web analytics

Fotballen kjem heim

8206408179_d1757e6f54_z

EM-fotballen rullar for fullt i Frankrike for tida, og eg glaner på TV-en så auget blir avlangt og vått. England er mitt lag, og i år har dei eit ungt og lovande lag som kanskje kan få til noko. Kjenner eg dei rett, rotar dei det til for seg sjølv på eit eller anna tidspunkt, men enn so lenge er håpet levande. Wales vart senka i sluttsekundane, publikum syng at fotballen kjem heim, og klumpen er på plass i halsen. God save our team, eg har trua.

Eg er ikkje like engasjert når til dømes Slovenia møter Russland. Usikker på om eg skal heie på pest eller kolera, let eg heller tankane vandre andre stader. Det var då eg kom til å tenke på Liverpools gamle lynving. Steve Heighway. Ein av dei få Liverpool-spelarane eg har hatt ein viss sympati for. Han hadde eit kult namn. Han var ein driblesterk ving som det var moro å sjå spele. Dessuten hadde han ein universitetsutdanning. Heighway var ein smart fyr. Når Liverpool spelte i Europa likte Heighway å få med seg litt sjåverdigheitar på turen. Dei andre på laget lo av han, og ville heller spele kort påhotellet. Heighway var ein nerd, ein outsider. Ein eg kunne identifisera meg med.

Ein akademikar i fotballen var temmeleg sjeldsynt på syttitalet. Ja, i heile forrige århundre eigentleg. Fotballen høyrde til arbeiderklassen. For å spele på det engelske landslaget måtte du ha eit engelsk pass, du måtte vere ein brukbar fotballspelar, og du måtte komme frå den arbeidande klassen. Helst burde du vere kvit i huda også, slik John Leslie fekk erfare. Når uttakskomiteen kalte ham opp til landslaget hadde dei ikkje fått med seg at han hadde litt mykje pigment i huda. Når dei oppdaga blemma trekte dei innkallinga tilbake. Femti år seinare fall den barriera, men arbeidarklassekravet tok lengre tid å bli kvitt.

Fotball i si opprinnelege form var folkets sport. Faktisk var fotball forbode i England frå 1300-talet til langt ut på 1600-talet. Litt av di det var ei bråkete affære, der folk faktisk vart skadd, men mest var det nok av di ein ville at folk skulle drive med bogeskyting i staden for ballsport. Mykje meir nyttig i krig. Etterkvart kom viktoriatida, med si hang til reglar for korleis ein skulle oppføre seg, og temde fotballen. I denne perioden vart idrett eit tidsfordriv for aristokratiet, dei var dei einaste som hadde tid til slikt, men dette endra seg igjen på slutten av 1800-talet.

Den moderne fotballen er eit produkt av den industrielle revolusjon. Folk strøymde frå bygd til by. Frå åker til fabrikk. Meir fritid fekk dei på kjøpet. Fritid dei kunne bruke på å jage ein ball rundt på ei bane. Ut av industri og jernbane vaks det opp fotballklubbar som paddehattar, og resten er historie, som vi skriv når vi ikkje har plass eller ork til å gå meir i djupna.

Fotballen sprang altså ut av industri og arbeidarklasse. Det var naturleg nok. Men fotballen tviheldt på den identiteten sjølv lenge etter at samfunnet endra seg. Læregutsystemet der ein slutta skulen som sekstenåring for å pusse støvlane til dei etablerte stjernene verka designa for å halde middelklassen ute. Steve Heighway måtte tåle masse spit frå lagkameratene for si alternative bakgrunn. Slik Erik Thorstvedt i si tid i Tottenham måtte tåle å bli pepra med brød for å vere frekk nok til å lese ei avis i spelarbussen. Ein skal ha tjukk hud for å halde ut som akademikar i eit arbeidarklassemiljø.

No, på 2000-talet er ting i ferd med å endre seg. Middelklassa tek over fotballen, både på tribunen og på bana. Engelske fotballspelarar har i aukande grad gått på privatskule, og skulda for dette har som vanleg Maggie Thatcher. Under hennar styre selde offentlege skular unna fleire mål med område dei tidligare hadde brukt til fotball. Dei slutta rett og slett med skulefotball, og overlot den arenaen til dei poshe privatskulane. Kanskje er middelklassifiseringen av fotballen ei naturleg utvikling, men samtidig gjer det at den litt romantiske førestillinga om at fotballen kan vere ein veg ut av fattigdommen for talentfulle unge ikkje lenger er like enkel å oppretthalde. Det nålauget er plutseleg veldig lite, etter at fotballen forsvann frå dei offentlege skulane og middelklassen tok over. Akkurat det er litt leit.

Samfunnet endrar seg. Fotballen må følge med. Ikkje noko av dette kjem til å bety noko om gutta med dei tre løvene på brystet løftar pokalen over hovudet etter finalen i EM om nokre veker. Det er på tide å hente fotballen heim. Sjølv om heim ikkje lenger er kva det var. Go England!

Leave a Reply

%d bloggers like this: