web analytics

Flyktningar velkomne

Det må ha vore i 2005 at katten Kvite dukka opp i hagen vår for fyrste gong. Ho såg sitt snitt til å kaste seg over matfatet til katten som var herre i huset den gongen, tok gladeleg i mot litt kos, men så forsvann ho igjen. Det var sikkert lurt, tenkte eg. Best at ho forsvann før den raude pusen kom heim. Raude pus var av typen abyssiner, og det er den sintaste katten eg nokon gong har vore borte i. Den gav ikkje ved dørene. Alle andre kattar som var uheldige nok til å forville seg inn i hagen vår fekk bank. Titt og ofte sat det ei ukjent katt høgt oppe i treet i hagen og lurte på når det skulle bli trygt å klatre ned att. Like greitt at den kvite katten som enno ikkje hadde fått noko namn skulle sleppe ei slik audmjuking. Men ho kom tilbake.

Ofte såg eg dyret når eg hadde nattevakt på Quality. Det kunne verke som om den hadde ei fast rute der den gjekk og sjekka bosspanna som var låge nok til at ho kunne nå dei om ho gjekk opp på to bein. Om eg gjekk ut fekk eg alltid lov til å gje ho litt kos, før ho rusla vidare. Ruskete og skiten i pelsen var ho, meir grå enn kvit. Litt av ei bakgardskatt det der, tenkte eg, der eg såg den krafse til seg nokre nattmatrester nokon hadde mista. Lurer på korleis den har hamna her. Ho la til hagen vår på den faste ruta si, og av grunner ingen nokon gong vil skjøne, aksepterte den hissige raude abyssinaren at denne sjuskete kvite bakgårdskjetta fekk komme inn og ete ei skål med mat i ny og ne. Ho fekk namnet Kvite, og etter å ha reka rundt i byen på det viset i nokre månader fann ho ut at ho kunne få kattungar under senga på gjesterommet.

Då fann vi det best å innvilge Kvite asyl på animalitært grunnlag, og sidan har ho blitt buande som ei stadig meir integrert del av familien. Ho kjem aldri til å vinne nokre missekonkurransar, men med regelmessig mat i skåla, og fri tilgang på pledd og stell, vart pelsen kvit og fin. No er ho gammal og pjuskete, og tidlegare i år var ho døden nær av sjukdom. Rett medisin frå dyreklinikken, og ein liten operasjon som ikkje kosta stort meir enn ein liten sommarferie fekk ho på beina igjen. Med litt flaks får vi ha det kvite dyret i hus i endå nokre år. Til glede for oss alle.

Ein skulle tru at Kvite, med si flyktningbakgrunn, hadde ei viss forståing for andre kattar i same situasjon. Slik er det ikkje. Etter at den raude pusen blei borte for nokre år sida, har Kvite tatt over rolla som hagens vaktar. Ho passar på. Kjem det ei katt for nær smell det. Likevel har huset vårt blitt eit slags suppekjøkken for nabolagets svoltne kattar. Kvite er ei gammal dame som søv mesteparten av dagen. Er ein litt varsam går det fint å snike seg inn gjennom vindauget i gangen og stele litt mat utan å bli kvesta. Det gjeld berre å ha fluktruta klar.

No for tida er det to kattar som heng rundt. Ein svart katt som er så sky, og kjapp på foten, at vi aldri ser noko meir til den enn ei svart stripe på full fart ut. Og så er det ein gråstripete knapt vaksen herremann som har lært seg til å komme innom eit par gonger om dagen. Han er ikkje fullt så sky, sluker ein boks med kattemat på dryge ti sekund, og då mjauar han og vil ha meir. Han verkar å vere så svolten at vi er litt uroa for om den eigentleg har nokon plass å bu, men han er van til folk, og glad i kos. Etter eit par kilevinkar frå Kvite er han likevel forsiktig. Han tek ingen sjansar, og sniker seg rundt hjørna. Aldri inne lenge av gongen.

Gråpus er ikkje ein integrert del av familien så langt, meir ein fjern tremenning som kjem innom og forlanger noko godt til kaffien når det passar for ham, men ungane er likevel frå seg av lykke. Han har allereie fått namnet Storm, og dei masar høl i hovudet på oss om at vi må henge opp plakatar for å sjå om det er nokon som saknar han. Aller helst håpar dei at han ikkje har nokon plass å bu, for då meiner dei at han kan den flytte inn til oss på ordentleg. Bodskapet er klart. Flyktningar er velkomne hos oss, og Kvite blir nok snill berre dei blir ordentleg kjent. Trur ungane i si naive multikulturelle optimisme.

Men i vindauget sit Kvite og kveser. Ho er lite endringsvillig, og vil ikkje integrere noko som helst. Ho meiner at vi må hjelpe Grå der han er. Eller i kvart fall der den burde vere. Er det nokon som saknar ein grå katt der ute?

Leave a Reply

%d bloggers like this: