web analytics

Polstra barndom

img_20160923_103640_processed

Denne veka datt husets ferske førsteklassing ned frå eit klatrestativ på skulen og knekte kragebeinet. Det fekk meg til å hugse at far min ein gong på syttitalet bytta ut sin svarte Mercedes med ei splitter ny Lada stasjonsvogn. Raud var den, som eit ekte produkt av kommunist-Sovjetunionen, men særleg fin var Ladaen ikkje. Sjølv om den kunne startast med sveiv om det var krise. Når eg ser tilbake på det livet eg har levd, i eit forsøk på å skape ein slags meining i galskapen, kan det hende det er der eg skal sette fingeren. Akkurat her var det at ting starta å gå gale. Her starta den nedadgående klassereisa. Her burde eg ha skjønt at livet med hushjelp og gartnar ikkje kunne vare evig. Når far min bytta ut Mercedesen med Lada, var alt håp ute.

Men dette var eg lukkeleg uvitande om då det skjedde. Eg merka meg at naboane heva augebryna og kom i stuss over dette totale skiftet i status på bilfronten, men eg brydde meg lite. Bil var bil. Eg visste ikkje betre. Når vi av og til køyrde frå der eg budde, og inn til Oslo for å vitje slekta, fekk eg ta med meg dyne og pute, og ligge bak i bagasjerommet på stasjonsvogna. Der hadde eg det storveges. Det hende eg lot som om eg køyrde bilen, og sette verdsrekord i rygging frå Telemark til Oslo. Andre gonger laga eg grimasar til bilane som var så uheldig at dei køyrde bak oss. Eller skaut dei med seksløparen min. På den tida var det populært å ha klistremerke på bakruta på bilen. Eit halvt hovud av eit grønt troll som liksom stakk opp bak ruta, med fingrar på kvar side. Far min ville aldri kjøpe noko slikt, men han trong det heller ikkje. I vår bil var trollet som stakk opp heilt ekte. Trollet var meg.

Eg er ikkje åleine om slike historier. På sytttialet var det ville tilstandar i trafikken. Barn lå i bagasjerom og hattehyller. Framme i bilen sat foreldra og røyka rullings. Eller Teddy, i mitt tilfelle. Ingen hadde setebelte. Ingen var sikra. Desse bilane var rullande lungekreftinkubatorar. Regelrette dødsmaskiner. Russisk rullett. Til tross for denne tilsynelatande dødsforakta, overlevde mange av oss desse åra, og no plagar vi livet av alle som gidd å høyre på om korleis vår generasjon vaks opp utan sykkelhjelm, med farer rundt bak kvart gatehjørne, medan dagens ungar veks upp i ein polstra barndom der det ikkje er lov å klatre i tre, og all risiko er fjerna frå liva deira. Vi har gløymt at det døydde eit par barn i veka i trafikken på syttitalet. I dag er det ytterst sjeldan at det skjer.

De har lest dette før. Det er ein debatt som dukkar opp med ujamne mellomrom. Nokon skrik ut om korleis norske foreldre feilar, andre spring til for å seie «næ-hei, for det atte», og så har vi det gåande ei snau veke utan at nokon blir noko særleg klokare. Sist denne debatten var oppe kom folk med utsegner som dette her: «Ungar skal vere møkkete og ha skrubbsår! Barndommen skal innehalde blod, hyl og skrik. Eg synest det går for langt når barn må ha hjelm i barnehagen.»

Som om det er eit aukande problem at ungane våre har hjelm i barnehagen. Som om ein lukkeleg barndom kan målast på kor mykje skit ein har under neglane. Som om blod, hyl og skrik er noko som bør inn i eit eller anna måloppnåingsskjema. Mitt favorittsitat er likevel dette: «Barn trenger å skade seg!» Levert av Tone Strømøy, lektor ved høgskulen i Oslo.

Dette er reint sludder. Nokon vaksne kunne trenge ein øyrefik for dumskapen sin, men borna treng ikkje å skade seg. Dei treng å utfalde og utfordre seg i trygge rammer. Når ein får det til å høyrast ut som om det er et mål i seg sjølv at ein skal falle og brekke eit bein, då har ein rota seg ut på viddene. Sjølv vart eg påkøyrd av eit akebrett og knekte armen i 12-årsalderen. Eg kan ikkje hevde at det har gjeve meg unik kompetanse eg ikkje kunne vore forutan. Då skulen ringte for å fortelje at femåringen min nok måtte på legevakta, var ikkje reaksjonen eit sukk av letting. Ikkje noko høgt hurra for at ho endeleg fekk tileigna seg kunnskap om at det er vondt å slå seg. Det visste ho allereie. Einaste gevinsten ho får av kragebeinsbrotet er premien for tapper oppførsel på røntgen og legevakt.

Bodskapet i dagens tekst er altså dette: Born har ikkje godt av å falle og slå seg. Barndommen er ikkje like polstra som ein del vil ha det til. Og har du Mercedes, tenk deg om to gonger før du byter den ut med noko med lågare status. Ringverknadene kan vere enorme. Tenk på borna!

Leave a Reply

%d bloggers like this: