web analytics

Feigis og slappis

friskis svettis photo
Photo by ExtraStiftelsen

Du har allereie lest det i herverande avis. Friskis og Svettis starta ikkje opp att tilbodet sitt denne hausten. Hallkapasiteten i Flora kommune er sprengd, Friskis og Svettis meiner dei ikkje fekk tid og areal nok til at dei kunne oppretthalde tilbodet sitt, og dermed var det slutt for dei i denne omgang. Friskis og Svettis har halde på i elleve år, dei har vore eit billeg og populært lavterskeltilbod for folk i alle aldre som har ei ambisjon om å halde seg i form, men ikkje har hatt noe ønske om å drive organisert idrett, eller henge rundt på treningssentra. At dei ikkje startar opp at i haust ikkje berre trist. Det er ei fallitterklæring. Og det er ei tabbe. Korleis kunne dei ansvarlege la dette skje?

Sjølvsagt er det politikaranes skuld. Levekårsutvalet har slått fast at barn skal prioriterast i kjernetida mellom 17 og 20. Nye aktørar har meldt seg på, og dermed var det ikkje plass nok til alle. Nokon måtte ut. Det er ikkje vanskeleg å forstå dilemmaet. Nokon måtte bli skuffa, og det er sikkert fleire enn Friskis og Svettis som er misfornøgd med tidene dei har fått tildelt. Når kapasiteten er langt forbi bristepunktet er det slik det blir. Ein får gjere det beste ut av det. Likevel. Eg meinar Levekårsutvalet bør sjå på saka på nytt. Er det verkeleg gitt at det einaste kriteriet for tildeling av treningstider skal vere at barn skal prioriterast i kjernetida? Eg meiner at det er ei feig prioritering. Den er vag, uangripeleg, men eigentleg ganske intetsigande. Eg ville lagt fleire kriteriar til grunn.

Alle er einige om at idrett er ein fin ting. Kanskje er vi for einige i det, for ofte gløymer vi å stille dei kritiske spørsmåla. Er all idrett alltid ein fin ting? Kan vi stille større krav til den organiserte idretten? Eller bør vi stille andre krav? Kva for ei rolle vil vi at idretten skal ha i samfunnet? Kan vi organisere oss annleis? Nesten alle barn i Noreg driv med ein eller annen form for idrett i åra frå dei er seks, til dei blir tretten år gamle. Men i overgangen frå barneidrett til ungdomsidrett skjer det noko, og veldig mange gjer seg med organisert idrett. Kvifor det?

Vi veit at dei som driv med idrett har betre sjølvbilete, betre helse både psykisk og fysisk, meir overskudd, enn dei som ikkje driv med idrett. Vi veit også at dei som har mindre ressursar, anten det no er sosialt, psykologisk, kulturelt, eller økonomisk er overrepresentert blant dei som droppar ut av idretten i åra mellom tretten og nitten. Idretten er ein plass for dei vellukka og veltilpassa, medan dei som kanskje hadde hatt størst nytte av eit organisert idrettstilbod i større grad faller fra. Vi treng større variasjon og fleire tilbod til dei som synes det er gøy å drive idrett på sine eigne premissar, men ikkje har ambisjonar om a-lag, eliteserie, landslag og proffopphald i utlandet. Sjølv hadde eg gjerne tatt i mot eit tilbod om å bli knust i bordtennis på jevnleg basis.

For å vende tilbake til start. Levekårsutvalet bør se på prioriteringane for tildeling av treningstider ein gong til, og faktisk gjere ein ordentleg jobb denne gongen. Kriteria bør utvidast. Folkehelseperspektivet bør prioriterast over idrettslagas eigne ønsker, i den grad det er nokon motsetning. Barn mellom 6 og 13 har ein haug med tilbod, og dei er aktive nesten alle samen. Det er ikkje der skoen trykker. Fråfallet startar i trettenårsalderen, og held på ut ungdomstida. Dette bør det offentlege freiste å motvirke. Lag som kan dokumentere lågt frafall bør prioriterast. Tilbod retta mot grupper som har få andre tilbod bør også prioriterast. Eg dristar meg til å foreslå ei prioriteringsliste.

1. Folkehelse skal alltid ligge i bunn for prioriteringane.

2.Tilbod som rettar seg mot grupper som har få andre tilbod om organisert trening prioriterast høgt.

3. Tilbod som kan dokumentere lågt fråfall i aldersgruppe 13-19, eller er spesielt retta mot å få dei som fell i frå til å bli i idretten, skal prioriterast.

4. Barn og unge skal prioriterast i kjernetida mellom 17 og 20.

5. Nye tilbod som ikkje kjem inn under dei andre punkta i denne lista må finne seg i å stille bak allereie etablerte tilbod i starten.

Den einaste måten å løyse problemet er å bygge ut større hallkapasitet. Det hastar, men kjem til å ta tid. Inntil då må det prioriterast knallhardt. Det er politikaranes jobb. Hvis dei ikkje vil ta den på seg får dei melde seg på Feigis og Slappis i staden. Dei trenar mellom halv tolv og 23.30 kvar onsdag kveld i Florahallen.

Leave a Reply

%d bloggers like this: