web analytics

Lukkeland

Norge vart denne veka kåra til verdas lukkelegste land. Det kom som ei overrasking på meg. Det er ikkje det inntrykket eg får når eg dukkar ned i diskusjonane på Facebook. Der verkar det heller som om det er barbarar ved portane, skuta tek inn vatn, og det er berre å låse seg inne i kjellarstova med gamle episodar av The Walking Dead, slik at ein er klar når apokalypsen kjem. Samfunnet kjem til å kollapse. Det er heva over ein kvar tvil. Spørsmålet er når det skjer. Det er det ingen som veit, men det verkar som om det er rimeleg nært foreståande. I alle høve skjer det lenge før Kystvegen står ferdig. Heilt sikkert. Garantert!

Denne veka fortalde forresten Facebook meg at eg hadde faceileum. Eg har no hengt rundt der i ti år. Det var eit interessant samantreff at dette dukka opp nesten samstundes med kåringa av verdas lukkelegaste land. Eit lite hint til meg om at det kan vere smart å løfte blikket opp frå skjermen av og til. Dei fleste heng heldigvis ikkje rundt på sosiale medium og kranglar om kriminaliteten i Groruddalen. Dei har hovudet ein annan plass, andre ting å tenke på, og som verdas lukkerapport ettertrykkeleg slår fast, er dei stort sett nøgde med det. Folk flest har det fint der dei vasar rundt og gjer så godt dei kan. Happy og heldige. Her ligg det ei lekse.

Korleis finn ein eigentleg ut kva for eit land som er mest lukkeleg? Kva er det ein målar? Jau, det visar seg at dei brukar The Cantril Self-Anchoring Striving Scale. Det høyrest kjempeimponerande ut, men om ein les litt meir finn ein ut at det berre er snakk om eit enkelt spørsmål. Om du ser for deg ein stige der det nedste trinnet er null, og det øvste trinnet er ti og representerer det beste livet du kunne tenke deg. Null sjølvsagt det motsette, det verste livet du kan førestille deg. På kva trinn av stigen vil du seie at du personleg befinn deg i dag? Ein vanskeleg måte å stille eit enkelt spørsmål på, spør du meg, men eg er ikkje forskar. Gjennomsnittet av nordmenn plasserer seg sjølv midt mellom trinn sju og åtte. Skilnaden på toppen av tabellen er ikkje større enn at om familien Midtbø vaknar opp ein morgon inne i Norddalsfjorden og ser at ordførar Teigen har sagt noko dumt om eigedomsskatt i avisa igjen, så bikkar vi fort under danskane på tabellen igjen. Det er små marginar, så vær snille med kvarandre, folkens!

Der Norge og dei andre nordiske landa kosar seg i lyset nær himmelen er situasjonen noko annleis i deler av Afrika. Nedst på lista, om lag to og eit halvt trinn over gjørma, finn vi Den Sentralafrikanske Republikk. Burundi, Tanzania og Rwanda slit også med lukkekjensla nedst på stigen. Syria er sjølvsagt også der nede ein plass. Det er ikkje overraskande, og lista underbygger i stor grad teorien om at det er betre å vere rik og frisk, enn fattig og sjuk. Pengar er likevel ikkje alt. Forskarane bak rapporten seier at sosiale faktorar spelar ei ofte undervurdert rolle i kor bra vi har det. Alt handlar ikkje om økonomisk vekst. Tvert i mot. Land som Kina og USA sklir nedover stigen, trass i at økonomien veks. Nøkkelfaktorane for å ha det bra er stor tillit og små skilnader. Vi stolar på kvarandre, og endå viktigare – vi stolar på institusjonane vi har bygd opp for å ta vare på oss. Byråkratiet gjer jobben sin, det er lite korrupsjon, det finst nett som fangar oss opp om vi går på snørra, og skilnadane er små.

Når det no snart er på tide å stemme inn nye politikarar til reality-showet på Stortinget er det her fokuset burde ligge. Kva parti vil verne om tillitssamfunnet, jobbe for at dei som fell utanfor har tryggleik, at skilnadane sluttar å auke, og heller blir mindre igjen? Men det er ikkje det som ligg i tidsånda, og det får vi sikkert ta litt av skulda for sjølve.

John Prine sa ein gong at etter å ha skrive hundrevis av songar gjennom fleire tiår var det ein ting han hadde lært. For at ein song skal vere skikkeleg bra, så må du ha ein fordømt god slutt. Har du ikkje det, må du i det minste ha ein moral til historia. Her er moralen til historia: Logg av Facebook, og hugs at ingen blir lukkelegare av to milliardar i banken.

Men eg er villig til å gje det ein sjanse.

Leave a Reply

%d bloggers like this: