web analytics

Min båt er så liten

boat photo

Dei seier at det heile starta med eit stort smell for 13,8 milliardar år sida. Det store smellet. Ut av kaos oppstod universet vårt, og i alle desse åra har det utvida seg i stadig større fart. Jorda vart danna for 4,6 milliardar år sidan, og så gjekk det kanskje ein milliard år til før dei første livsformene starta å vise seg fram. Etter ei god stund med evolusjon, dilldall, dinosaurar og den slags kom mennesket rekande på ei fjøl. Mennesket var heldig med utviklinga, og fekk nokre ting dei andre skapningane på jorda mangla. Ei meir avansert frontallapp. Motståande tomlar. Sidan har ingenting vore det same. Ein av dei tinga som skil mennesket frå dyra er vår utstrekte evne til å samarbeide. Vi er sabla gode på det. Mykje betre enn dyra.

Ta katten min til dømes. Kvite kan ikkje samarbeide om det så stod om livet. Om ho møter på ei katt ho aldri har møtt før er det berre ein ting som står i hovudet på ho. Angrep. Den andre katten skal jagast til helsike bort frå hagen, og helst så brutalt at den aldri kjem tilbake. Når vi menneske møter ein artsfrende vi aldri har møtt før har vi ei heilt anna tilnærming. Dei fleste av oss i alle fall. Evolusjonen har lært oss at vi kjem lengst med ei vennleg tone. Vi må få dette mennesket til å samarbeide med oss. Anten vi no vil ha det til å male huset vårt for ein billeg penge, skattlegge det til det blør, eller rett og slett berre låne pengar til ei flaske øl og ei pølse og brød. Vi har forstått at det er i vår eiga interesse at vi ikkje oppfører oss som katten min. Vi er alle i same båt, og vi kjem lettare fram dit vi skal om alle sit ganske stille i båten og alle tek si tørn ved årene.

Så der sit vi då, i båten vår, og ror i veg. Min båt er så liten, og havet så stort, kan ein kanskje tenke. Og når mennesket var nytt på jorda var det slik at det ikkje var plass til så mange folk i den båten. Det var stort sett familie som fekk vere med, men etter kvart som verdien av samhandling har blitt klarare og klarare har båten vakse seg større og større. Frå kjernefamilie, til utvida familie, til klanar, bygdesamfunn, landsbyar og storbyar. Nasjonalstat, unionar, og komplekse verdsomspennande institusjonar. Akkurat som med det store smellet har måtane vi samhandlar på berre halde fram med å utvikle seg sida vi kraup opp frå havet, reiste oss på to, og sprang ut på savannen i Afrika. Om vi tenker litt etter trur eg alle som ein gong har vore på eit foreldremøte, eit møte i burettslaget, eller freista å få ei byggesak godkjend i kommunen, kan vere einige i at dette er eit mirakel heilt på linje med det beste frå Bibelen. Samarbeid er kanskje ei typisk menneskegreie, men det kjem ikkje av seg sjølv. Det krev ofte innsats. Blod, sveitte og tårar.

Forskarane er ikkje heilt sikre på kva som skjer med universet vårt i framtida. Nokre meiner at det vil halde fram med å utvide seg, heilt til kreftene frå akselerasjonen blir så sterke at gravitasjonen ikkje lenger klarer å halde universet saman. The Big Rip kallar dei det. Universet vårt blir rett og slett rive frå kvarandre, om lag som planane om Kinn kommune etter valet til hausten. Andre forskarar meiner at universet heller på eitt eller anna tidspunkt vil stoppe å utvide seg. I staden vil det på ny trekke seg saman, til det heile endar opp med eit nytt stort smell, og eit nytt univers ein gong langt fram i framtida. Dette har dei gitt namnet The Big Crunch, og er vel det beste håpet vi har for at det nokon gong skal bli gjort noko med Trovikkvartalet og Sjukehuset her i byen. Dette er derimot langt fram i tid, og ikkje noko vi treng å tenke for mykje på. Eg er meir uroa for at alle våre store samhandlingsprosjekt kan lide ei liknande skjebne. At dei blir rivne i stykke, eller folda saman og kasta. Kanskje blir dei ikkje ein gong kjeldesortert. Brexit og Bremanger. Trump og Tybring-Gjedde. Nokre meiner visst at det har vorte for mykje samarbeid. Dei vil ikkje stille på dugnad. Dei vil rive båten vår, og bygge den saman igjen som fleire små båtar. Sende dei ut på havet på eiga hand. Det ein dårleg ide, både med og utan Florø Radio.

Samarbeid er frykteleg slitsamt, dei andre er alltid dumme, og nokon gonger får man ikkje til det ein vil. Men vi kan ikkje gi opp. Vi må kjempe på, og ikkje miste trua, for alternativet er konflikt. I verste fall krig, og det er enda verre enn dugnad og møte i bystyret. Så vidt.

Leave a Reply

%d bloggers like this: