web analytics

Schrödingers katt

Schrödingers cat photo
Photo by Dr LoveCherry

Schrödingers katt er eit tankeeksperiment sett fram av Erwin Schrödinger. Det er slik at du tek ein katt, ei giftflaske og ei radioaktiv kjelde og stappar alt saman inn i ein lukka boks. Du må vel ha med ein geigerteller også. Om det vert registrert radioaktivitet, vert flaska knust og katten døyr av gassen som slepp ut. København-tolkinga av kvantemekanikk impliserer at etter ei stund er katten samstundes både død og levande. Den er ikkje anten det eine, eller det andre, den er både død og levande på same tid. Haha, tenker du kanskje. Dette er slikt som skjer når ein har for mykje fritid og for lite å drikke. Ein tenker så mykje at ein blir heilt koko. Ein katt kan ikkje vere levande og død på same tid. Det er umogleg.

Eg er ikkje like sikker. Den gamle kvite katta eg held hus med verkar ofte å vere i ein tilstand der den er både levande og død på same tid, der den ligg urørleg på varmekablane utan å vifte med så mykje som eit lite værhår. Då må eg ofte bort og pirke litt i droget for å sjekke at ho fortsatt trekkjer pusten, og det gjer ho jo. Men eg skjønar kor gamle Schrödinger fekk ideen sin frå. I dei små sekundane frå eg strekkjer handa fram og klør katten bak øyret kjenner, eg på at katta er i ein mellomposisjon. Ho kan vere både død og levande. Eg veit ikkje svaret. For alt eg veit er det eit val katta tek akkurat i det eg når fram til pelsen. Skal eg vere død, eller skal eg vere levande i dag også? Jaja, får vel ta i mot litt kos, og kanskje ein boks med godmat i dag også då. Og så har vi det gåande. Purr purr. God morgen. Mjau. Nimmen!

Dei siste dagane har det slått meg at dette tankeeksperimentet kan brukast på fleire område. La oss seie at du er ein 35 år gamal familiefar. Ein dag postar du kanskje ein kommentar i ei lukka Facebook-gruppe. Du seier at ei tretten år gamal jente som har sagt noko du ikkje er einig i, burde ha vore utsett for både valdelege og seksuelle overgrep. Ja, du gjer faktisk det. Vaksne mannen. Då oppstår det ein situasjon som vi kan kalle for Schrödingers ekle mannssjåvinist. Ingen som er ved sine fulle fem kan meine at ei tretten år gamal jente, eit barn, skal utsettast for overgrep av noko slag, men det var det han sa. Var det verkeleg det han meinte? Vi kan ikkje vite om fyren er ein ekkel mannssjåvinist, potensielt ein sjuk og farleg overgripar, eller om han berre er ein særs dårleg komikar på fylla. Dermed blir han alt saman på ein gong. Heldigvis tar VG kontakt med ham for å sjekke. Dei opnar boksen for å sjå om han er levande eller død, kan du kanskje seie, og då får vi svaret. Han sat i si eiga boble, sa han. Tenkte ikkje på konsekvensane. Han hadde teke tre pils og sat og jazza med gutta. Du veit korleis det er, sa han.

Men vi veit ikkje korleis det er. Vi gjer ikkje det. Det villaste eg har gjort når eg har jazza med gutta er å spele ein Cmb7-akkord i staden for ein streit C7. Det er for all del gale nok det, men det kan ikkje samanliknast med valdtektsfantasiar og grisepreik. Det er dei færraste av oss som jazzar om den slags. Det er viktig å understreke. Fleire av oss kan nok le av smaklause vitsar vi kanskje ikkje burde le av, men det er ikkje så mange av oss som deler hemnporno eller snakkar varmt om straffepuling av navngitte personar på ei offentleg nettside. Det er ikkje det.

I eksperimentet til Schrödinger er saka grei. Du opnar boksen, og katta er enten levande eller død. Svaret er avgitt. I spørsmålet om Schrödingers ekle manssjåvinist er ikkje svaret opplagt. Sjølv om VG har opna boksen og fått til svar at dette berre var ein mislukka komikar med dårleg smak og timing, kan vi ikkje vite om det faktisk er sanninga. Kan det vere noko han berre seier for å kome seg ut av ei knipe utan å miste ansikt? Heilt sikre kan vi ikkje vere, utan å observere nøye over tid. Schrødingers ekle mannsjåvinist blir ein tilstand det er vanskeleg å riste av seg når katta først er ute av sekken. Hugs at det som skjer på Internett er verkeleg. Det er offentleg, sjølv om gruppa er lukka, berre det er mange nok som kan lese det. Det kan kome tilbake og knyte saman lissene på skoa dine. Sørge for at du går skikkeleg på snørra. Så bruk hovudet. Og impulskontrollen. Om du har noko slikt.

Erwin Schrödinger vart sjølv så lei av denne katten sin, at han vart sint om du spurte han om korleis det stod til med den. Heile tankeeksperimentet var visst meint som ein spøk, han hadde sjølvsagt ikkje vore stygg med katten sin. Sa han. Men sikre kan vi ikkje vere. Kanskje det berre var noko han sa for å kome seg ut av ei knipe. Schrödingers dyreplagar.

Leave a Reply

%d bloggers like this: