web analytics

Trygg

killer photo

Det må ha vore sommaren eg fylte elleve, at eg fyrste gong fekk ei vedvarande kjensle av å vere utrygg. Eg var heime åleine i den gamle legeboligen, saman med storesyster. Ei natt var det innbrot i huset. Bygdas narkoman knuste ei rute, kom seg inn i stova og vidare inn på legekontoret til far min. Målet var medisinar, eg anar ikkje kva han fekk med seg. Eg låg oppe på rommet mitt og høyrde alt saman, for redd til å gjere noko som helst anna enn å prøve å lage minst mogleg lyd. Resten av den sommaren sov eg ikkje om natta. Eg låg vaken til langt på morgonen og lytta. Eg såg føre meg ein øksemordar på veg opp bakken. Eg tykte eg høyrde han i trappa. Eg brukte timar på å spekulere i kva som var verst. Å ligge med ansiktet mot døra, slik at eg såg han kome inn med øksa klar til hogg, eller om eg skulle ligge inn mot veggen og berre vente på den kvasse eggen. Eg klarte aldri å konkludere.

Eg kjende på den same frykta eit tiår seinare. Lydar frå kjøkenet fekk meg opp av senga og ut for å sjekke. Eg skvatt bra då eg såg eit ansikt i vindauget. Eg gjekk ut for å høyre kva han ville, og fyren drog ei historie om at han skulle treffe ei jente, men måtte ha gått feil. Natta etterpå kom han tilbake igjen og freista å bryte opp kjøkendøra. Tydeleg rusa. Politiet kunne ikkje kome, dei måtte ta seg av ein kar som heldt på å banke kona på eit hotell utafor byen. Då var det same leksa på nytt. Eit halvt års tid med dårleg søvn. Eg hadde ei eldrake ståande ved senga. Hadde han dukka opp igjen hadde eg ikkje ringt politiet før etter at eg hadde slått. Eg var livredd. Eg hata den kjensla av å ikkje kunne føle meg trygg i eige hus. Den eine plassen der ein må kunne kreve å få vera i fred.

Eg fortalde det aldri. At eg låg vaken til sola stod opp. Kva skulle det gjere av forskjell? Skulle dei sendt meg på hotell ei tid, og håpa på at tryggleiken var tilbake når eg kom heim? Dette var noko eg måtte kjempe meg gjennom, og det gjorde eg. Det tok tid, men det vart ikkje fleire innbrot. Øksemordaren glimra med sitt fråver. Til slutt forstod hovudet at det var trygt å slappe av. Eldraka kom tilbake til stativet ved omnen. Eg sov som normalt igjen. Trygg.

Du bør kunne kjenne deg trygg, helst heile livet, og i alle fall når du drar seg mot 100 år. Eg heiar derfor på Olefine på 97 som vi kunne lese om i avisa denne veka. Dama som har blitt sjukeheimsokkupant på sine gamle dagar. Ho kjenner seg ikkje trygg heime, og nektar å reise heim etter eit korttidsopphald på sjukeheimen. Det er tøft gjort. Skal ho sendast heim må det bli med makt. Ho har ikkje tenkt seg nokon plass. Dette likar eg. Ho står opp og kjempar for saka si på imponerande vis, og no som kommunen skal sjå på saka ein gong til har eg trua på at det ordnar seg også. Lat oss likevel ha to tankar i hovudet på ein gong. Eg heiar ikkje på politikarane som kastar seg utpå for å slå politisk mynt på denne saka. Politikarane har vedtatt at Flora skal vere ein heimetenestekommune. Då må dei våge å stå for det. Ikkje trekkje seg kvar gong nokon klagar i avisa. Institusjonsplassar i blir innvilga eller avslått, etter prinsipp vedtatt av politikarane sjølve. Uansett kva for kriterium ein legg til grunn vil det vere vanskelege saker for dei som skal bestemme. Kanskje er det rett at Olefine ikkje kvalifiserer til sjukeheimsplass. I så fall er feilen at dei ikkje har klart å gjere ho trygg på at tilbodet i heimen kan kjennast trygt.

Eg veit ikkje, men det gjer ikkje politikarane heller. Her er ein tanke: Kva om politikarane stolar på at fagfolka som er sett til å utføre bystyrets politikk faktisk er i stand til å gjere jobben sin? Tildelingsnemda har ei vanskeleg jobb. Hadde det ikkje vore fint om dei kunne kjenne seg trygge på at dei hadde politikarane i ryggen når dei fattar vedtak, også i vanskelege saker? Politikk styrt av enkeltsaker og støy i media blir dårleg politikk. Det kjenner eg meg trygg på.

Leave a Reply

%d bloggers like this: