web analytics

Ikkje i min bakgard

Alf Stokkens Kondemneri

På engelsk har dei noko dei kallar for NIMBY. Det er ei forkorting for Not In My Back Yard, ikkje i min bakgard, og det dreier seg om dei folka som alltid er i mot noko. De veit kva eg meiner. Sama kva det handlar om, er dei der. Boligar for sosialklientar. Asylmottak. Industribygg. Vindmøller og mobilantenner. Alle skjønar at sosialklientar og flyktningar treng ein plass å bu, men ingen vil ha dei i sin bakgard. Då kjem protestane. Avisoppslaga. Dei sinte folka i lokalavisa. Nimbyane skuffar aldri, dei stiller alltid opp. For nøytrale tilskodarar kan ofte nimbyane framstå som litt dumme. Dei har nasen planta i eigen navle. Men sanninga er at det bur ein nimby i oss alle.

Eg bur i Markegata. Midt i byen, i eit av dei eldste husa i byen. På tomta ved sida av ligg ei av dei mange Florø-rønnene. Ein gong ein staseleg sveitservilla, no ei særskilt verneverdig rønne som berre ventar på den rette hauststormen. Eigaren vil rive, eller kanskje flytte, heile huset, og bygge eit forretningsbygg med leilegheiter på toppen. Torsdag kunne Firdaposten vise dei nye teikningane, og eg må innrømme det: Eg likte dei ikkje noko særleg. Eg vart ein nimby.

Eg kjente på dei bitre tankane medan eg såg på biletet i avisa. Eg vart sint. Teikningane viste ein svær koloss på fem etasjar, 15 meter høgt, som vil legge hagen vår i skugge for all framtid. Kveldssola forsvinn, og eigendommen blir mindre attraktiv. I nokre særs bitre sekundar vurderte eg om ikkje det beste var å legge heile greia vår ut for sal, medan det var mogleg å få noko som helst for eigedommen, og flytte heile familien inn til Førde. Det vart ikkje noko betre av at vi akkurat har starta på eit prosjekt der vi har tenkt å bruke ei god slump med penger på å oppgradere kjellaren. Skulle vi avblåse? Skulle vi legge det på is inntil vi så korleis det gjekk med kolossprosjektet til naboen? Skulle vi springe til avisa og klage vår naud? Spamme dei folkevalde med mail og Facebook-meldingar? Protestere så høgt vi kunne om at vi ikkje vil ha dette i vår bakgård? Not in my backyard. Eg var blitt ein av dummingane som hyttar med neven i avisa. Eg må erkjenne det. Eg var blitt ein tulling. Eg også.

Ofte når vi støter på ei slik «ikkje i min bakgard»-sak i avisene er det eigentleg ein kamp mellom fornuft og kjensler. Det er lite eller ingenting som tilseier at stråling frå mobilmaster er noko helserisiko, men det hindrar ikkje folk i å protestere mot å få dei i umiddelbar nærleik. Samtidig som dei klagar på dårleg dekning. Det er fakta mot frykt. Fornuft mot kjensler. Og det er ikkje tvil om at min harme over kolossen på nabotomta er kjenslestyrt. Jaudå, bygget vil leggje hagen vår i skugganes dal, det er ei ulempe for oss. Likevel. Størstedelen av tida er vi jo innomhus, og då kan det vel vere det same kor høg gesimsen til naboen er? Det er kjenslene som gir reaksjonen. Og dei nøytrale tilskodarane heiar som regel på dei som representerer fornuften.

Er det slik at fornuft er meir verd enn kjensler? Vi som forlas oss på Dostojevski i ungdommen, i eit fånyttes forsøk på å verke interessante, veit at ein ikkje kjem langt om ein set si lit til det rasjonelle. Raskolnikov gjorde eit forsøk, men det gjekk ikkje bra. Du seier at kjensler er overvurdert, seier Harvey Keitel til Michael Caine i filmen Youth, men det er pisspreik, legg han til. Kjensler er alt vi har. Oftast er det vel slik at vi føler først, og så brukar vi fornuften til å forklare etterpå. Det er ikkje slik at kjensler alltid er feil. Problemet med oss nimbyar er at vi ofte let oss styre av dei litt forbodne kjenslene. Dei som seier at vi er oss sjølve nok. Dei som gir blaffen i alle andre enn meg og mine. Det er rett og slett litt primitivt det heile. Og kva skjer når ein har hamna på det skråplanet? Brått sit ein der med nykjøpt campingvogn, jublar når flyktningar druknar i Middelhavet, og heiar på Donald Trump.

Eg tek ikkje sjansen på det. Politikarane, og fylkeskulturkontoret, får ta seg av bygget på nabotomta. Dei er betre skikka. Sjølv får eg ta meg ein tur ut og rydde bakgarden for vinteren. Du kan godt få vere med.

Leave a Reply

%d bloggers like this: