web analytics

Kultur på dugnad

Eg kom over ei vakker, men også litt trist historie her om dagen. Eg tenkte eg skulle formidle den vidare her, til allmenn inspirasjon og ettertanke. Om alle saman no berre tek på seg eventyrbrillene, så reiser vi av stad. I tid og rom dreg vi. Tilbake til 2009, til ei lita øy utanfor Brevik i Telemark. Sandøya er namnet. Samanlikna med dei ville og vakre øyene i Flora-skjergarden er den kanskje ikkje så imponerande, dei har ein kolle på 60 moh. som dei kan gå opp på om dei vil ut på tur, men det er ein fin plass. Ekte idyll. På sommaren kjem feriefolket strøymande til hytter og campingplass. Då doblar innbyggartalet seg, men når hausten kjem er det berre dei lokale att. 300 tapre øyfolk som held ut, og held saman, ein ørliten ferjetur frå Brevik.

Men i 2009 var det dårleg stemning på Sandøya. Butikken vart lagd ned året før, og no var det tid for den store skulestrukturdebatten i Porsgrunn kommune, som Sandøya høyrer til. Dei låg an til å miste skulen sin. Alt var tungt og trist. Skulle dei miste alle møteplassar? Noko måtte gjerast. Noko som kunne samle øyfolket. Men kva? Fem av øyinnvånarane fekk ein vill idé. Dei tok turen til Risøya, mellom Lyngør og Tvedestrand, og der la dei 300.000 blanke kroner på bordet. Deretter drog dei heim att med ei gammal frakteskøyte, bygd i 1957, ein eller annan plass ved Sognefjorden. Når dei kom heim at stifta dei Foreningen Lyngholmen, frakteskøyta vart omgjort til Kulturskøyta Lyngholmen, og vips så var dei innehavarar av det som med ganske stor sikkerheit må kunne kallast Norges minste kulturhus. Med 45 personar om bord er det bra fullt. Kanskje er det også det billegaste kulturhuset i landet? Til samanlikning kosta det nybygde kulturhuset i Porsgrunn, Ælvespeilet, 227 millionar offentlege kroner.

Kulturskøyta Lyngholmen har vore i drift heilt sida då, frå september til mai kvart år. Eit lågterskeltilbod der det er viktig at det ikkje berre er konsertar og ting ein måtte betale for, men også andre ting. Konsertar, foredrag, quiz, film og open mikrofon. Piratturar for dei små. Annakvar helg har dei eit eller anna arrangement. Alt saman drive på dugnad, og det har gått rundt. Folk har stilt opp og hjelpt til når det har vore naudsynt, og publikum har komme frå heile nærområdet. Om sommaren har dei stengt, slik at dugnadsgjengen har fri når vêret er fint, og folk treff kvarandre uansett. Har det vore pengar til overs har det gått til vedlikehald. Det er ei vakker soge om privat initiativ, og kor mykje det er mogleg å få til med lite, berre ein har nokre som går i bresjen.

Tilbake i Florø, med eventyrbrillene av, kan vi ta ein kikk på vårt eige lokale kulturliv. Det er ikkje nokon tvil om at det er rikt, og mangfaldig. Det er mykje som skjer, heile tida. Det er mykje å vere stolt av. Likevel synest eg Kulturskøyta Lyngholm representerer noko vi manglar. Etter at Blomsterhagen stengde dørene har det vorte veldig tydeleg. Vi treng ein møteplass der dørstokken ikkje er for høg. Ein plass der det kan komme 15 stykke for å få seg ei øl og noko kulturelt, utan at det kjennast glissent. Ikkje at eg meiner at nokon av våre lokale kultur-aktørar skal dra ned til Sandøya og kjøpe kulturskøyta, sjølv om ideen om eit ambulerande kulturhus i Florabassenget er ein fin tanke. Båt er krevjande og dyrt, og vi har kanskje nok av dei allereie. Men byen er full av ledig plass. Blomsterhagen opnar snart igjen med nye drivarar, men lokala etter Fru Olsen, Morilden, Windjammer og Tomasine står tomme. Kanskje kunne ein fått meir ut av kaféen på Samfunnshuset med ei anna organisering? Hadde det vore mogleg å finne ein huseigar med filantropisk sinnelag, samle det frivillige kulturlivet i byen, og sjå kva som gjekk an å få til?

Sjølv dei finaste songane kjem ein gong til refrenget. Om nokon vil på studietur til Kulturskøyta Lyngholmen hastar det. I mai dreg dei opp landgangen for siste gong. Styret kasta korta i førre veke. Vedlikehaldet tok knekken på dei – det kostar for mykje å halde ei 60 år gammal skøyte i stand. Ei vakker soge er over for denne gong, men kanskje vi kan lage ein oppfølgar her i byen? Den som inkje vågar, inkje vinn!

Leave a Reply

%d bloggers like this: