web analytics

Jom, jom røsk meg i balla

captain cod photo
Photo by Global Ranger

Onsdag i førre veke vart supporterklubben Stimen offisielt stifta, med Jon Håvard Strømsnes som klubbens aller første leiar. Dette er stas. På stiftingsmøtet var fleire opptekne av at supporterklubben måtte ha eit familievennleg image, noko den nyvalde leiaren gav si fulle tilslutning til. «Vi skal vere ein familievennleg folkesupporterklubb for Florø», sa Strømsnes. Det vil framleis vere lov å skjelle ut dommarar på det grovaste, men familien deira skal vi vere greie med, forklarte ein representant som helst ville vere anonym. Det er uklart om det framleis vil vere lov å ønske død og fordervelse over spelarar frå Førde, eller om grensa nå skal gå ved buksevatn. Den diskusjonen er uansett reint teoretisk, i og med at Førde knapt har noko fotballag å snakke om nå for tida.

Medan supporterklubbane gjer så godt dei kan for å rydde opp i rasisme, homofobi og alt slikt som gjer at folk lurar på om det er greitt å ta med seg barna på fotballkamp, har det motsette skjedd i den politiske diskusjonen. Den danna samfunnssamtalen liknar meir og meir på ein fotballkamp, der vi alle saman sit og heiar på kvar vår side, som var det fotballsupporterar vi var. Før måtte vi gå på kamp for å høyre Klanen synge om å valdta våre horer, og knulle våre kyr. Nå held det med eit lite dykk ned i kommentarfelta på Facebook for å finne liknande språk, men no er det ikkje dei helsikes bøndene med fotballdrakt i andre fargar som skal få det, no er det dei politiske motstandarane. Landssvikarar, kulturquislingar, vietnamesermegger og høgrefascistar. Ta dei med i Toyotaen til Magdi og gje dei ei omgang dei seint vil gløyme. Og det har spreidd seg frå dei sosiale media og ut i det offentlege. Det held vel å nemne Donald Trump? Eg tek meg i å lengte tilbake til den gongen hooligans var hooligans, og politikarar politikarar. No veit eg ikkje lenger kva som er kva. «Jom Jom røsk meg i balla», som vi ropte på Falkum den gongen eg var aktiv i supporterklubben til Odd.

Ja, eg skreiv aktiv, men for det meste sat vi jo på baken. Anten på tribunen, eller i ein buss på veg til bortekampar på Fåberg og i Drøbak. Vi var kledd i kvite kjeledressar, med Oddepila, og alle som hadde kjeledress fekk delt ut eit yrke. Eg vart av mystiske grunnar utpeikt til å vere politi. Eg hadde rappa to spekulum av far min, som hadde litt av kvart liggande sjølv om han hadde slutta å praktisere som lege. Dei hadde eg teikna auge på slik at dei såg ut som gakk-gakkar, og om eg hugsar rett hadde eg bunde dei fast i kvar sin snor på lua eg hadde på meg. Og det var ikkje ei kva som helst lue. Det var ei slik varm pelskledd lue av den typen eg kunne kalla for bjørnefitte om eg berre hadde vore litt meir vulgær. Med lua og kjeledressen var eg klar til kamp. «Vi drikk mjølka bar. Rett frå juret», skreik vi på stadion. Men vi drakk den mest frå kartongen altså, det var berre skryt.

Det er mykje som skal på plass no som det skal spelast toppfotball i byen. Supporterklubb er vel og bra. Det neste steget må vere å få ein maskot på plass. Alle klubbar som er å rekne med har ein maskot. Odd har ei bie som dei har kalla Brodd. På kampane hoppar og dansar den rundt, dansar sexy bak målet, og ein gong gav den ein Fredrikstad-spiss ei øyrefik. I Premier League er det enda verre. Der har Swanseas maskot, svana Cyril, hamna i trøbbel med politiet fleire gonger. Ein gong drog den hovudet av maskoten til Millwall og sparka det opp på tribunen. Eg veit ikkje korleis det passar inn i Stimens familieprofil, men eg meiner det må vere ok. Florø treng altså ein maskot, og at det må vere ein sild, det er udiskutabelt. Man kva skal namnet vere? Sildheim-Olsen? Sildveig Willfisk? Frank Silly? Eg veit ikkje, kanskje Firdaposten kan arrangere ei namnekonkurranse?

Men har vi råd? Eit skikkeleg, spesiallaga, maskotkostyme kostar fort frå 50.000 kroner og oppover. Det har vi råd til. Det er berre ein sjettedels polentur for tiande klasse. 293 sekkar, eller 451.220 meter med toalettpapir. Dugnad for maskot til Stimen og Florø fotball? Jom jom, røsk meg i balla. Eg er med!

Leave a Reply

%d bloggers like this: