web analytics

Anti-inspirasjon

Motivasjon

Eg har levd eit langt liv, og mykje av tida har eg brukt på å lytte til foredragshaldarar med ambisjon om å motivere, inspirere og puste ny glød inn i utbrente hjerneceller. Med lite hell, må det seiast. Eg blir berre demotivert når eg tenkjer på kor lang tid eg må jobbe for å tene like mykje som det denne irriterande sprettballen på scena fakturerer for å stå der og veive med armane.

Heldigvis har eg i det minste fått med meg at det gjeld å tenkje positivt. Eg passar på å ikkje bli verande for lenge i dei negative tankebanene. Eg pensar tankane over på noko meir hyggeleg. Eg tenkjer på kor mykje øl eg skal tylle i meg når berre han derre apekatten blir ferdig på scena. Og etter kvart som den eine etter den andre imaginære halvliteren renn ned i halsen på meg, kjenner eg inspirasjonen stige.

Når eg blir inspirert, hender det at eg får idear. At eg trur eg kan gjere alt betre enn alle andre er ikkje avhengig av at eg er inspirert. Det er meir ein konstant tanke. Men når eg er inspirert startar tankane å surre omkring korleis eg ville gjort det, om eg berre fekk sjansen. Det var nettopp under et slikt motivasjonsforedrag eg fekk tanken. Eg hadde akkurat høyrt ein fyr legge ut om korleis arbeidslivet var sett saman av tre forskjellige mennesketypar. Dei grøne, dei gule og dei raude. Dei fleste er gule, nøytrale og lettpåverkelege. Så har du dei grøne. Det er dei positive folka. Dei som freistar å få ting til å skje. Dei som vil skape noko. Og til slutt har du altså dei raude. Dei skal du halde deg unna. Dei er negative. Kritiske. Vil ikkje nokon ting. Dei vil at alt skal vere slik det alltid har vore, samtidig som dei sjølv har sekken full av tankar om kva som burde vore annleis – om berre dei fekk bestemme.

Problemet var at han ikkje hadde nokon strategi for korleis ein skulle handtere desse folka, utover å halde seg unna dei. Eg kjente at eg vart raudare og raudare der eg sat og lytta. Og så slo det ned. Som ein av dei raude folka i arbeidslivet burde eg, med mine talent, snekre saman eit foredrag om korleis vi som kan kunsten å tenke negativt overlever i eit arbeidsliv fullt av grøne folk som på død og liv vil noko heile tida. Eit anti-inspirasjonsforedrag. Eg syntest det var ein knakande god ide, sjølv uten promille.

Så der sat eg og drøymde for meg sjølv. Eg skulle lage eit heidundrande foredrag. Det skulle vere foredraget som tok livet av alle andre foredrag. Eg såg føre meg at eg heldt foredraget på Temposeminaret, og etter at eg var ferdig ville Per Øyvind Helle legge ned heile seminaret og mønstre på Mercy Ships i staden. Heile denne marknaden ville bryte saman med eit stort smell, og kanskje dra kommunikasjonsbransjen med seg i same slengen. Tidlegare kommunikasjonsrådgjevarar ville takke meg gråtkvalt for at dei endeleg fekk sjansen til å gjere noko nytt og viktig med liva sine. Mellomleiarar og andre tilsette ville falle meg om halsen og takke meg med tårer i augo for at dei slapp å høyre fleire motivatorarar, og heretter ville kunne gå rett i baren. Menn ville spandere øl på meg, medan kvinnene ville ligge med meg. Med mot, energi og begeistring. Eg såg føre meg at dette var noko eg kunne fakturere store penger for å levere.

Sist helg vare eg på samling igjen. Der kom det først ei dame på scena som hadde skapt noko som ho hadde kalla for Begeistringsetaten. Ho skulle lære oss å leie med begistring. Det fungerte ikkje så bra for min del. For å halde ut, fann eg fram dei gamle godtankane. Anti-foredraget. Eg skulle starte foredraget med å vise til korleis alle andre foredragshaldarar dei hadde høyrt til no, stod der av di dei hadde oppnådd noko. Vunne noko. Medan eg, eg sto der i kraft av meg sjølv. Ein mann av folket. Eg var ein mann som ikkje hadde fått til noko som helst, og nå skulle eg fortelle dei korleis dei kunne gjere det same.

Så kom siste foredragshaldar på podiet. Han såg ut som ein shabby blanding av Fleksnes og Trond Espen Seim. «Hei», sa han. «Eg heiter Henrik Aase. I motsetning til dei som har sprunge fort på ski, gjort noko stort, eller klatra til Mount Everest-toppen berre ved å bruke tennene, dei som pleier å halde disse foredraga. I motsetning til dei, må eg innrømme, har eg eigentlig ikkje fått til noko særleg.»

Eg var bitter. Her hadde fyren rappa store deler av mitt imaginære foredrag, og det funka som berre det. Folk hylte ut i latter, og det fortsette dei med i over ein time. Medan eg drakk imaginær øl og vart raudare og raudare. Nok ein draum i dragsuget. Opnar ikkje baren snart? Og det gjorde den.

Leave a Reply

%d bloggers like this: