web analytics

Gullfiskterapi

goldfish photo
Photo by watts_photos

Som barn brukar man mykje av tida til å gå og grue seg til ting. I kvart fall gjorde eg det. Det var mykje eg syntes var skummelt, ekkelt, dødskjedeleg, vondt, utriveleg, som eg gjorde likevel av di dei vaksne tvang meg til det. Vaksiner, tannlegen. besøk hos fjerne slektningar ein ikkje kjente. Første skuledag. Neste skuledag. Å rekke opp hånda for å si til frøken at ein måtte på do. Litt seinare vart eg sendt på internatskule i vekene, og brukte dermed store deler av helgene på å grue meg til å reise tilbake dit. Nokre år seinare brukte eg vekene på å grue meg til å reise heim att i helgene. Kanskje eg grua meg meir enn dei fleste, eg veit ikkje, men noko av det finaste ved å bli vaksen er at man sluttar å grue seg så mykje. Det er mykje som er et ork, men ein gruar seg ikkje til det. Det er fint.

Men eg gruar meg fortsatt til tannlegen. Eg hatar heile prosessen. Frå å ta kontakt for å bestille time, via dei lange minutta på venterommet der ein håper ein skal falle død om før nokon rekk å rope opp namnet ditt, til du sitt der i stolen med kjeften full av redskap og freistar å signalisere at du vil ha meir bedøvelse. Og så kjem sjølvsagt regninga til slutt, og må du ikkje ha ei veke på distriktspsykiatrisk senter etter det er du ein ganske robust person. Eg grua meg nok enda meir når eg var barn, men det er fortsatt ganske ille. Og når ein er vaksen er det jo ingen der som kan true deg til å gjere dei tinga du gruar deg til. Dermed lar ein ofte bli å gjere dei, heilt til det ikkje lenger er nokon veg utenom. Der er litt dumt.

Dette er slikt eg satt og tenkte på når eg for ei veke sida ved ei inkurie fann meg sjølv på venterommet til eit tannlegekontor. Eg var litt i stuss. På veggen hang dei eit ark som ba meg slå av mobiltelefonen. Rett ved sida hang det eit anna ark som fortalde meg at dei spanderte gratis wifi mens eg venta. Men korleis i hulaste skulle eg få gjort meg nytte av det generøse tilbodet om gratis surfing, når eg allereie hadde slått av mobiltelefonen? Dette var dobbeltkommunikasjon. Var det gjort med vilje for å føre pasientane inn i ei grad av forvirring? Ein listig plan for å få oss til å gløyme å kreve premie når vi er ferdige? Eg gav opp å finne nokon fornuftig forklaring. Eg vende i staden merksamda mot akvariet i hjørnet. Kva er det eigentleg med tannleger og akvarier?

Var det berre noko eg billa meg inn, eller har overraskande mange tannleger akvarium på venterommet? Eg tok ei kjapp sjekk på Google for å undersøke dette, og det var faktisk noko i det. Det visar seg at det finst noko som heiter akvariumterapi. Det skal eksistere studier som hevdar at pasientar som får sjå på fisk i fine fargar svømme rundt i ei glasboks full av vatn treng mindre smertestillande. Stress og engstelse reduserast. Det er nesten som hypnose. Det er ikkje berre hos tannlegen det kan brukast heller. Akvariumet skal ha god effekt på appetitten til folk med Alzheimers. Tru det eller ei. Sjølv er eg litt usikker på det der med matlysten. Eg hadde ei gong ein gullfisk i ei bolle, og det var ikkje akkurat appetittvekkande å sjå på den når eg hadde slurva litt med vannbyttefrekvensen. Eg hadde berre ein fisk, eg kalla den for Placebo, men særleg flink var den nok ikkje. Eg kan ikkje minnast at eg vart særleg rolig av å sjå på stakkaren svømme rundt og rundt heile dagen lang.

Hos tannlegen ser eg på alle dei små fiskane, og lurar på kvifor dei heile tida driv og trykker ansiktet sitt mot glasveggen som vender ut mot venterommet. Her har dei eit stort akvarium å boltre seg i, men alt dei gjer er å henge rundt kanten og kikke ut i rommet. Men så slo det meg. Dei har sjølvsagt veddemål gåande om kva slags behandling eg treng. Kor lenge eg blir sittande i stolen. Om eg klarar å gå ut igjen ved egen hjelp. Dei veddar sikkert på kor høg regninga blir også. Ler dei av meg? Eg trur det! Eg kjenner eg blir forbanna. Fiskejævlar. Ikkje eit fnugg av empati å spore nokon plass. Heldig for dem at eg blir ropt opp før eg får reist meg og gjett dei små drittfiskane ei lærepenge dei seint vil gløyme. Men eg skal nok ta dei!

Eg skal tilbake ei gong til. Og denne gongen er det ikkje berre eg som bør grue meg!

Leave a Reply

%d bloggers like this: