web analytics

Reformfiaskoen

Folkerøystingssracet som har gått sin gong dei siste månadane, går mot slutten. Innan 1. juli skal alt vere over, og fylkesmenn og -kvinner kan starte jobben med å teikne nye kart over korleis kommunestrukturen bør vere i framtida. Det blir ikkje akkurat ein enkel jobb. Trenden er nemleg den same over heile landet: Låg valdeltaking, og nei til samanslåing. Med under ein månad igjen til prosessen skal vere over, er det berre elleve kommunar som har blitt einige om at dei skal slå seg saman. Dei fleste ligg i Vestfold, som uansett ikkje er stort større enn ein eplehage i Sogn, og som godt kunne vore slått saman for lenge sidan.

Fleire ordførarar har vore i media og klaga dei siste vekene. Kommunereforma er ein nasjonal fiasko. Den er uryddig. Umogen. Konsekvensane er uklåre. Viktige spørsmål er ikkje avklarte. Det har dei mykje rett i, men det spelar ikkje noko rolle. Resultatet hadde blitt det same uansett strategi frå regjeringa. Sjølv verdas verste spåkone med sprekk i krystallkula, ein halv kortstokk i manko, og null kaffigrut att i koppen, kunne ha forutsett dette.

At eit flertal nordmenn skal seie ja til frivilleg å slå seg saman med nabokommunen er ein så fjern tanke at ein må vere politikar med ekstra stor avstand til røynda for å tenke tanken. Likevel har det blitt pøst ut skattepengar på prosjektet. Intensjonsavtaler har vorte forhandla fram i alle himmelretningar. Konsekvensar har vorte utgreia til det ytterste. Politikarar, administrasjon og dyre konsulentar har jobba på spreng. Kommunal- og moderniseringsdepartementet åleine har brukt nær ein kvart milliard på dette så langt. Fylkeskommunane og kommunanes utgifter kjem i tillegg. Pengar kasta bort på ein prosess alle måtte vite utfallet av. Kvifor?

Fordi eit fleirtal på Stortinget meiner at ei kommunereform kan vere ein god ide. Samstundes meiner dei sjølv at dei fortener å bli attvalde. Difor har dei funne ut at ei kommunereform bør ha ei lokal forankring som femner så vidt som mogleg. Dette høyres fint ut, men det betyr eigentleg berre at ingen har lyst til å ta den politiske kostnaden med å tvinge på folk ei reform dei ikkje har bede om. I staden for å vise politisk leiarskap har vi brukt ein kvart milliard kroner på ein skinnprosess der utfallet var gitt på førehand. Slik er demokratiet. Det er det beste vi har, men det er dyrt.

Det er ikkje slik at folk flest er i mot kommunesamanslåingar. Dei fleste som ikkje har investert kjensler i debatten, ser at det er rimeleg uproblematisk å slå saman Naustdal og Førde. Alle som ikkje er frå Sunnmøre kan være einige i at Ørsta og Volda like godt kan slå seg saman til ei større eining. Vi har ikkje skruplar med å slå saman andre sine kommuner, men vår eigen kommune lyt nok bli ståande åleine. Vi kan ikkje slå oss saman med surrebukkane på andre sida av grensa. Vi har ikkje noko felles med dei, vel?

Det handlar om korleis vi definerer oss sjølve. Kven er vi? Kor kjem vi frå? Og i denne globaliseringas tidsalder verkar det som om vi berre blir meir og meir lokale. I Storbritannia blei innbyggarane i 2011 spurde om sin nasjonale identitet. Er dei først og fremst britar? Eller er dei skottar, walisarar og engelskmenn? Resultatet var at kun eit lite mindretal såg på seg sjølve som britar. Sjølv om dei kunne sette fleire kryss, og vere både skotte og brite på same tid, var tendensen klar. Dei fleste var anten skottar, walisarar eller engelskmenn. Og berre det.

Vi identifiserer oss med plassen vi kjem frå, men kanskje definerer vi oss nesten like mykje ut i frå kva vi ikkje er? Arne Hjorth Johansen, Markegata, 6900 Florø. Sunnfjord. Sogn og Fjordane. Vestlandet. Norge. Skandinavia. Europa. Jordkloden. Verdsrommet. Ikkje Førde. Slik skriv vi adressa vår, og forandrar du på det, gjer du noko med identiteten vår. Vi endrar oss ikkje frivillig. Skal det bli noko dreis på denne reforma må det tvang til. Det burde dei ha visst, rikspolitikarane våre. Dei burde heller brukt pengane på å utforske korleis vi kan løyse problema kommunane står overfor innanfor dagens kommunestruktur. Eg trur det er mogleg.

Leave a Reply

%d bloggers like this: