web analytics

Trump og silda

trump photo
Photo by IoSonoUnaFotoCamera

Det er tiår som sneglar seg avgårde. Ingenting skjer. Andre gonger kan det skje så mykje så fort, at det verkar som ein har fått eit heilt tiår i løpet av månader. 2016 har vore eit slikt år. Ein ven lanserte teorien om at det eigentleg var David Bowie som eigenhendig heldt universet saman. Det kan stemme, for etter at han la på røyret og drog tilbake til Mars i januar, har alt blitt merkeleg. Leicester vann Premier League. Florø rykka opp i eit eller anna boligbyggelag. Listhaug vart integreringsminister. Brad og Angelina skilde lag. Ari og Martha òg. Storbritannia melde seg ut av EU, og denne veka kulminerte det heile. Nei, eg snakkar ikkje om det sørgelige faktum at amerikanarane valde ein oransje klovn til president. Eg tenker på det vi kunne lese i Firdaposten tysdag. Sildebordet står i fare for å bli avvikla. No står ikkje verda til påske.[/caption]

Det er lett å slenge om seg med flosklar om at 2016 er det verste året noko sinne. Det er ikkje sant. Det er ikkje ein gong særskilt høgt på lista. 1349 til dømes. Året svartedauden kom til Bergen, var verre. Eller om du er indianar vil du hevde at 1520 er verre. Då kom koppe-epidemien til Amerika. Mellom 60 og 90 prosent av dei opprinnelege innbyggarane døydde av det. Samanlikna med 1942, der nazi-Tyskland verkeleg drog i gong Holocaust på austfronten, samtidig som japanarane massakrerte på i Austen, blir The Donald ei lett handterleg lita fluge i lagnadens spindelvev. Sjølv tanken på eit Florø utan Sildebordet blir berre eit lite kvepsestikk i den store samanhengen.

Nei. 2016 er ikkje det verste året – men kanskje er det det dummaste? Det teitaste året i manns minne? At IQ-en har hatt eit massivt dropp på berre ti-elleve månader. Eg har brukt mykje tid på å lese folk som skreiv om korleis Donald Trump aldri ville kunne vinne presidentvalet. I dag har eg brukt endå meir tid på å lese dei same folka fortelje om korleis dette kunne skje, og kva dette vil bety for Noreg og verda. Og om ikkje det overbeviser deg om at 2016 dumskapsåret, så har Mods varsla om nok ei gjenforeining, og siddisane går mann av huse for å høyre Tore Tang nok ein gong. Teit? Eg veit ikkje om ordet heilt strekkjer til, men ja. 2016 er det dummaste året nokon sinne. Om ein verkeleg skal avvikle Sildebordet finnest det knapt ei betre tid å gjere det på.

Dei som opplevde Svartedauden må ha trudd det var verdas ende, men om ein ser stort og kynisk på det, hadde denne pesten sine positive sider. Det var dei sjuke og svake som vart råka hardast. I fleire generasjonar etterpå hadde folket rett og slett mykje betre helse enn dei hadde hatt før epidemien. Når det var så mange som strauk med, vart det lettare for dei som overlevde. Brått kunne dei kreve betre arbeidsvilkår. Svartedauden vart starten på ei middelklasse i Europa, og alle veit kor viktig den har vore. Koppe-epidemien som herja i Amerika gjorde plass for europearar som søkte eventyr og rikdom i den nye verda. Fattig trøst for dei som døyr, men katastrofer skapar handlingsrom som kan utnyttast. Trump kan bli den verste presidenten, eller han kan overraske. Uansett kjem sigeren hans til å endre noko. Det kan vere ein bra ting. Det liberale demokratiet som vi trudde hadde vunne historia då muren fall, har vist seg å ha svakheiter. Førebels er det fleire spørsmål enn svar, men Brexit og Trump er teikn på at ei epoke er over. Nye tider krev nye løysingar.

No kan det hende at Melvær og dugnadsgjengen hans får stabla bordet på beina i 2017 også, eg håpar det. Det er mykje Florø-sjel i dei ukomfortable treborda og plastbøttene med sild. Men må dei kaste korta, gjeld det å sjå på dørene som opnar seg. I eit nederlag ligg det ein kime til siger. Byen er full av folk som vil vere med og skapa noko. Av ruinane kan det skapast noko nytt og endå betre, og lat oss vere ærlege: Ingen under 55 bryr seg filla om den der silda. Tufta på sild, meir fekk vi ikkje til, las eg i Kjippen for nokre år sida, men det er ein påstand vi kan motbevise. Både Trump og silda, vi skal overleve dette også.

Leave a Reply

%d bloggers like this: