web analytics

Fotballfeber

Florø er råka av fotballfeber. Med siger mot serietoaren Nest-Sotra på stadion, er opprykket sikra, og folk har gått langsamt frå vettet. Dagleg denne veka har eg fått spørsmål om eg skal på kamp, og når eg seier at eg i staden tek familien med på ein liten haustferie til Bergen, blir eg møtt med vantru. Eg forsvarar meg med at eg er innflyttar, men det fell for døve øyre. Dette er ikkje godkjent fråversgrunn. Eg står i fare for å måtte gå dette året om igjen. Men eg står på mitt. Eg har ikkje vore på stadion sidan Bengt var ei maskin på topp, og resten av laget stort sett var svenskar i varierande grad av forfall. Skulle eg plutseleg møte opp der borte no, er eg ikkje noko anna enn ei simpel medgangssupportar, og det er noko av det verste ein kan vere. Rekesmørbrød-brigaden, som Roy Keane kalla dei i si tid. Avskum.

Nei, eg er ikkje medgangssupportar. Eg er motgangssupportar. Fotball skal vere liding. Fotball skal vere alle dei gongene det nesten går, men så går det gale til slutt. Fotball er, som Jo Nesbø så vakkert skildrar det, Harry H. som driblar alt som kan gå på vårparten. Han driblar døden. Finter fanden ut i pølsebua. Men når hausten kjem, må han berast av bana med skade. Gullet glepper. Det blir tap i semifinalen. Fotballen blir eit poetisk spegelbilde av sjølve livet. Det er den draumen me ber på, at noko vidunderleg skal skje. Og kanskje skjer det på laurdag. Men som oftast ikkje. Ein må lære seg å tape, men likevel halde hovudet høgt. Dessutan er det alltid ein dommar ein kan skulde på.

Men der Florø har vore i ei boble av fotballglede, forventningar og våte draumar i heile haust, har situasjonen vore noko annleis i resten av idretts-Noreg. OL i Rio var dei dårlegaste leikane på 52 år. Martin Johnsrud Sundby vart tatt for å ha meska seg litt vel mykje på astmamedisin, vart fråteken eit par sigrar i Tour de Ski og Verdscupen, og utestengd i to månader. Landslaget til Per-Mathias Høgmo har vore sørgeleg. Utspelt av Tyskland på heimebane, tap for Aserbajdsjan, og tysdag sleit dei i 75 minutt med å skape sjansar mot verdas fjerde dårlegaste landslag. Og nett når du trudde det ikkje kunne bli verre, gjekk sjølvaste nasjonalikonet, smellvakre bunadsblonde Therese Johaug bort og testa positivt for anabole steroidar – etter å ha vore lemfeldig med valet av lege og lypsyl i Livigno. Norsk toppidrett har blitt eit stort svart hol. For å sitere ein Facebook-ven av meg: Norsk fotball syg sure sokkar, skiforbundet er løgnaktig og gjennommedisinert. Eit gyllent høve til å leggje ned all norsk toppidrett og satse på at folk skal bli aktive og ha det gøy i staden for å bli passive, sjølvgode tilskodarar.

Under Ski-VM i Oslo i 2011 sat den svenske idéhistorikaren og nasjonalismeforskaren Sverker Sörlin på Litteraturhuset og forklarte det greske ordet Hybris for dei som høyrde på. Det finst meir daglegdagse ord. Overmot. Hovmot står for fall. Jo større dei er, jo hardare fell dei. Han minna om at det ikkje var heilt risikofritt å løfte langrennssporten opp til nasjonalidrett, som ein viktig byggestein i det norske hus. Eg kom til å tenke på dette då rådmannen tok heilt av i avisa og meinte at Florøs suksess på fotballbana var bensin for Florø-sjela. At det styrkjer identiteten vår, og gjer Florø til ein betre plass å bu. Det er eit snev av sanning i det så klart, men orda blir for store. Det skal ein passe seg for. Mi erfaring som fan av Odd i førti år er at når orda blir for store, går ballen i stonga og ut. Medaljen glepp. Vålerenga vinn cupen, og Rosenborg kjøper keeperen vår igjen.

Florø Fotball anno 2016 er eit eventyr. Eg håpar draumen blir sann, at vi kan fortsette å drøyme til neste år. Eg skal til og med ta meg ein tur på stadion då. Men fotball er fotball. Livet er så mykje meir, og det som gjer Florø til ein betre plass å bu er så mykje anna. Det er dei frivillige som stiller opp på språkkafé for å lære innvandrarar språket. Eller dei som styrer på med Sildebord og Kinnaspel kvar sommar. Det er ho som kjem køyrande med Paracet med banansmak når apoteket er stengt ein søndag kveld og jentungen har vondt. Det er han som tek med ei ekstra pakke gitarstrengar frå Førde til deg når G-strengen din har roke. Det er Gitte og Eirik på Lille Marked som held oss med livsnaudsynt ost og spekeskinke frå nært og fjernt. Det er dei som passar katten di når du har fått nok regn og må rømme landet ei vekes tid for å halde ut. Det er der næringsstoffa ligg. Fotball er trass alt berre ein bagatell. Eit krydder.

Men det smakar betre med eit lite dryss. Det gjer jo det.

Leave a Reply

%d bloggers like this: