web analytics

Flax i bakevja

Du veit du har hamna i ei bakevje når du ser lokalavisa til nabobyen juble over 40–50 nye statlege arbeidsplassar, medan herverande lokalavis gledestrålande skildrar korleis vi har fått nye trafikkskilt i Brandsøya som skal få ned tala på hjortepåkøyrsler. Ikkje for å snakke ned tiltaket. Eg er ei ihuga fan av alle som kjempar for å redde hjorten frå ulykke og liding. Særleg etter førre fredags spalte, der enkelte skriveføre dugnadsforkjemparar nok kunne tenke seg å køyre særleg denne byhjorthen ut av vegen. Det er likevel vanskeleg å seie noko anna enn at det blir litt puslete med blinkande trafikkskilt i den store samanhengen. Eg får assosiasjonar til når den store kvite mann kom til Amerika og kjøpte indianarane sitt land med glasperler og eldvatn. Her ute må vi til og med kjøpe brennevinet sjølv. Ein får berre venne seg til det. Florø er ei bakevje, trygt og godt plassert i enden av ei blindgate, men regjeringa kunne i det minste ha lata som om dei brydde seg. Dei kunne ha sendt oss nokre flaxlodd.

Denne veka skrapa eg åtte flaxlodd. Eg hadde ikkje kjøpt dei sjølv, dei var premie for eit eller anna bra eg hadde fått til på jobben. Eg kjøper aldri flaxlodd. Kan ikkje hugse sist eg gjorde det, men det må ha vore på nittitalet. Eg hugsar følelsen. Korleis ein skrapa eitt og eitt tal, heilt til ein sat igjen med berre eit tal å skrape. Støkket i magen når du trudde du hadde skrapa fram 500.000 tre gonger. Den milde skuffelsen når det viste seg at det siste talet var 50.000 i staden, og det ikkje vart nokon gevinst denne gongen heller. Det var spanande ei gong eller to, men ein vann jo aldri. Til slutt vart eg lei av å føle meg lurt. Når eg no skrapa desse åtte lodda mine var det ikkje det minste spanande lenger. Eg vart overraska over meg sjølv. Eg vart rett og slett forbanna. Eit heilt irrasjonelt sinne, og jo meir eg skrapa, jo meir forbanna vart eg.

Det var slike flaxlodd med bonusrunde. Vann du ikkje på hovudfeltet kunne du alltids skrape bonusfeltet og tape på det også. Eg skrapa altså 16 felt, og alltid same greia. To like tal. Mangla berre det tredje som gjer gevinst. 1.000.000 eller 100.000? Ved første augnekast er det ikkje så lett å sjå forskjell. Det var likevel ikkje noko spanande. Berre lureri. Eg visste eg ikkje kom til å vinne. Eg gav blaffen. Det var litt som å dra på blåtur med jobben. Den der dumme leiken der ein køyrer i motsett retning av dit ein skal for å lure folk. Som om ikkje alle har vore på litt for mange blåturar før og veit akkurat kva det går i. Det er så infantilt, så barnsleg, at ein berre blir sur av det. Men det er mogleg det berre er meg. Det er ofte det.

Flaxlodd, Lotto, Norsk Tipping og alle dei utanlandske spelselskapa. Det er berre lureri. Halvparten av oss driv med pengespel, og det er heilt idiotisk. Hadde vi sett pengane vi bruker på Lotto inn i pensjonssparing i staden, kunne vi i det minste sett fram til å nyte vårt otium som pensjonistar i sus og dus, men nei då. Kvar veke er det inn med lottokupongen. Alle veit jo at pengespel på mange måtar er ei ekstraskatt på dei fattige sin draum om ein suteslaus økonomi. Der dei rike spelar på aksjar, og kan trekke det dei taper av på skatten, må dei fattige halde seg til Lotto og Flax-lodd, og får ikkje noko frådrag for alle dei bortkasta kronene. Det er ikkje rettvist. Er det rart ein blir sur? Her står eg og skrapar på meg senebetennelse for å få bonus, i ei bakevje av ei by, medan oppkomlingane i Førde slår seg på brystet med nye statlege arbeidsplassar. Og nokon trur at det blir statlege arbeidsplassar på oss også, berre vi får slått oss saman med Vågsøy? Det er omtrent like optimistisk som å bruke lommepengane på flaxlodd.

Vi får vere glade for det vi har. Eg føler meg langt frå sikker på at dette endar opp med nye arbeidsplassar i Førde når prosessen har gått sine rundar. LO raslar med sablane. Oslo-politikarane er sure, og det er uansett berre snakk om ei utgreiing på dette stadiet. Førde er ikkje ein gong det einaste alternativet. Trafikkskilta i Brandsøya, handfaste og blinkande prov på at Flora kommune tek vare på hjorten, er i det minste allereie på plass. Det er betre enn bompengar. Kanskje er det vi som ler sist?

Eg vann dessutan 25 kroner på det siste flaxloddet. Dette blir ei fin helg. Hurra.

Leave a Reply

%d bloggers like this: