web analytics

Meir enn tusen ord

Det er dei som hevdar at eit fotografi er verdt tusen ord. At det rette biletet kan seie like mykje, og endå meir, enn det eg klarar på denne sida kvar veke. Det er noko i det. Det finst fotografi så gode at dei brenn seg fast i vårt kollektive minne. Så sterke at dei kan endre tankane våre. Gje ny innsikt. Nokre bilete veks til å bli symbol på noko større. Andre bilete har kraft nok til å endre verda. Om enn berre for ei lita stund. Som biletet av vesle Aylan Kurdi, livlaus i strandkanten på ei tyrkisk strand. Den tapre mannen i svart bukse og kvit skjorte, standhaftig ståande foren dei kinesiske stridsvognene på Tiananmen-plassen i 1989. Fotografiet av mannen som fell frå det nordre tårnet av World Trade Center 11/9 i 2001. Eller den vietnamesiske jenta som flykter frå eit amerikansk napalm-angrep i Vietnam i 1972. Det er bilete med sprengkraft. Dei treng ikkje forklarande ord. Dei snakkar høgt og tydeleg for seg sjølv.

Når saka om Joshua French og Tjostolv Molands ville eventyr i Kongo eksploderte i norske aviser i 2009 var det eitt fotografi som vart tunga på vektskåla i skuldspørsmålet for meg: Biletet av ein manisk flirande Moland som vaskar bilen rein for blod. Blodet til sjåføren dei vart skulda for å ha teke livet av. Deira eiga forklaring om at dei var i sjokk, traumatiserte av å ha blitt overfalle av landevegsrøvarar, og reagerte med latter, sto ikkje til truande. Den måtte dei lenger ut i jungelen med. Det biletet lukka saka for meg. Plutseleg vart det utenkeleg at dei to eventyrarane hadde reint mjøl i posen. Sympatien for Moland og French var etter det nærast ikkje-eksisterande. Meir enn dei mange tusen orda som vart skrivne om saka medan det sto på som verst, var det Moland og vaskefilla som avgjorde saka for meg.

Eg veit ikkje kven som skaut Abedi Kasongo i mai 2009. Retten i Kisangani fann dei skuldige i spionasje, ulovleg våpeninnehav, drapsforsøk, væpna ran og for å ha danna eit kriminelt forbund. Men berre Moland vart dømd for drapet. Begge to vart likevel dømde til døden, i ei farse av ei rettssak. Kanskje får vi aldri vite kva som eigentleg hende. Moland vart funnen død i cella i 2013, medan French no er tilbake i Norge etter iherdig innsats frå fleire partar. Dette såg statsminister Erna Solberg som ei såpass viktig nasjonal hending at ho avbraut 17.mai-feiringa for å stille på pressekonferanse saman med utanriksministeren. Folket måtte varslast om den gledelege utviklinga i saka. Det fekk ho kritikk for etterpå, og eg er einig i den kritikken. Sjølv om det var rett av Norge å jobbe for å hente Joshua French heim, var det ingen grunn til å løfte dette opp på eit slikt nivå at det nesten kunne verke som om Solberg meinte at det var grunn til å feire at French var på veg heim. Ikkje berre for hans næraste, som naturleg nok var glade og letta, men for heile nasjonen. Det vart litt mykje.

No når vi snart kan sette eit endeleg punktum for saka om Moland og French sine eskapadar i Afrikas hjarte er det endå eit bilete som vil bli sittande fast i minnet ei god stund. Det er fotografiet av Kari Hilde French, mor til Joshua, som står ved sidan av sonen under ei pause i rettssaka. Handa hennar på skuldra hans. Hovudet tett inntil hans. Det ser ut som om ho fortel han noko. Han lyttar intenst. Eg likar det biletet. Tøffingen med sin militære bakgrunn. I Afrika for å hjelpe kompisen med å bygge opp eit sikkerheitsselskap i ein bransje som er både brutal og farleg. Dei har tatt skarpe oppdrag som piratvakter i Adenbukta. Har køyrt rundt på motorsykkel på landsbygda i Kongo, med hagle på ryggen. Her sit han, og får nokre velvalde ord frå ei vever og standhaftig kvinne med grått hår. Mamma. Utan hennar formidable innsats gjennom åtte lange år er det sannsynleg at han framleis hadde site fengsla i Kongo. Det er eit bilete som får meg til å smile.

Du kan vere så barsk du berre vil. Springe rundt med våpen, og tru at livet er di leikegrind. Men når du har rota det skikkeleg til for deg sjølv og sit der med klumpen i halsen… Då er det greitt å ha ei mamma å springe heim til. For dette veit vi:

Mamma er den tøffaste av alle. Tøffare enn tusen ord kan forklare.

Leave a Reply

%d bloggers like this: