web analytics

Islamsk supperåd

niqab photo
Photo by sittiealiah

Vekas store snakkis i min omgangskrets har vore IRN (Islamsk råd Norge), og deira nytilsette kommunikasjonsmedarbeider Leyla Hasic. Ikkje fordi ho er kvinne. Nei, IRN har hatt kvinneleg leiar tidlegare, og har nyleg fått på plass ei kvinne i sitt nye styre. Dette viser tydeleg at IRN ikkje har noko i mot at kvinner engasjerer seg utanfor heimen, berre det er greit for mannen deira, faren deira, og eventuelle storebrør. Det skulle berre mangle. Nei, folk reagerte stort sett med forferdelse på nyheita om tilsetjinga av Hasic, rett og slett fordi ho går med det djupt reaksjonære plagget nikab. Er det noko vi nordmenn ikkje likar, så er det nikab. Forståeleg nok.

Veit du forresten skilnaden på nikab, hijab, burka og chador? Hijab er eigentleg det arabiske ordet for å tildekke, og kan tyde sjølve kunsten å dekke seg til. I daglegtale meiner vi likevel at ein hijab er det skautet som muslimske kvinner brukar for å dekke til hår og skuldre. Hijaben skal skjule håret, slik at sånne som meg ikkje blir kåte og galne, men den dekker ikkje til andletet. Nikaben derimot, er eit heildekkande plagg, der du berre har ei glipe til augo, mykje likt arbeidskleda til Spøkelseskladden. Burkaen er ei variant av det same, men uten glipa til augene. Der har du berre eit slags gitter som hindrar innsyn, men likevel gjer eit snev av utsyn slik at det er mogleg å røre litt på seg utan å støte borti ting. Chador er ei slags mellomting mellom hijaben og nikaben. Den dekkjer hår og kropp, men let andletet få komme ut i sola. Eller regnet då, om du spaserer her i byen.

Hasic er altså ein nikabaktivist, og både TV2 og NRK hadde fine overskrifter om korleis dette var IRNs nye ansikt utad. Eyes without a face. Dei fleste hadde vanskar med å sjå korleis ei kvinne i nikab kunne være ein høveleg person til å drive med kommunikasjonsarbeid, fremje samhald blant muslimane og styrke deira tilhøyrsle til det norske storsamfunnet. Snarare skulle ein tru at det hadde motsett verknad, all den tid nikaben er eit omstridd plagg også blant muslimane sjølv. Men etter kvart kom generalsekretær i IRN, Mehtab Asfar, på bana for å rydde opp. Hasic var den beste søkjaren, sa han. Det ville vere diskriminerande om ho ikkje fekk jobben, og ho skal slett ikkje vere organisasjonens nye ansikt. Ho skal vere administrasjonskonsulent, og jobbe med kontorrelaterte oppgåver. Derav også å svare på førespurnader elektronisk. Ingen treng å sjå ho. Dette stiller sjølvsagt saka i eit heilt anna lys. Vi bryr oss ikkje om at toppkommentatorane på Nettavisen, eller redaksjonen i Mockument.no skriv blogginnlegg med Ku Klux Klan-drakta på, kvifor skal vi då bry oss om kva ho dama som svarar oss på e-post frå kontora til Islamsk Råd har på seg? Det er då fortsatt både religions- og tankefridom her i landet?

Men etter kvart som folk gravde litt i fortida til Hasic viste det seg fort at nikabaktivismen hennar trass alt var det minste problemet. Hasic har tidlegare gjett uttrykk for syn og haldningar som dei fleste vil kalle for ekstreme. Ho har vore ein del av Sisters Corner, ein organisasjon tett på dei skumle typene i Islam.net. Ho har vore med i ei støttegruppe for den skumle typen Arfan Bhatti, kjend for å ha medverka til skytinga mot synagogen i Oslo i 2006. Og i 2009 lurte ho på kvifor det ikkje var ein einaste jøde på jobb då al Qaida tok ned World Trade Center i New York; ein velkjent anti-semittisk konspirasjonsteori som er enkel å tilbakevise. Den gongen skreiv ho; «Er det meininga at vi muslimar skal legge oss flate, akseptere at de drep våre barn og kvinner? Skal vi godta at de har lyst til å rydde oss vekk frå jordas overflate?» Asfar seier at han er kjent med dette, og at Hasic i jobbintervjuet ga uttrykk for at ho angra.

Det er mogleg ho var ung, dum, og at dette var jødanes skuld, men det held ikkje. I ei tid med auka motsetningar kan ikkje Islamsk råd ha tilsette som det hefter slike utsegner ved. Eg har vondt for å tru at dei er så dumme at dei ikkje skjønte korleis dette ville bli oppfatta. Og kva reaksjonar som måtte kome. Dette verkar å vere ein medviten provokasjon som tydeleg viser at dei er uskikka, eller uinteresserte, i å drive med brubygging. Kulturdepartementet bør ta konsekvensen av det, og kutte den økonomiske støtta til dette supperådet ved første høve.

Leave a Reply

%d bloggers like this: