web analytics

Kuk i kulturen

Bård Tufte Johansen og Team Antonsen fann for nokre år sida ei overskrift i den danske avisa Politiken, som dei hadde det mykje moro med. «Metroen har kuk i computeren», stod det, og Bård ringde opp ein dansk IT-ekspert for å finne ut om det var ein stor, eller ein liten kuk, og ikkje minst korleis den kom seg inn i computeren. Den danske eksperten meinte at det var noko som berre skjedde, og slik kan det vel også gå til nokre gonger. Sidan den gong har eg vore i Danmark fleire gonger. Då har det hendt at eg har kjøpt meg ei lokal avis slik at eg har noko å gøyme meg bak når ungane treng hjelp til noko, og der har eg sett det sjølv. Mange gonger. Det går ofte kuk i ting der nede. Det kan verke som om dei har eit omfattande kukproblem. Dei siste dagane verkar det å ha spreidd seg til Norge. Det har gått kuk i den norske kulturen. Skikkeleg KRLE-kuk.

Når eg gjekk på skulen hadde vi Kristendom, men på nittitalet blei dette faget erstatta av KRL. Som var ei forkorting for kristendom, religion og livssyn. Ideen var at ein ved å inkludere andre religionar og livssyn i kristendomsfaget kunne sleppe å gje dei elevane som ikkje var så glad i Gud og Jesus og dei greiene der, rett til fritak frå undervisninga. Slik gjekk det ikkje. Humanetikarane syntest ikkje faget var nøytralt nok. Dei tok staten til menneskerettsdomstolen i Strasbourg, og vann fram. Faget fekk då i staden namnet RLE, for religion, kristendom og etikk, og alle var nøgde. Heilt til KrF trong ei symbolsk seier for å kunne støtte regjeringsprosjektet til Erna etter valet i 2013. Resultatet var at denne forbaska K-en fekk plass på timeplanen igjen. Utan at nokon andre enn KrF eigentleg ville det. Kristendom, religion, livssyn og etikk. KRLE altså. Truleg det minst populære faget på timeplanen.

No har denne hersens kristendommen blitt ei heit politisk potet igjen, etter at nokre Arbeiderpartifolk gjekk inn for å fjerne K-en, om dei klarar å vippe Høgre og Frp ut av regjeringskontora til hausten. Det blei stor debatt på partiets landsmøte sist helg, og til slutt vedtok partiet, med 164 mot 136 stemmer at bokstaven må bort. Eit oppsiktsvekkande knapt fleirtal i ei sak der alle var einige for berre tre år sida. Reaksjonane frå overspente Høgre-folk lét ikkje vente på seg. Ap svekker no vår kristne humanistiske kulturarv, meinte Børge Brende. Linda Hofstad Helland var veldig skuffa. Ingvar Torsvik Myrvollen meinte det var historielaust. Alle saman ser ut til å ha gløymt at K-en var borte i åra frå 2008 til 2015 utan at landet ser ut til å ha tatt nemneverdig skade av det. Dei har nok også gløymt, eller vel å sjå bort ifrå, at eit overveldande fleirtal av høyringsinstansane ved gjeninnføringa av K-en i 2015 var imot dette. Flora kommune var i mot. Vågsøy likeins. Sjølv dei kristne var stort sett i mot. Regjeringa valde likevel å banke det gjennom, trass i at Høgre eigentleg ikkje ville, for å blidgjere KrF. Likevel argumenterer dei nå som om faget alltid har heitt KRLE, og at vår akk så stolte humanistiske kulturarv står og fell med K-en. Er vår kristne humanistiske kulturarv i fare? Neppe. Er det historielaust? Absolutt.

Folk må roe seg kraftig ned. Folk har blitt heilt ko-ko. Eller kuk-kuk som dei seier i Danmark. Det har gått kuk i debatten. Dette er rein symbolpolitikk. Sjølve faget kjem ikkje til å endre seg om man tek bort K-en. I desse kulturkamp-tider, der alt for mange insisterer på at alle saker må sjåast i samanheng med den visstnok pågåande kampen for å verne norske verdiar, kan det hende Ap hadde vore betre tent med å la denne saka ligge. Eller kanskje gått meir drastisk til verks og gått inn for å fjerne heile faget.La religion, livssyn og etikk gå inn i historie og samfunnsfagtimane. Nå risikerer vi at K-en, og debatten om den, vil dukke opp ved kvart einaste regjeringsskifte, og det vil vi verkeleg ikkje. Drep meg herre konge, men ikkje med dum debatt.

Nei, eg gjer blaffen i kristendommen, men denne debatten må døy. La K-en få stå, men la elevane sjølv få fylle den med innhald. Kristendommen er jo ei religion. Å kalle det for Kristendom, religion, osv., blir smør på flesk. K-en kan stå for noko anna. Kva som helst! Kinnøl. Knokepoker. Kjøtt. Kos. Eller kva med krokodiller? Det er min favoritt. Krokodiller, religion, livssyn og etikk. Det er det sving over. Alt blir betre med krokodiller. Kva som helst, berre ikkje kuk. Eg orkar ikkje meir kuk!

Leave a Reply

%d bloggers like this: