web analytics

Den personlege dommen

myers-briggs photo
Photo by JoeInSouthernCA

Det er omtrent ikkje mogleg å få seg ein jobb her i landet, utan først å måtte gå gjennom ein eller flere personlegdomstestar. Testar som dei meinar skal fortelle din potensielle nye arbeidsgjevar om kva slags type du er, kva du er god til, og sjølvsagt også kva du er mindre god til. Dei har nemleg funne ut at den tradisjonelle metoden med intervju og referansesjekk er særs upåliteleg som rekrutteringsmetode. Og feiltilsettingar er dyrt. Det kostar norske selskap milliardar av kroner kvart år. Ei enkel glipp kan koste frå femhundre tusen og oppover, og i verste fall blir du aldri kvitt den inkompetente gjøken du ga jobben til, for som vi alle veit er det umogleg å gje nokon sparken her i landet. Løysinga på dette er såre enkel. La eit rekrutteringsbyrå ta seg av jobben. Dei køyrer kandidatane gjennom ein personlegdomstest først, for å luke ut dei håpløse folka. Først når ein står igjen med eit par-tre kandidatar koblar man på dei som faktisk skal tilsette, og man køyrer ei siste intervjurunde. Kanskje får man ei case man skal løyse. Kanskje ikkje. Dette er ei metode som skal minimere risikoen for at man gjer jobben til feil person.

Men korleis sikrer vi at vi gjer jobben til rett rekrutteringsbyrå? Eit søk i Brønnøysund gjer oss 129 treff om vi søker på rekruttering. Korleis lukar vi ut sjarlatanane? Kan vi tru at dei same folka som ikkje er kompetente nok til å finne ein dugande person til å sitte i kassa på Kiwi er gode nok til å plukke ut det beste rekrutteringsbyrået? Eg har mine tvil. Og tenk. Om det potensielt kostar meir enn ei halv million blanke kroner å tilsette feil person, kor mykje kostar det ikkje då å hyre inn feil rekrutteringsbyrå? Det blir svinedyrt!. Eg ser for meg at dette må vere ei åpning for ein driftig grundar. Eit rekrutteringsbyrå som hjelper selskapa å rekruttere det beste rekrutteringsbyrået. Her bør det være mogleg å utvikle ei fin kvasi-vitenskapeleg metode, kalle den noko smått imponerande, og sette i gang med å skrive faktura med gaffel. Framtida er så lys at du må bruke solbriller og høg solfaktor på solkremen.

Sjølv er eg djupt skeptisk til personlegdomstestar. Det kjem nok av at der eg har hatt ei ganske god hitrate dei gangene eg har søkt jobb på gamlemåten, ved å sende inn søknad og CV. Eg har som oftast blitt kalla inn til intervju i det minste. Det kejm sikkert av at eg er relativt god til å skrive, og ikkje har noko problem med å komponere ei søknad som stikk seg ut i mengda. Dette er eit framtrinn eg ikkje dreg med meg inn i den moderne tida. No les dei ikkje søknaden min i det heile tatt, dei berre sender ut ei link i ei epost. Invitasjon til å ta ei test. Kanskje får du til og med lov til å ta ei test til etter det, men så er det stille. Ikkje eit pip. Ikkje bra.

I følge Myers-Briggs Type Indicator, som er ei variant av desse testane som er mykje brukt i rekrutteringsøyemed, er eg av typen INTP. Det vil seie at eg er intellektuell, presis, reservert, fleksibel og kreativ. Ein original tenker som likar å finne oppfinnsome løysingar på problemer. Det høyres jo vel og bra ut, men samtidig er vi INTParar ofte litt utilpass i sosiale situasjonar. Vi likar ikkje hierarki, og blir fort utålmodige og småirritert på unødig byråkrati. Det høyres ikkje like bra ut, eg ser jo det. Det kjennes på ei måte tyngre å ikkje nå opp når det er ei slik personlegdomstest som er nålauget. Det er jo ikkje tidlegare erfaring, eller formell kompetanse som dei finn ut at eg ikkje har nok av. Det er sjølve personlegdomen. Det er den eg er. Kanskje eg rett og slett har ein personlegdom som ikkje er kompatibel med det å være i jobb. Dei vil ikkje ha mi type, det er ei personleg dom, og den svir, eg må innrømme det. Det einaste positive er at arbeidsgjevarane ikkje har hatt verktyg til å avsløre dette før nå i nyare tid. Eg må jo ha blitt feiltilsett ei rekke gonger, og dermed kosta norsk næringsliv millionar av kroner!

Men kor i all verda har disse pengane eigentleg blitt av? Dei har i kvart fall ikkje hamna på mi eiga konto. Kven er det som meskar seg i feiltilsettingskroner? Kan eg ha penger til gode ein plass? Eg krev ei gransking, dette må vi til bunns i. Er det nokon som veit om eit godt granskingsbyrå?

Leave a Reply

%d bloggers like this: