web analytics

Hallo? Hallo?

Er det ikkje deilig å ha nokon å hate, spurte Raga Rockers retorisk den gongen rocken fortsatt var røff og relevant. Og det er jo det. Vi likar alle å ha nokon å sjå ned på. Utlendingar, ungdommar, unnasluntrarar, trygdemisbrukarar, nordlendinger, russen, politikarar, journalistar, folk med pengar, folk utan penger, feministar og feite kvite middelaldrande menn. Det er berre å velge seg ei gruppe å vere i opposisjon til. Problemet, for oss som ikkje er så glad i å krangle, er at same kva for ei gruppe du vel å hate, finst det nokon som kjem løpande for å forsvare dei. Og så har vi det gåande. Men det finnest ein gruppe som du trygt kan gå ut og hate, utan at nokon gidd å løfte så mykje som ein finger til deira forsvar. Eg tenker på telefonselgarar. Der er det fritt fram. Sjølv ikkje telefonselgarar gidd å forsvare telefonselgarar.

Folk hatar telefonsal. Fleir enn to millionar av oss har registrert oss i registeret som skal hindre at du blir ringt opp. Likevel opplever mange at dei ringer likevel. Det er fordi det er eit smutthull i lova som gjer næringsdrivande lov til å ringe deg så lenge dei har eit kundeforhald til deg. Nokon har gått på en smell på Internett. Tatt ein kviss, eller ein personlegdomstest, og sagt ja til å bli kontakta av skruppellause selgarar utan at ein har visst kva ein har sagt ja til. Om regjeringa får det slik den vil skal det bli slutt på dette. Stortinget har fått eit lovforslag på bordet som seier at det ikkje skal vere lov å ringe deg opp og mase, sjølv om du er kunden deira. Med mindre du har sagt klart og tydeleg ja til at det er greit. Gjett om luringane kjem til å finne ei måte å stille deg det spørsmålet på, slik at du ikkje skjønar kva du seier ja til da!

Spør du meg går ikkje regjeringa langt nok. Dei burde forby heile greia. Svært få ville gråte om det kom eit forbud mot telefonsal. Aller minst telefonselgarane sjølv. Her veit eg kva eg snakkar om, eg har sjølv vore telefonselgar i nokre månader. Det var eit helvete. Eg sleit med vond nakke, vonde skuldre, og ei hodepine av ei anna verd. Eg haldt ut i fire månader føyr eg fekk nok, ringte til heimehjelpa i kommunen, og fekk jobb på dagen. Det kjendes som å komme til himmelen. Eg snakka med fastlegen min om det, og han hadde mykje erfaring med dei som jobba på callcenteret i byen. Alle vart sjuke av det, meinte han. Nokon brukte lenger tid enn andre, men føyr eller sida dukka dei opp på legesenteret med jobbrelaterte helsekader. Alle saman. Ingen unntak. Ei rapport frå svenske callcenter tilbake i 2011 tydar på at han ikkje smurte for tjukt på. Ni av ti ansatte hadde fysiske plager. Sanninga er at dei fleste ville vere glade til om det kom eit forbud. Det kunne vere eit spark i baken til å endre retning, og gjere noko meir meiningsfullt med livet sitt. Som prostitusjon. Eller menneskesmugling.

I mi tid som telefonselgar solgde eg telefonabonnement for Tele2. Eg var ikkje veldig god til det, men eg fekk monge slibrige tilbod. Her kunne eg verkeleg tatt for meg om eg hadde vore i markedet for den slags. Mi teori er at dei einaste som ikkje har reservert seg mot telefonselgarar er dei som ikkje har nokon andre å snakke med, treng litt kroppskontakt, og ikkje heilt har skjønt korleis Tinder fungerar. Alle vi andre har reservert oss i Brønnøysund, screenar innkommande samtaler mot Telefonterrorappen, og lar vere å ta telefonen om det er eit nummer vi ikkje kjenner igjen. Alt for å unngå den der telefonselgaren, som påfallande ofte er ein irriterande austlending med litt for høg stemme.

Eg inkluderar forresten også dei som driv med meiningsmålingar i den gruppa der. Ja, eigentleg meiner eg at alle som bruker telefonen til å ringe og snakke med folk er litt suspekte. Om du ikkje treng ei ambulanse er det ikkje lenger nokon grunn til å ringe noen stad. Det er invaderande. Vi har mail, vi har Facebook, messenger og SMS. For meg har det blitt slik at når telefonen ringer, går eg umiddelbart ut frå at det er nokon som vil få meg til å gjere noko eg eigentlig ikkje har lyst til. Ser eg at nummeret er ukjent, går eg rett i nei-modus. Eg stålsettar meg. Eg skal ikkje ha noko. Nei. Nei. Eg trur ikkje det. Kommunesamanslåing? Det skal eg ikkje ha. Nei sa eg. NEI! Eller vent… Hallo? Hallo?!?

Leave a Reply

%d bloggers like this: