web analytics

Lokalnytt med Kåre: Frøken Norge-kandidat skremmar bort ungdommen

Halli hallå kara, nå er eg tilbake igjen. Det blir ikkje så ofte eg har tida til å skrive i dinna spalten. Eg må skynde meg å fiske fjorden tom for fisk innan tyskarane kjem tilbake neste sommar, og det er litt av ein jobb kan eg forsikre dykk om. I går dro eg ein skikkelig rugg på minst 250 kilo, eg var neimen ikkje sikker på hva slags fisk det var, men så viste det seg at det berre var ho Hjørdis som hadde blåst på sjøen i alt uveret. Ja ikkje at eg klagar. Vi vestlendingar er vant til litt at det regnar litt, og om det er på fjerde eller førtifjerde dagen gjer da ingen forskjell så lenge man har sydvest. Når det blåser skikkeleg så kan det vera lurt å putte steiner i støvlene, og elles så er kaffen både svart og god på Kakebua. Jau jau.

frknorge.jpgMen det var ikkje været eg skulle prate om i dag. Eg var ein tur på Shell i sta etter å ha vært på apoteket og truffet kjentfolk, og der fekk eg sjå forsida på Førde-Firda, lokalavisa inne i kommunestyrevedtaket. Der var det nett så eg blei slått i bakken. Skal dei aldri lære, tenkte eg, og hva var det som opprørte meg slik? Jo, det var ditta bildet som dere kan se til høgre her.

Kandidat til Frøken Norge står det, og jenta på bildet er ei jente i frå Blend-butikken der inne i Førde. Ja, ,dere kan jo sjå at ho er bpde lekker og smekker der ho står. Det er nok ikkje mange av kara i parlamentet som ville takka nei til å brekke ho der ned på lakenet etter ein tur på sjøen. Ho er litt for smal over hoftene for mi smak, og eg kunne au ha tenkt meg litt større daier, men man får jo ta det man får. Nei, det er jo ikkje noko galt med jenta som sådan. Men sjå ka ho har på føttane!!!

Eg gjer meg ende over. Ho står der og gjer seg lekker i cowboystøvlar! Og det etter alt det bråket som har vore rundt cowboyhatten til han Nils Fylkesordfører! Ho må jo vera naturlig blond den dama der! Nok ein gong blir fylket vårt fremstilt som eit litt sånn traust og bondeaktig fylke hvor selv ungdommen dansar linedance og ikkje ein gong ser på Idol. Det er jo ikkje så rart at ungguttane ikkje vil flytte til Sogn og Fjordane når dei ser ho jenta der med cowboystøvlar på!

Ja som sagt, det e’kkje noko galt med jinta i seg sjølv, men ho må jo ha elendige rådgivarar. Dei kunne like gjerne ha kledd ho opp i Felleskjøpkjeledress og skrevet bondeknøl i panna på ho. Byguttane vil jo ikkje ha noko slikt. I byane er jentene mykje meir sofistikerte, dei skriv slik blogg, drikk caffe latte, og briskar seg med vesker fra Dolsje Gabbana og Lusi Fittann. Nei ditta var leit! Skikkeleg leit var det. Eg som trodde at nå som vi hadde fått cowboyhatten til Nils opp på bordet så var det berre eit tidsspørsmål før folket kom flyttande til trivselfylket i kolonnkjøring over Hemsefjellet, men det kan eg nok berre skyte ein kvit pinn etter.

Jau jau. Det var vel ikkje anna å vente frå ei ung jente frå Kvammen. Nei, eg trur’kkje eg orkar å skriva meir idag. Eg trur eg avsluttar med eit stykke lyrikk frå den lokale diktaren som går under navnet Breiflabben. Hver dag leverer han lyriske perler bakpå avisa Firda, og eg lar meg ogte røre til tårer over hans lyriske åre. I dag har han dikta om været som visstnok skaper problemer for tømmerhogsten. Her kjem diktet:

Det er milde og akk så fuktige dager
og no er det ikkje meir tømmer på lager
Bakken er våt som ei hengjemyr
og skogsarbeidet går over styr
Vergudane må ta hand i hanke
elles blir det ikkje sagd ein planke

Leave a Reply

%d bloggers like this: