web analytics

Korleis konsumere kultur?

Laurdag kveld hadde vi i filmklubben invitert to unge filmskaparar frå Tromsø nedover for å vise fram ei film som dei har jobba med nokre år. Tullerusk heit den, og det var kanskje ei passande tittel på heile prosjektet. Både vårt og deira. Nattkino på laurdag kveld. Der satt eg, og dei to filmskaparane, og venta på folk. Vi prata om film medan vi venta. Om korleis det er å vere den einaste i salen på ein film. Vi var alle einige om at vi hadde hatt fleire av våre finaste filmopplevingar på filmar der vi var aleine i salen. Men skulle vi bli aleine i salen denne kvelden også? Det så stygt ut. Vi skjulte det så godt vi kunne, men desperasjonen steg. Det lå an til å bli ei slik tragisk historie som ikkje ei gong er morsom i ettertid. For meg som vert og arrangør var det smått pinleg. For gutta frå Tromsø, som hadde gleda seg til å få sine første reaksjonar frå eit uhilda publikum var det berre trist.

Eg trur vi ofte undervurderar kor mykje kulturopplevingane våre blir påverka av alt mogleg anna enn sjølve verket. Anten det er rundt oss, eller inne i oss sjølve. Kor mange ganger har ein ikkje opplevd å bli skuffa av ein film som man har gleda seg til lenge? Gått rundt og bygget opp forventningar. Klart det må krasje. Forventningar. Ramma rundt det heile. Lokalets utforming. Kva slags drikke dei serverar i baren. Kven man går saman med. Har utøvaren ein god dag? Arrangøren? Kva med oss selv? Regner det ute? Er du sliten? Alt spelar inn. Eg trur det er lurt å vere klar over det. Påfallande ofte er dei beste kulturopplevingane dei ein får når ein ikkje heilt veit kva ein går til. Det gjeld å nullstille. Åpne for nye inntrykk. Prøve noe nytt. Må alt vere fantastisk bra? Må vi skjøne alt vi ser? Må alt vere ei publikumssuksess før det har noko verdi? Nei. Sjølv om ikkje det som skjer på scenen heilt klarar å fange deg inn, skjer det noko med hjernen vår når vi er tvunget til å sitte stille i ein time og ikkje kan fiske fram mobiltelefonen for å avlede tankane. Tankane gjer seg til å vandre. Kanskje tenker du nye tankar? Det treng ikkje ein gong ha noko med teaterstykket å gjere, berre med settingen, og det er verdifullt. Vi burde stoppe opp oftare. Gå oss vill i tankerekkene våre. Nullstille. Puste.

Vi har gjerne ei oppfatning om at kulturopplevinga berre skal gå ein veg. Frå scene til publikum. Vi set oss i stolen og seier, værsågod, underhald meg. Og nokre gonger er det slik det fungerar også, men det treng ikkje vere slik. Som leverandør av kultur gjennom den lokale filmklubben er eg ofte ekstra var på korleis folk opplever filmane vi setter opp. Dei blir babyane mine. Eg vil at alle skal elske dei. Medan filmen rullar sit eg i salen og kjenner på stemninga. Likar dei dette? Er dei med? Skjer det noko? Eg tenker at berre vi klarar å gje i kvart fall ein person ei filmoppleving ho kjem til å hugse lenge er eg nøgd. At vi har fått noko til å skje, inne i hovudet til eit anna menneske. Noko som ikkje hadde skjedd om det ikkje var for oss. Det er nok. Eigentleg er det ganske stort, og når vi treff skjer det noko inne i oss også. Vi veks på det. Kulturoppleving på sitt beste går begge vegar. Frå utøvar til publikum, til arrangør og tilbake igjen.

Laurdag kveld igjen. Klokka tikker mot tidspunktet der filmen skulle starta. I det vi er i ferd med å resignere og gå på Bua for å slukke sorgene går døra opp. Inn kjem Roald Leivestad, og han skal sjå film. Gutta held si innleing og fortel om prosjektet. Eg startar filmen, og under over alle under. Leivestad ler når han skal le. Han likar faktisk filmen, i all si uferdige prakt. Og for kvar gong han ler lettar stemninga i salen. Når filmen er ferdig er vi glade alle saman. Det som lå an til å bli eit nederlag for både meg og gjestane blir plutseleg snudd til siger. Eller i det minste ei god historie. “Det kom EN person, og det var fankern meg sjølvaste kultursjefen. Og han LIKTE filmen”.
Meir skal det ikkje til. Nokon gonger er det nok med ein. Etter filmen gjekk vi på fest og drakk punsj. Alle var einige om at det hadde vore ei triveleg helg.

Leave a Reply

%d bloggers like this: