web analytics

Observasjonar og hypoteser

antibes photo
Photo by Thomas Leth-Olsen

Sonen min starta opp i femte klasse denne veka, og i lekseplanen var eit av vekas læringsmål å lære seg orda observere og hypotese. Eg som trudde alt dei gjorde første veka på skulen var å skrive stil om kva dei gjorde i sommarferien. Eg kan ikkje vere noko dårlegare. Dette er altså ein tekst, ikkje om kva eg gjorde i ferien, men heller meir om kva eg observerte på min veg, etter å ha pakka ryggsekk og sambuar og lagt i veg mot Rivieraen.

Allereie første dagen gjorde eg meg ein observasjon om at når ein bur i Florø, startar alle ferieturar dårleg. Ein må reise før ein kan. Stå opp før ein har lagt seg. Det er eit slit å komme seg nokon plass. Nærare bestemt Flesland, denne kulinariske ørkenvandringa. Det er umogleg å finne etande frukost, du ender opp med å kjøpe ein Snickers. For du er ikkje deg sjølv når du er svolten, og har du brukt fleire tusenlappar enn du likar å tenke på for å rømme vestlandssommaren, vil du jo helst reise sjølv og ikkje overlate plassen til den nevrotiske og paranoide fyren du blir når du ikkje har ete på ei stund. Flesland er definisjonen på ein dårleg start, og Snickersen gjer deg dårleg i magen. Skal du aldri lære?

Nidkjære lesarar vil kanskje henge seg opp i at påstanden om at alle ferieturar startar dårleg om ein bur i Florø ikkje er ein observasjon, men snarare ein hypotese. Det kan dei ha mykje rett i, men det er ikkje nokon grunn til å kaste seg over tastaturet for å skrive eit sarkastisk lesarbrev eller ein aggressiv Facebook-post. Det er første veka etter ferien. Slapp av. Ta livet med ro. Ver litt rause!

Tilbake til saka. Ein god ting med å vere på Flesland tidleg om morgonen er at tryggleikskontrollen går kjapt unna. Men kjensla av å ha lurt systemet sit ikkje lenge i. Kanskje vektarane vart vekte litt for tidleg? Har dei fått kaffien sin? Er det trygt? Observer den gjengen der borte, til dømes. Kan vi avkrefte ei hypotese om at ho mora der har ei bombe i hijaben? Har dei blitt sjekka godt nok? Eg veit det er trangsynt, eg er ikkje stolt av det, men sånn er det å vere turist i terrorens tid. Refleksreaksjonen når eg ser denne kvinna med hijab er skepsis. Heldigvis slår den litt mer rasjonelle delen av hjernen inn og roar ned stemninga. Ein kjernefamilie med mor, far og to tenåringsgutar er ikkje sannsynlege terroristar. Ikkje nokon grunn til redsel. Reflekshjernen er likevel bra nøgd når dei går til ein annan gate enn oss. Sånn har det blitt.

Vi kom til Nice to veker etter angrepet som tok livet av 85 stykker på Promenade des Anglais. Vi tenkte ei lita stund på om vi skulle booke om turen, men vi let det stå til. Tanken var at Nice framleis ville være i unntaktstilstand når vi kom. Flyplassen i Nice dei første vekene etter attentatet ville vere omtrent den sikraste staden i heile Europa. Men der tok vi feil. Ingen ville sjå på passa våre. Ingen væpna vakter. Ikkje vakter i det heile tatt, faktisk. Om noen hadde tenkt på å sprenge seg sjølv ved bagasjebandet hadde det ikkje vore nokon der som kunne stoppa det. Det er sløvt når ein veit at om lag ALLE som nokon gong har stått ved eit bagasjeband har fantasert om å ta livet av både seg sjølv og alle menneska rundt seg.

Trass i fransk etterretning: Det næraste vi kom terror var eit par gatemusikantar som gjekk laus på «No Woman No Cry» med gitar, bass og trommemaskin. Men vi fekk trøbbel i bilutleigeskranken, då nokon ved ein inkurie hadde reist frå førarkortet sitt heime. Då ville dei ikkje gje oss nokon bil, utruleg nok. Sida eg hadde vore forutsjåande nok til å pakke med meg sambuaren, ordna det seg på eit vis. Ho hadde nemleg førarkortet med seg, og fekk dermed både leige og køyre bil. Eg vart henvist til passasjersetet, og i ettertid kan eg jo seie at det var interessant å observere korleis kjæresteratinga sokk ned mot sperregrensa, i rekordfart, der på flyplassen i Nice. Det hjelpte ikkje stort at eg trudde eg hadde bestilt ein liten og drivstoffgjerrig bil, men ende opp med ein svær SUV som det var umogleg å køyre og parkere med i dei små trange gatene dei held seg med der nede på kontinentet.

Meir enn dette fekk eg ikkje observert, for det viste seg at vi kunne nå heile tre Pokestops frå sofaen i Antibes. Vi gjekk ikkje så mykje ut etter det. Vi vart ikkje solbrente, men vi nådde level 20 i Pokemon Go. Mi hypotese er at det er den beste ferien nokonsinne.

Leave a Reply

%d bloggers like this: