web analytics

Når tryggleiken forsvinn

Kva skjer med eit samfunn der man ikkje lenger kan føle seg trygg? Der man mister trua på at storsamfunnet vil stille opp for deg om du treng det? Der politiet er langt unna, og ikkje alltid kjem når du ber dei om det? Der det offentlege ikkje høyrar på deg når du freistar å forklare korleis ståa er? Natt til laurdag gjekk fire mann til angrep på eit hus i bygda eg kjem i frå, Skotfoss i Telemark. Det kan ha vore eit resultat av nettopp ei slik situasjon der storsamfunnet sviktar og let lokalsamfunnet i stikken. I så fall er det skremmande.

I lengre tid har det budd fire brødre i eit lite hus på Skotfoss. Ein kommunal bolig. Heile tida har dei vore eit uromoment i lokalsamfunnet. Eg har fulgt fascinert med på Facebook, der det har vore rapportert om rus og kriminalitet. Dei har gått inn i hus kor dei ikkje har noko å gjere. Tigget etter penger, og bedt om hjelp. Eldre folk er livredde. Dei litt yngre låser dørene når dei er heime, gjer barna streng beskjed om å ikkje åpne for nokon om det bankar på og dei er aleine heime. Dei minste barna er dei redde for å slippe aleine ut døra. Politiet og kommunen har vorte kontakta fleire gonger, utan at noko har skjedd. Etterkvart blir nokon litt vel høge og mørke, og lanserar borgervern som ein siste moglegheit.

Og det er ikkje berre småkriminalitet eller antisosial oppførsel det er snakk om heller. Dei fire er alle saman formelt sikta, og fortsatt under etterforskning, etter at ein 60 år gamal mann vart funnen død i heimen deira i oktober i fjor. Dei er sikta for vald med døden til følge. Mannen hadde skader som tyder på vald, men obduksjonen har ikkje gjett noko svar på kva som var årsaka til at han døde. Politiet er ikkje ferdig med etterforskninga, men advokaten til ein av dei meinar at det neppe finnest bevis nok til at dei kan tiltalas. I kvart fall ikkje for det dei er sikta for. Fleire meinar det er snakk om drap, og oppfattar det som ei hån mot rettferd at dei fortsatt er på frifot og driv med sitt.

Eg kjenner saka berre frå lokalavisene og det folk skriv på Facebook. Dt er sikkert fleire sider ved denne saken, men ein ting verkar å vere klart. Dei fire har vore til pest og plage for det lille lokalsamfunnet på Skotfoss. Mange har vore redde, og nokon har hatt god grunn til å være sinte. På brødrene sjølv, sjølvsagt, men også på storsamfunnet som verkar makteslause. Dette kulminerte natt til søndag i forrige veke. Fire menn hadde tatt seg eit par glass på laurdagskvelden. Ein av dei hadde nettopp blitt frastjålen sykkelen sin, og nokon meinte å ha sett den, eller ein sykkel som ligna, utafor huset der uromomentene budde. Dei fire drikkekompisane fann ut at tida var inne for å ta ein alvorsprat med brødrene. Varden skreiv etterpå at dei hadde hatt med seg kniv og balltre, og ramponert huset deira. Gjerningsmennene sjølv seier at det var ein av brødrene som trakk kniven, og at dei ikkje hadde noko balltre med seg, men dei innrømmer at ein av dei brukte ein planke frå eit stakittgjerde å slå med. Ruter vart knust, huset gjort nærast ubeboeleg, før dei fire blei jaga på flukt når ein av brødrene brukte eit brannslokkingsapparat som forsvarsvåpen. Dei rømte gjennom skogen, men blei fort plukka opp av ein politibil. Avslørt av pulveret frå brannslokkingsapparatet. Prisen for moroa var 12 000 kroner i bot pr, hode, men det skal nok gå greit. For lokalsamfunnet har starta kronerulling for å dekke bøtene, og støtta er massiv i lokalsamfunnet.

Skotfoss er ei bygd, men den ligg berre 5-6 kilometer frå Skien, ein by av ein viss størrelse. Politiet svikta i å holde gatene og heima trygge likevel. I Sogn og Fjordane, der det er færre folk og større avstandar, legg politimesteren opp til å avvikle lensmannskontora i Selje, Bremanger, Jølster, Balestrand, Hyllestad, Askvoll, Gaular, Aurland, Luster, Lærdal eller Årdal. Brannvesenet må belage seg på å ta over politioppgåver. Det skal nok stort sett gå greit i Florø, men i litt meir grisgrendte strøk fryktar eg at følelsen av tryggleik kan falle fort. Skotfoss-saka er kanskje spesiell, men den visar at det kan gå ille når tryggleiken og tillit forsvinn.

Optimistane bak skriveborda i justisdepartementet og i Vest politidistrikt meinar at politireforma skal gje eit bedre politi. Også for oss i litt meir perifere strøk. Eg er nok litt meir skeptisk. Det er Black Friday i dag. Er det nokon som har sett nokre gode tilbod på balltre der ute?

Leave a Reply

%d bloggers like this: