web analytics

Alt for Norge

socrates photo
Photo by JC0598

Allereie dei gamle grekarane var skeptiske til demokratiet. I kvart fall nokon av dei. Eg tenker på dei store filosofane. Platon, Sokrates og den gjengen der. Smarte folk. Dei meinte at samfunnet hadde vore betre om folket ikkje fekk ha for mange ord med i laget. Dei kloke burde ha makta. Dei som visste korleis ting hang saman. Demokratiet kunne ha noko for seg, det var ikkje det. Folket fekk det dei ville ha, frå dag til dag, men det var ingen som sørgde for at det folket ville ha, faktisk var det som folket burde ha. Det som var best for dei. Slettes ikkje, og på sikt kunne det varte litt dumt. Det var nok betre at dei vise fekk seie korleis det skulle vere. Ekspertane. Dei som kunne ha fleire tankar i hovudet. Trekke dei store samanhengane. Ja, dei tenkte på seg sjølv. Filosofane. Dei burde styre, ikkje dette inkompetente og ignorante folket. Man kunne ikkje stole på at dei visste sitt eige beste. Tvert i mot. Ein kunne stole på at dei ville kludre det til for seg sjølv med jamne mellomrom.

Eg kjenner jo igjen tankane. Det er lett å sitte føre TV-skjermen under Debatten, hytte med neven, og meine at eg skulle gjort det betre enn dei snakkehovuda på skjermen. Og eg er ikkje filosof. Eg er ikkje grekar ein gong. Det blir litt som når Bjarne Brøndbo skriv kronikk i VG der han refser politikarane for å mangle handlekraft, og tenker høgt at det beste kanskje hadde vore ein snill og omsorgsfull diktator. Eg er hundre prosent for eit diktatur, men berre om eg sjølv får vere diktatoren. Eg lovar å vere grei!

Sokrates skal ha snakka om skipsbyggarane i Athen. Om ein ville få bygd seg ein båt som var dugande gjekk ein til dei som faktisk hadde ekspertise i båtbyggarfaget, ikkje til ein kva for ein som helst fillefrans i gata. Kvifor skulle det vere annleis å styre ei by? Eller eit land? Er det ikkje like viktig at nasjonen held seg flytande, som at båten gjer det? Burde man ikkje ha ekspertar i korleis ein gjer dette, og ikkje overlate vanskelege spørsmål til mannen i gata? Blei man automatisk ekspert i politikk om man også kunne bygge ein båt? Sjølvsagt ikkje.

Oppflaska som eg er på demokratiet har eg alltid sett på tankane om ei idealstat, styrt av filosofar, som rein kuriosa. Eit bevis på at sjølv dei store tenkarane ikkje alltid tenkte langt nok. Vi skal ha kvar person, si stemme, og all makt i denne sal. Ikkje noko viss vass. Det fungerte jo fint ei stund slik, men no er demokratiet under press. Det er i ferd med å miste oppslutning. Det er svært få som engasjerer seg i den politiske prosessen gjennom dei politiske partia. Færre enn sju prosent skreiv Vidar Grønnevik her i avisa for litt sida. Grunnmuren er i ferd med å forvitre. Utviklinga ser ut til å gå i retning av at dei som representerer oss har ei bakgrunn som betalte heiltidspolitikarar eller tilsette i ulike stillingar i politisk sektor. Vi blir altså styrt av spesialiserte politikarar, og eit stadig veksande byråkrati. Er det noko betre enn å la grekarar med doktorgrad i filosofi styre prosessen? Hårfint?

Det er gode grunnar til at det har blitt slik. Rettsleggjeringa av samfunnet vårt krev eit kompetent byråkrati som skjønar jus og korleis ting skal vere. Vi treng politikarar som forstår systema, og kan manøvrere i det politiske farvatnet. Kostnaden er at dei politiske prosessane meir og meir blir fråkopla oss som har meir enn nok med å få lønna til å rekke til neste månad. Resultatet er mistillit, skepsis og politikerforakt. I beste fall blir vi berre likegyldige og gidd ikkje stemme. I verste fall blir vi forbanna og stemmer på nokon som vil snu alt på hovudet. Som Trump i USA. Då blir kostnaden fort for høg.

Nordmenn er ikkje særleg revolusjonære, heldigvis, men vi er gode på reformer. Politikarane er reformvillige så det held, i kvart fall på andres vegne. No er det på tide at dei gjer noko med si eiga rolle. Vi treng sårt ei demokratireform. Noko som sikrar større deltaking og breiare forankring på grasrotnivå. Og det hastar, for demokratiet slik det fungerer i dag er i ferd med å rotne på rot. Noko må gjerast. Alternativt får dei no berre ringe då, om dei treng ei snill og omsorgsfull diktator skal eg ta ein for laget og ta på meg jobben. Alt for Norge!

Leave a Reply

%d bloggers like this: