web analytics
Warning: count(): Parameter must be an array or an object that implements Countable in /customers/8/a/2/hjorthen.org/httpd.www/wp-includes/post-template.php on line 284

The Killer Inside Me

vinyl photo
Photo by Phil Monger

Eg kan ikkje seie at eg angrar på det. Eg var ung, blakk, og trong pengane. Eg må likevel seie at den dagen eg selde vinylplatene mine var ein tung dag. Ikkje slik å forstå at dette er noko eg går rundt og tenkjer mykje på, men tanken slo meg tidlegare denne veka. Eg fekk plutseleg så lyst til å høyre Green on Reds fine «The Killer Inside Me» på nytt. Den kan eg ikkje streame på Spotify. Det sende meg ut på ei Google-jakt som enda med at eg fann ein fyr borte i dei svenske skogane som hadde plata, og godt kunne tenke seg å selje den. For den nette sum av 500 norske kroner. Pluss frakt. No veit eg ikkje lenger om eg er lei meg for at eg selde vinylen av di eg gjerne skulle hatt dei platene framleis, eller om eg er lei meg for at eg hadde fått ei lita formue om eg hadde selt dei i dag.

Eg er i lomma på Spotify. Sist gong eg kjøpte musikk som eit fysisk produkt var i fjor ein gong. Bob Dylan hadde gitt ut ei ny plate til stor åtgaum frå kritikarar flest. «Shadows in the Night» var tittelen. Men den var ikkje gjort tilgjengeleg for streaming. I eit svakt augneblikk på Platekompaniet i Bergen kjøpte eg CD-en, utan å vite kva eg sette i gong. Det viste seg då eg kom heim at eg ikkje lenger hadde noko slags apparat i huset som kunne spele av denne disken. Sjølv ikkje PC-en min har drev for avspeling av CD eller DVD no for tida. Eg brukte ei heil veke på å finne ut korleis eg skulle få høyrt den nye CD-plata mi. Eg måtte finne fram ei halvvegs øydelagt gammal PC med CD-rom, rippe plata, og legge musikken inn i Google Play der eg kunne spele den av. Mot eit lite gebyr på 99 kroner i månaden. Eg spelte den Dylan-plata ein einaste gong, og så gjekk eg tilbake til Spotify. Brennsikker på at eg aldri meir skulle kjøpe musikk på gamlemåten igjen.

Men eit frø var sådd. Plutseleg tok eg meg i å kjenne lukta av den første LP-plata eg kjøpte. Knitrelyden når stifta møtte rillene på plata. Omslaget, med songtekstar og informasjon om kven som spilte kva. Sennheiser-høyretelefonana som pressa på øyra. CD-enngen som akkurat rakk frå senga og bort til stereoen. No for tida er høyretelefonane trådlause, spelelistene fleire timar lange, og må ein på død og liv skifte musikk styrer ein det frå telefonen. Ein treng ikkje reise seg frå sofaen på timevis. Då vi var prisgitt vinylen, måtte vi i det minste reise oss og snu plata om lag kvart tjuande minutt. Er det rart ein har blitt tjukk og feit? Eg starta å lure på om eg ville bli slank og smidig igjen om eg berre gjekk til innkjøp av ei platespelar? Kanskje håret ville komme tilbake også? Plutseleg var eg inne på nettsida til Hi-Fi Klubben og sikla på eit raudt vidunder. «Vis omgjevnadene dine at du set pris på vinyl og kult design», stod det. Og prisen var dryge 4000 kroner. Røvarkjøp for å få ungdomstida tilbake, og kanskje høyre Stan Ridgway synge Camouflage med leirbålknitringa frå vinylen i bakgrunnen igjen.

Eg er ikkje idiot. I alle fall ikkje heile tida. Eg skjønte kva dette var for noko. Eg har ikkje råd til verken sportsbil eller blondine. Eg er for klønete og lat til å bryggje øl. Men sette på ei vinylplate på ei platespelar med god lyd og spenstig design, det kan eg få til. Det er omtrent på det nivået eg ligg. Det var midtlivskrisa som snakka. The Killer Inside Me. Heldigvis har eg medisin mot dette.

For nokre år sida las eg om noko som visstnok var ei ny trend i Storbritannia. Ein gjekk ut på byen for å høyre på ei vinylplate. På førehand var det annonsert kva for eit album ein skulle lytte til, og folk møtte opp for å høyre. Debutplata til The Stone Roses til dømes. Britane er jo noko for seg sjølv. Så sat ein der då, med bitteren sin, og lytta til plata frå start til slutt. Berre avbroten av at nokon, sikkert ein slank og smidig fyr, reiste seg og snudde plata halvvegs. Ein skulle ikkje snakke medan dette gjekk føre seg. Kom ein på ein kvikk kommentar, eller plutseleg skjønte at The Stone Roses eigentleg var noko skit, måtte ein halde det inne til plata var ferdig. Dette er idioti på eit nivå det er vanskeleg å forestille seg. Når eg blir freista av å skaffe meg platespelar på ny, er det tanken på ein pub full av folk som høyrer på «I Wanna Be Adored» i fullstendig tystnad som er medisinen. Det går verkeleg ikkje an.

 Ein kan ikkje stige ned i same elva to gonger seiest det. Ein kan heller aldri høyre Green on Red for første gong meir enn ein gong. Midtlivskrisa kan ta seg ei bolle. Musikk er best på boks, og vinyl er uansett berre plastikk. Eg stod i mot vinylidiotien denne gongen også.

Leave a Reply

%d bloggers like this: