg at sjølv smellfeite menn på snart femti har ei tander lita seksten år gammal jente inni seg ein plass, og alt ho vil er å hooke med William. Nokre meiner at det no har blitt alt for mykje av det gode.

Eg kan forstå at nokre meiner det har blitt litt vel mykje Skam den siste tida, når den noko monomane islamkritiske nettsida Dokument.no, og deira redaktør Hans Rustad, tek fatt i serien og gjer den til ein aktør i kulturkampen. På feil side. Då er det ikkje rart ein kjem i stuss. Skam er reklame for islam, skriv Rustad. Eg siterer: «Når jentene er nedpulte og har mist sin identitet, kan ein lansere islam som ideal. Det er dét som skjer i Skam».

Dette er ufrivilleg humor av den typen ein ikkje kan finne på om ein så prøver. Hysterisk morosamt. Og litt trist. Men det er ikkje viktig. Verre er det at av alle dei viktige og debattverdige tema ein kan finne i Skam, har det no blitt slik at den debatten som dominerer er spørsmålet om ikkje ungdommen bør få ha denne serien for seg sjølv. Må foreldregenerasjonen verkeleg blande seg inn og øydelegge dette her? Om vi absolutt må sjå på, kan vi i det minste vere så snille å halde kjeft om det? Dette er for fjortisar, ikkje førtiser. Hands off!

Ja, det var rette ræva som feis, som det så vulgært heiter. Den dagen ungdommen let meg få ha mobilladaren, høyretelefonane, nettbrettet og Game of Thrones i fred skal eg vurdere å høyre på dei. Sjølvsagt treng ein ikkje vere seksten år for å ha glede av Skam. Like lite som ein treng å vere russisk spion for å ha glede av The Americans, purk i Baltimore for å ha glede av The Wire, eller italiensk gangster for å like Sopranos. Ein treng ikkje ha vore jaga av zombiar for å kunne relatere seg til The Walking Dead. Det held å ha jobba litt i butikk.

Skam er verkeleg eksepsjonelt bra. Den fortel ei historie som er lett attkjennande for alle som er, eller ein gong har vore, tenåring. Den tek opp alvorlege tema, men utan peikefingrar og formaningar. Den gjer sjåarane nok rom til å tenke sjølve. Den leikar seg med stereotypar. Utfordrar fordommane våre på subtilt vis. Sjølvsagt kan vaksne sjå dette. Ein kan sjå på Skam og kose seg med alt det openberre talentet som viser seg fram både framfor og bak kamera. Ein treng ikkje noko alibi. Det er ein tullete debatt. Dessverre er den symptomatisk for mykje av det norske ordskiftet. Alt for ofte ender debatten opp i ein debatt om debatten. Kan ein ungdomspolitikar kalle ein statsråd for ei kjerring? Er det lov å drive harselas med same statsråd når ho duppar rundt i Middelhavet i overlevingsdrakt? Er det lov å meine noko om Skam – sjølv om ein har bikka førti? Er det mogleg å få til ein betre offentleg debatt her i landet? Kven må eg hooke med for å det til?

Men no har eg måla meg inn i eit hjørne. I staden for ei djup analyse av kvifor William ikkje er den dritsekken serieskaparane i starten ville ha oss til å tru at han var, har eg våga å ta debatten om debatten. Eg har gått i mi eiga felle og gjort akkurat det same eg ville at andre skulle stoppe med. Eg burde visst betre. Det er ei skam.

Men vent! Har de fått det med dykk? William har svart!

Leave a Reply

%d bloggers like this: