web analytics

Kleskampen

burkini photo
Photo by brunosan

Kvar einaste morgon pågår det ein hard kamp i heimen for å finne klede som den ferske førsteklassingen vår kan ha på seg på skulen. Det er ikkje enkelt. Den vesle stretehøna har bastante meiningar på området, og lar seg ikkje vippe av pinna av argumenta til fossila. Når ho er sint er eg ein oksetulling. Noko som ikkje er så gale – min betre halvdel ved fleire høve har fått melding om ho har sparken, og blir kasta ut av huset om ho ikkje skjerpar seg. Kleskampen er ikkje for sarte sjeler.

Jentungen er oppteken av at det ho har på seg skal vere fint. Helst kjole. Ikkje under nokon omstende regnbukse. Regnjakke kan til nød gå om det drar seg mot 20 mm nedbør, men helst ikkje. Aller viktigst er det at det er komfortabelt, og her fins det ikkje slingringsmonn. Sokker og strømpebukse må sitte heilt nøyaktig, utan irriterande trådar. Genser må ikkje vere for trong å få over hovudet, og buksa verken vere for kort eller for lang, helst av typen tights. Å få jenta på skulen i ei tilfredsstillande grad av påkledning, før klokka ringer inn til første time, er rett og slett ei oppgåve som krever sitt ytste av ein sliten pappa. Og det hjelper ikkje at klokka på Florø Barneskole ringer inn tre minutt for tidleg.

Det er ikkje berre vi som slit med kleskampen. Denne veka har fleire slite mykje meir enn oss. Politiet på den franske rivieraen har tvinga ei dame kledd i det latterlege plagget burkini til å ta den av. Burkini er nemleg forbode på stranda i det strengt sekulære landet Frankrike for tida. Plagg som sender signal om at kvinna som har dei på kan vere undertrykt vil dei ikkje ha noko av. Skal kvinna fyrst undertrykkast, klarar vi det på eiga hand, takk som spør.

Men der kvinner på strendene i Frankrike risikerar bot for å ha for lite klede på seg, er situasjonen en heilt annan på Facebook. Der må ein for ein kvar pris unngå at nokon ser ein naken kropp. Det gjer seg nokre absurde utslag, slik som denne veka. Forfattaren Tom Egeland la ut det kjente biletet av den såkalla napalm-jenta, frå Vietnam-krigen. Ei ni år gamal jente som spring langs vegen med andletet forvridd i smerte. Det er eit forferdeleg, men viktig bilete som skildrar den brutale røynda krig fører med seg. Men Facebook syntes ikkje noko om at Egeland la det ut, og fjerna det. Den stakkars brannskadde jenta er naken, må vite. Slikt vil ikkje Facebook ha noko av. Som ein reaksjon på Facebooks sensur er det etter kvart mange som har delt biletet av jenta, men Facebook har fjerna dei så fort dei har oppdaga dei. Den amerikanske internett-giganten bryr seg lite om hatprat og trakassering sånn i det daglege, men dukker det opp eit ammande bryst, eller ei brannskadd ni år gamal jente utan klede på kroppen, då slår dei til med dei klamme sensurfingrane sine. Jenta skulle nok hatt på seg ein burkini, i staden for å springe rundt i jungelen i Vietnam utan ein tråd på kroppen på det viset der. Det går verkeleg ikkje an!

Burkinien er ei heit potet. I utgangspunktet et latterleg plagg, som lik hijaben har utvikla seg til å symbolisere forskjellige ting, avhengig av kven ein spør, og korleis ein ser på den. Frankrikes burkini-forbod, som enkelte i Frp no applauderer, har forutseieleg nok gjort sjølve burkinien til eit symbol på fridom. Noko som er heilt absurd når ein veit kor plagget kjem frå. Som Maajid Navez skrev i The Daily Beast: Burkinien er eit trist symbol på at islam går baklengs i spørsmål om kjønn. Frankrikes burkiniforbod er eit like trist symbol på at vestlig liberalisme går baklengs i eit forsøk på å svare.

Uansett er det kvinna som kjem i skvis. Det er alltid nokon andre som gjerne vil styre kva, og kor mykje tøy ho har på seg. Her er ein radikal ide: Kva om vi rett og slett let kvinna bestemme sjølv kva ho vil ha på seg? Lang erfaring med illsinte jentunger har lært meg at det alt i alt er den løysinga som fungerar best. Mødre, religiøse skjeggebusar og andre betrevitarar får heller berre lære seg å leve med at påkledninga ikkje alltid lever opp til deira standard, og fargeval ikkje alltid er heilt optimalt. Ta dykk ei bolle, eg seier ja til sjølvbestemt burkini, våtdrakt, motorsykkeldress, tights, strømpebukse og kjole. Kva som helst, berre vi rekk første time!

Leave a Reply

%d bloggers like this: