web analytics

Robust restskatt

tax collector photo

Måndag kveld vart snautt fem millionar skattemeldingar gjort tilgjengelege for skattytarar i Norge. Med det same meldinga kom heiv eg meg rundt, flekka opp datamaskina, og logga meg inn på Altinn for å få dommen over økonomien.

Eg var nok ikkje åleine om det, for Altinn bad meg vente i kø. Eg rakk å tape ein kamp i Football Manager før eg slapp inn i det aller heilagaste, og det gjekk om lag slik som eg hadde tenkt på førehand. Eg tapte i skattemeldinga også. Det vart restskatt i år som i fjor. Og året før. Og året før der att. Eg trur eg har fått restskatt i sytten år på rad. Eg veit ikkje om det er nokon slags form for rekord, men om det er nokon der ute som har nummeret til Guinness rekordbok er det berre å be dei ta kontakt.

Dei fyrste åra var det kjipt å få restskatt. Eg hadde ikkje pengar på bok, måtte bruke feriepengane til å gjere opp for meg, og alle fancy ferieplanar vart kjapt arkivert under kategorien «luftslott». Etter kvart har det blitt meir av ein vane. Noko eg omfamnar med mi vanlege defaitisme. Det er berre slik det er. Ein naturleg del av livet.

Dei pengane redaktøren kastar etter meg for å levere denne spalta kvar veke går inn på ein «hemmeleg» konto, som eg berre sjekkar ein gong i året. Det er når eg må inn der for å hente pengar til å betale restskatten. Det er eit nullsumspel, og same kva eg gjer er det staten som vinn.

Felles skjebne er fattig trøyst. I år var vi nesten 800.000 stykke som hamna i ulykka. Dette fekk Aftenposten til å lage ei sak som heitte «Derfor får du restskatt». Ikkje berre er vi for dumme til å sjekke skattekorta våre, og endre om vi ser det går gale av stad. Vi er også så dumme at vi ikkje skjønar at årsaka til at vi får restskatt er at vi har tent for mykje pengar, og betalt for lite til kemneren. Men no har eg lese det i avisa, så no veit eg det. Takk!

Aftenposten nemner også at aksjeutbyte kan vere ei årsak, men det gjeld ikkje meg. Eg har ikkje eigd ei aksje sidan far min selde aksjeposten min i Borregaard, og drakk opp pengane. Mogleg han fekk restskatt det året, faktisk. Ja, kanskje restskatten min er arveleg? At den ligg i genane, koda inn i mitt DNA, og ikkje går an å gjere noko med? Ei gong i framtida vil det kanskje vere metodar for å avdekke slike eigenskapar allereie hos embryoet, og slike som meg blir abortert bort i tusental? Er eg ein utryddingstruga art? Restskattshjorthen? Blir vi eit samfunn fullt av A4-folk som alltid får igjen 6000 kroner på skatten? Eller blir vi nullskattytarar alle saman?

Alt endrar seg med tida. Ingen veit kva framtida bringar. Det er mykje tryggare å leve i fortida. Den gongen ein måtte fylle ut sjølvmeldinga sjølv, og levere den inn i ei stor kasse utanfor likningskontoret innanfor fristen. Det var eit teikn på eit sosialt og inkluderande samfunn.

Dei siste timane før midnatt den 31. januar kunne vi alle samlast utanfor eit offentleg kontor og diskutere kor ille det var fatt. Same om du er rik eller fattig, skatten kan du klage på uansett. Det er slikt som bygger fellesskap. Ritual. Far min hadde lov til å banne ein gong i året, og det var når sjølvmeldinga skulle fyllast ut. Vi visste at det var heftig språkbruk på gong kvar gong rekneskapsføraren med stresskofferten kom og ringde på døra. Då var det å samlast øvst i trappa for å høyre kva gamlingen hadde å by på denne gongen. Han hadde vore distriktslege i Lofoten, og hadde snappa opp eit kraftuttrykk eller to der. Det er ikkje det same i dag, no som alt kjem ferdig utfylt.

Vi treng ikkje lenger gå ut for å levere noko. Vi les kjapt over, og kveler eit lite klynk når oppgjeret kjem. Det er ikkje noko høgtid lenger, og banninga må spreiast over heile året. Det blir ikkje det same å bitche på Facebook. Limet i samfunnet løyser seg opp, og alt går til helvete.

Det einaste som er sikkert i livet er døden og skattar, var det nokon som sa. Han hadde sikkert fått restskatt han også. Eg veit ikkje kva eg skal gjere. Bør eg etterstrebe å bli ein meir robust eining som opnar for meir fleksibel drift? Kan eg få operative gevinstar og kostnadsinnsparingar om eg samlokaliserer og sentraliserer meg? Bør eg settast under administrasjon? Alt eg veit er at gode råd er dyre, og om dei ikkje kan trekkast av på skatten blir det nok restskatt neste år også.

Veit du forresten kva du får om du kryssar ein kemner med eit jetfly? Ein Boring 747. Takk for meg, eg finn vegen ut sjølv.

Leave a Reply

%d bloggers like this: