web analytics

Fontene Blues

fountain photo
Photo by albertstraub

Folk er i harnisk på Facebook denne veka også. No er det forfallet i kyrkjeparken, og ideen om at den vesle fontena som står der skal fjernast, som får blodpumpa til å banke litt fortare hos Florø-folket. Særleg er det mange som gjer seg vittig på ei litt sleivete utsegn om at fontena skal stengast av di presten var redd nokon skulle drukne der, og det kan eg jo godt forstå. Drukningsfaren er ikkje overhengande. Den druknar ei som hengast skal, seiest det, og nokon må stillast til ansvar for denne skandalen. Politikarane skal hengast for denne skampletten på Floras omdømme. Kommuneadministrasjonen skal skytast for vantande vedlikehald og generell inkompetanse. Om nokon skal druknast veit eg ikkje, men i så fall får dei bruke eit av dei tre vatna vi har spreidd rundt om i byen. Eventuelt kan dei til naud drukne i havet, men berre om dei ikkje har på seg fleecejakke, eller har plastikk i lommene, no som vi har vore så flinke å rydde strendene.

Eg likar ei sprutande fontene like mykje som fanden og hans oldemor, det er ikkje det, men eg skjønar ikkje kvifor folk gidd å hisse seg opp. Kvifor no? Fontena har då uansett aldri virka meir enn eit par dagar i slengen. Firdaposten skildrar korleis Kong Haakon var i byen for å legge ned krans på minnestøtta der i parken, og i den forbindelse vart fontena vist fram. Men då var det rusk i spruten, som ordføraren sa til kongen, og ikkje noko vatn i fontena. Dette var i 1949. Likevel trur folk at den skal virke i 2017. Det er historielaust. At fontena ikkje virkar er ei lang tradisjon her i byen. Det er nesten slik at ein kunne forvente at alle dei som er opptatt av at Florøsjela skal leve, og at ting stort sett skal vere slik dei alltid har vore, burde vere stornøgd med tilstanden. Fontene med vatn? Slikt nymotens tull kan dei halde seg med på Austlandet. Det er ikkje slik vi gjer det her i byen. Noko som eigentleg kan vere like greit. Hadde fontena stått der med vass-spruten i vilden sky, og berre virka. Ja, då kan du banne på at det berre hadde vore eit tidsspørsmål før nokon kom med lastebil og flytta heile skiten inn til Førde.

At det er vanskeleg å halde drift i fontener er ikkje noko spesielt for Florø. At fontener og parkanlegg lir under dårleg vedlikehald er heller regelen enn unntaket rundt om i det ganske land. Det er ein syklus, nærast ei naturlov, at fontener etter nokre år med drift opplever rusk i spruten, og etterkvart blir ståande utan vatn. Heilt til nokon hissar seg opp, politikarar og administrasjon dreg i gang akutt-tiltak, og alle er nøgde i nokre år. Så startar det på’an igjen. I hovudstaden for fem-seks år sida var heile 25 prosent av byens vass-innstallasjonar tørrlagde. Dei trong omfattande rehabilitering. I Bergen var Nygårdsparken landets største åpne russcene i rundt femti år, før dei no har renska litt opp i det. Det er ingen grunn til å tru at Flora kommune er dårlegare til å ta vare på parkane sine enn byar flest. Tvert i mot kanskje, berre ta ein tur i Brandsøyåsen og sjå kva som har blitt gjort med stinettet der dei siste åra.

Ordførar Teigen høyrde nok gufset frå folkedjupet, for han var kjapt på ballen. Han lovar å få orden på sakene, men seier at kyrkjeparken og fontena i dag er i så dårleg forfatning at det ikkje er noko å flikke på. Her må det gjerast skikkeleg. Og då er det på tide å tenke nytt. Kva VIL vi med den fontena eigentleg? I land lenger syd hadde fontenene tradisjonelt ein viktig funksjon for folket. Det var drikkevatn, badeplass og luftkjølar i eitt. Her i nord har dei mest vore til pynt. Eit estetisk innslag i bybildet, utan nokon reell nytteverdi. Om lag som Frank Willy Djuvik i bystyret. Eller den har vore ei markør for privat rikdom. Som for forretningsmannen John Collett, som var kjent for overdådige festar på herregården sin på Ullevål for eit par hundre år sidan. Han serverte gjestene madeira frå eiga fontene. Det er det sving over. Eg tenker at Collett kan vere til inspirasjon når vi skal få på plass ny fontene der i kyrkjeparken. Eg vil ha ei fontene som sprutar Kinn-øl. Med tanke på plasseringa bør ølet kanskje vere av typen «Prestesonen», men det kan sikkert varierast med både Pilgrim og Pryl.

Om ordførar Teigen fiksar dette, er eg sikker på at det blir sjelefred, både i parken og på Facebook.

Leave a Reply

%d bloggers like this: