web analytics

Tilfellet Sylvi Listhaug

listhaug photo
Photo by Sámediggi – Sametinget

Alt handlar om Sylvi Listhaug no for tida. Medan finansdepartementet i stor grad har dratt kampen og livsgleda ut av Siv Jensen, blomstrar Listhaug som aldri før i rolla som integreringsminister. I namnet, om ikkje i gamnet. Ho klarar stadig å hisse på seg sånne som meg. Politisk korrekte idiotar som ikkje skjønar at vi allereie ligg bak på lasteplanet på bilen, i full fart mot tipperampa på historiens skraphaug. Vi er hjelpelause. Samma kva vi gjer blir det feil. Vi har ikkje våpen som bit. Det er som om ho absorberar alt vi måtte kaste på ho. Ho blir sterkare for kvar einaste storm ho klarar å pådra seg. Av alle ting eg ikkje har svar på, er det dette spørsmålet som plagar meg mest. Kva skal vi gjere med tilfellet Sylvi Listhaug?

No har ho tatt Fabian Stang som gissel. På Facebook har dei eit juleønske. Lat oss stå saman, seier dei, om å gjere jula litt betre for kristne forfulgte verda over som blir mishandla, undertrykt og drept. Korleis skal vi gjere det? Jo, ved å sende ei slant til organisasjonen Åpne dører.

Det er fint om vi får vite meir om korleis det står til med kristne i andre delar av verda. Det er rett at dei blir både mishandla, undertrykt og drept nokre plassar. Det er berre nokre få dagar sida 25 mennesker vart drept i ei eksplosjon rett ved den koptisk kristne Sankt Markus-katedralen i Egypt. Dette treng vi å vite meir om. Kvifor skal vi no bli sinte på Listhaug igjen? Er vi blitt gale alle saman?

Ja, ein kan jo lure. Problemet er at Listhaug ikkje kan gjere noko utan å framstå polariserande. Ho kan ikkje seie noko om forfulgte kristne utan å legge inn eit stikk til motstandarane sine. Dere veit, den der innsamlingsaksjonen Kristoffer Joner ba oss om å gje litt penger til NOAS i Sylvi Listhaugs namn. I følge Sylvi og Fabians julehilsen var dette penger som gjekk til å løne byråkratar i Noreg. I motsetnad til deira innsamlingsaksjon der pengane går til å hjelpe folk som treng det. Der dei er. Som om ikkje regjeringa Solberg har satt ny rekord i avlønning av byråkratar dei siste åra?

Ho kunne ha sagt at pengene gjekk til å sikre rettstryggleiken for asylsøkere etter at hennar regjering kutta støtta til NOAS. Det hadde vært mer rett. Ho kunne også ha latt være å nemne den aksjonen med eit einaste ord, og framstått raus og inkluderande Men Listhaug er ikkje opptatt av å være raus. Ho er ikkje mi minister. Ho er minister for fansen. Ikkje resten av oss.

Det andre problemet er organisajonen ho velger å gje pengane til. Åpne dører er ein religiøs organisajon. I årsmeldinga deira for 2015 kan vi lese at arbeidet deira internasjonalt har vore å “distribuere bibler og anna kristen litteratur, gi traumebehandling, yte mikrokreditt, og gi humanitær hjelp til menigheter og kristne som ber om det”. I 2015 var det 80 norske kristne som dro i felten for å oppmuntre og styrke forfulgte kristne, be, og i noen tilfeller levere bibler og kristen litteratur. Mange blir velsignet og forandret av dette, skriver dei. Heimearbeidet dreier seg ellers om å engasjere til bøn og personleg innsats.

Vi er altså i ei situasjon der Aleppo i Syria er den verste krisa hittil i vårt århundre. Vi er alle rysta av bilete og forteljingar som kjem ut derfra no. Men vår integreringsminister ber oss om å støtte ei organisasjon som rettar seg kun mot kristne. Som er i opposisjon til islam. Som verkar å være minst like opptatt av misjonering som av bistand. Om ein verkeleg vil hjelpe folk i naud er det fleire organisasjonar det hadde vore meir naturleg å velge.

Vi har ein integreringsminister som gjer alt ho kan for å skaffe seg fiender, av di det er politisk smart og styrkar eiga posisjon. Ho driv opposisjonspolitikk i posisjon. Ho skitnar til alt ho kjem borti. Gjer integrering vanskelegare. Ho syner ei total mangel på rolleforståelse, men ho veit akkurat kva ho gjer. Om nokon PK-idiotar, som meg, skulle finne på å ta til motmæle er det berre eit pluss. Det hjelper på. Gir meir misnøye til dei flammande hjarta som livnærar seg på slikt. Jo meir vi protesterar, jo sterkare blir ho. Jo meir vi hever røsta, jo sintare blir dei som heier på ho. Jo meir vi tek bladet frå munnen, jo større blir avstanden. Og for kvar gong blir kløfta litt større. Men kva anna kan vi gjere? Skal vi berre halde kjeft?

Eg kan ikkje gjere anna enn å appellere til den heiderlege delen av Høgre som eg ein gong satte stor pris på. Om dykk vil ha min stemme ved stortingsvalet neste år må noko gjerast med tilfellet Listhaug. Fire år til med dette er uaktuelt. Med venleg hilsen Hylekoret

Leave a Reply

%d bloggers like this: