web analytics

Å vere den du er

superman photo
Photo by whaleforset


Vi som er
så heldige at vi har ein avtroppande førsteklassing på byskulen i år, fekk sist veke gleda av å vere med på den årlege skuleavslutninga i kinosalen på Samfunnshuset. Det var ei utfordring både for brannforskrifter og tårekanalar. Salen var stappfull, og på scena song førsteklassingane av hjartans lyst medan dei vifta entusiastisk med armane. Nesten heilt synkront. Ikkje eit auge var tørt. Først drog dei i gong med Vilde og Annas song om Vestlandet som på kort tid har blitt noko i nærleiken av ei ny nasjonalsong for oss som bur her i høljeregionen. Deretter var det tid for songen som heiter «Være den du er», som i si tid vart framført på Barne-TV av gruppa Cheezy Keys. Ikkje til forkleinelse for dei unge håpefulle som gjorde ein heilhjarta innsats på scena, men lat oss seie det som det er: Den songen der er noko av det forjævligaste som nokon gong har vore gitt ut på plate. Og den har eg altså no gått rundt med i hovudet i heile første veka av ferien. Takk skal de ha alle saman. Takk, takk!

Kva er det som er så irriterande med akkurat den songen, tenker du kanskje. Kva er det som gjer den verre enn alt av Marcus og Martinus, eller for den saks skuld, den lokale landeplaga til Solar Plexus, Sunnfjord? Den er ei skikkeleg øyremark som snik seg inn i hjernebarken, og let seg ikkje fjerne derfrå utan frontallobotomi eller massive doser med Life is Life, men det er den ikkje åleine om. Nei, Vere den du er er i ei heilt anna klasse. Den har noko ekstra. Det er sjølve teksten. Orda dei syng. Det er dei som tek meg. Får meg til å koke under huda. Den trur den seier noko klokt, dei som har laga den trur nok at dei kjem med eit viktig bodskap til ungane våre, men dei gjer ikkje det. Teksten er berre dum. Provoserande dum. Lat oss ta ein kikk på kva dei eigentleg seier for noko. Heng med!

Songen startar med at den som syng er heilt åleine, ikkje har noko svar, men skulle ønske at han var tøff og kul. Eller populær som kongen på balkongen. I andre vers er han ei lita mus som drøymer om å vere løve. Eller Supermann. Kanskje til og med vere stjerne, med dei kule kleda. Draumar som dei fleste av oss nok kan kjenne oss igjen i. Men i refrenget blir vi dregne hardt og brutalt ned på jorda. Det er ikkje nokon vits i å gå rundt og drøyme seg vekk. Nei, du må vere den du er, og ikkje late som om du er nokon andre. Ikkje bry deg om kva dei andre seier, du må vere den du er. For alltid! Eg er ganske sikker på at dei som har laga songen trur dei seier til borna at dei er gode nok slik dei er. Dei gjer ikkje det. Dei pratar vås. Frå ende til annan. Dei seier at du er den du er, og du kjem aldri til å bli noko anna. Ikkje tøff deg, berre lær deg å leve med at du ikkje kjem til å bli nokon annan enn den du er. Same kva du drøymer om, berre slutt med det. Konge på balkongen? Populær? Gløym det. Finn ei annan strategi. Sjølv om du blir valt sist i gymmen, er dårleg i matte, eller ikkje har vener. Lev med det. Sånn er du, og det er ikkje noko du kan gjere med det.

Alle treng å høyre at dei er er gode nok. Men like viktig er det at ein har håpet og trua på at ting ikkje treng å vere slik dei er i dag for all framtid. Dette gjeld både barn og vaksne. Ting endrar seg heile tida. Menneske også. Den du er i dag treng ikkje vere den same som du er i morgon. Det er viktig å ha trua på at alt kan bli bedre. Du sjølv også. I neste veke. Eller til neste år. Om du jobbar for det. Du KAN vere ein annan. Borna må oppfordrast til å hoppe i det, gjere eit forsøk, leike, teste og finne ut kva dei likar. Korleis skal dei finne ut kven dei verkeleg er, eller kva dei eigentleg kan bli, om dei aldri gjer eit forsøk?

Min eigen tidlegare førsteklassing likar songen, men ho deler mi tolkning. At songen seier at ein ikkje skal vere nokon andre enn seg sjølv. Om du går rundt og tøffar deg og trur du er ein hest heile tida kunne det forsåvidt vere eit poeng. Då er det greit om nokon seier i frå at ein bør skjerpe seg. Men ho var klar på dette. Å vere seg sjølv heile tida blir fort litt kjedeleg. Det må vere lov å late som av og til. Det er som eg skulle sagt det sjølv. Å vere den du er er fint, men du treng ikkje vere det heile tida. Heile livet. Sjølv skal eg heretter late som om eg er ein annan, og ikkje bli sur kvar gong ho tvinger meg til å høyre på Marcus og Martinus.

Leave a Reply

%d bloggers like this: