web analytics

Framandfaren

stranger danger photo
Photo by Experiments With Light

Pokemon Go har teke verda med storm. Endeleg har det vore folk i Strandgata, nær sagt til alle døgnets tider. Kampen om hegemoniet på Pokegymmen ved Horne Brygge er knallhard. Her i heimen er vi på Pokemon-runde nesten dagleg. Anten vi nå går ut alle saman, eller om vi berre tek ein ekstra runde gjennom Strandgata når vi er ute for å handle. Ein veit jo aldri når det kan dukke opp ein Tentacruel eller ein Machoke.

Den ting som ikkje kan problematiserast er ikkje funnen opp enno. Pokemon Go er ikkje noko unnatak. Eg las ein tekst på ein amerikansk nettstad for litt sidan, der ein ung mann fortalde om korleis det var å vere hekta på Pokemon Go når huda er mørk i staden for kvit. Det var litt annleis. Ein kunne ikkje jakte like intenst. Ein måtte passe på kor ein gjekk. Ein vart møtt med mistru heile tida. Kva gjer du her? Kvifor går du og stirer på den telefonen? Når ein veit kor lause på avtrekkaren folk kan vere i USA er det ikkje rart at fyren lurte på om jakta på Pokemons eigentleg var verdt risken.

Sjansen for å bli skoten av ein triggerhappy politimann er heldigvis ganske liten i Norge, uansett hudfarge. Eg må likevel tilstå at eg ved nokre høve har tatt meg sjølv i å tenke på korleis andre reagerer på at eg går rundt i gatene med telefonen framme, ivrig søkande etter endå ein Pokemon. Eg er ein mann på full fart inn i gammal gris-alderen. Når eg ikkje har med meg ungane som alibi, trur folk kanskje at eg driv med noko heilt anna, der eg sit og fiklar med telefonen? Kanskje trur dei at eg tek bilde av dei? Har eg skumle planar? Eg har tenkt tanken fleire gonger, hittil utan å late den hindre meg i å ville fange dei alle. Pokemonane altså. Ikkje borna.

Det er sikkert difor min fyrste tanke, når eg las at folk var redde for ungane sine etter at nokon hadde observert menn som tok bilder av småjenter i klatreparken måndag morgon, var denne: Er vi sikre på at dei ikkje berre var på Pokemon-jakt? Eg såg det i allfall som lite truleg at det var nokon grunn til å slippe panikken laus, og låse barna inne. Predatorar på jakt etter barn jaktar ikkje i flokk på den måten det vart skildra i avisa. Merkeleg oppførsel, javisst, men det var sikkert ei forklaring. Ikkje nokon grunn til å rope «stranger danger» denne gangen heller. Framandfare, heiter det kanskje på norsk. Og slik det ser ut no var det heller ikkje noko å vere redd for. Berre nokre galne turistar frå Asia med selfiestenger og litt mykje entusiasme.

Framandfare altså. Dei fleste foreldre fortel ungane sine at dei skal vere forsiktig med å snakke med framande. Det er sikkert fornuftig det, men det gjeld å ikkje overdrive heller. For nokre år sidan var ein elleve år gamal speidar sakna i fire dager i fjella i Utah. Han gøymde seg for redningsmannskapa, for han hadde lært heime at han skulle passe seg for framande. Det var ein rimeleg stor sjanse for at dei ville stele han, meinte han, og heldt seg i dekning. Då har det gått for langt. Sanninga er jo at framande så godt som aldri er farlege. Tvert i mot. At framande forgrip seg på born er uhyre sjeldant. Tal frå USA i 2005 viser at av 800.000 born som vart melde sakna, var berre 115 av dei bortførte av ein framand. Det er noko slikt som 0,01 prosent av dei, og hugs at dei aller fleste borna ikkje vart sakna i det heile tatt. Framandfaren kjem ganske langt nede på lista over kva ein bør være redd for. Litt naturleg skepsis er berre sunt, men å lære barna våre opp til ei generell frykt for folk dei ikkje kjenner, er ikkje smart. Berre dumt. I ein krisesituasjon kan ein framand like gjerne vere redninga.

Noko av det finaste ved å bu i Norge er at vi stort sett har veldig høg tillit til kvarandre. Ungdom og middelaldrande menn i hettegenser kan gå på Pokemon-jakt utan at mødre kjem springande for å hente heim ungane sine. Det er ein verdi det er verdt å kjempe for. Følg for all del med, men ikkje la mistru og skepsis ta heilt overhand. Dei aller fleste vi møter vil oss vel. Hvis dei ikkje tilhører Team Instinct, og er på veg bort for å kaste oss ut av Pokegymmen då.

Leave a Reply

%d bloggers like this: