web analytics

Dugnadsbollar og dødsleirar

auschwitz photo

Debatten for og i mot dei dyre Polenturane for ungdomsskuleelevar rasar i bystyret, rundt frukostbord og på sosiale medier for tida. Argumenta haglar frå alle kantar, slik dei gjorde sist debatten var oppe og rådmannen måtte gå inn og presisere at gratisprinsippet skal følgjast – utan at turane blei noko særleg mer gratis av den grunn. Om ein reknar med lommepengar og anna forefallande, kan turane fort komme opp i 250.000 eller meir. Eller snaut 1100 sekkar med dugnads-toalettpapir som kan selgast vidare med ei dekningsgrad på over 50 prosent. Eller låg avanse, som Hanne Husebø Kristensen kalla det under debatten i bystyret. Ho sel openbert ikkje mobiltelefonar, for å seie det slik, men lat oss ikkje spore av dette spaltetoget allereie i første avsnitt. Det er mykje vi skal gjennom i dag.

Vi er alle einige om at klasseturar er ei fin greie som kan ha ei god effekt på samhald og klassemiljø. Spørsmålet er om det verkeleg treng å koste ein kvart million kroner, eller ein million sekshunde og nittifiretusen meter med toalettpapir, å teambuilde klassane. Ja, eg trur faktisk alle er einige om at det er mogleg å gjere dette langt billegare, om det er det som er hovudfokus. Men då kjem trumfkortet fram. Andre verdskrigen. Auschwitz. Kven kan vel argumentere mot sjølvaste Holocaust? Dette uforståelege folkemordet som vi aldri må gløyme. Den ultimate ondskapen. Det er så viktig at elevane får med seg dette. Det er vaksine mot ekstremisme og fascisme, må vite. Vil du at ungane våre skal vakse opp og bli Quislingar? Terboven? Kanskje Hitler sjølv? Nei, sjølvsagt ikkje. Ein kan ikkje sette noko pris på slikt. Ungane må til Polen, og det fortare enn svint. Vil du kjøpe ein kakeboks?

Du synest kanskje eg sette det på spissen no, men eg gjorde eigentleg ikkje det. Helga Arntzen, som grunnla Alternative fredsreiser på nittitalet, advarte for nokre år sidan kunnskapsministeren om at ein nedgang i talet på ungdommar som drog på slike skuleturar til Tyskland og Polen, ville kunne føre til ei auke av nazisme og nynazisme her i landet. Er det ikkje verdt 70 boksar av Nissemors Pepperkakehjerter å halde vesle Per utanfor byens nynazistiske miljø kanskje? Nei, det er ikkje lett å argumentere mot dødsleirane og alt du lærer på tur medan du byggjer samhald og gode venskap. Eg tenkte eg skulle prøve likevel.

For eg trur faktisk ikkje at eit besøk i Sachsenhausen fungerer som noko vaksine mot nazisme. Eg trur ikkje ein gong det trengs. Nazismen er ein daud ideologi. Den var eit produkt av spesielle tilhøve i si samtid, og vart ettertrykkeleg knust under andre verdskrigen. Den vil ikkje reise seg igjen. Nynazisme er og forblir eit heilt marginalt fenomen. Truslane mot det liberale demokratiet i dag kjem ikkje frå den kanten. Korleis vi skal kjenne igjen dei nye truslane, og kva vi skal gjere for å kjempe mot dei, det lærer vi ikkje på emosjonelt utmattande konsentrasjonsleirturisme.

Skal ein lære noko meir enn historie av desse turane, må vi sjå på korleis mengder av vanlege folk var med og gjorde folkemordet mogleg. Ikkje berre tyskarar. Nordmenn også. Frå dei norske vaktene i dødsleiren i Beisfjord, der tre av fire krigsfangar døydde. Til dei mange som utan å protestere, gjorde det mogleg å deportere dei norske jødane. Politi og lensmannskontor. Statistisk Sentralbyrå. Administrasjonsråd, kommunar og fylkeskommunar. Drosjesfåførar leigde inn for å frakte dei til hamna i Oslo, der SS overtok dei frå det norske politiet. Det kunne vore meg. Det kan bli femtenåringen på klassetur i framtida. Det er her potensialet ligg. Spørsmålet er om det blir utnytta, eller om det blir ein slik tur der ein reiser ned for å sjå på all ondskapen nokon andre stelte i stand.

Sjølvsagt skal elevane lære om Holocaust og andre verdskrigen, men skal vi bruke fleire hundre tusen kroner på det, må vi i det minste sikre oss at vi oppnår det vi vil. Det faglege innhaldet må vere godt nok. Klarar vi det når det ikkje er skulen, men foreldra, som planlegg, og gjennomfører turane? Er kontrollen med læringsutbyttet god nok? Eg er skeptisk, men reknar med at nokon no meinar at eg får ta meg ei bolle. Fortrinnsvis Pappas punsjboller til seksti kroner boksen. Eg tek to.

Leave a Reply

%d bloggers like this: