web analytics

Sanselege Hjortheopplevingar

Høljebyen: Kva er vel sommaren i Hjorthekommunen Flora, uten eit besøk i Hjortheheimen i Markegata?

hpim0387.JPG

I Hjortheheimen i Markagata kan du kome så nær Hjorthen at du kan ta på han.
Du kan delta under foring, og du kan få guida turar rundt i heimen, der du kan oppleve dyret på nært hald, samstundes som du får vite meir om Hjorthedyret.

– Det er berre å dukke opp med venner, familie og kjende, vi tek i mot gjester heile dagen, seier dagleg leiar Flopsy Blogg.

Det er faste foringstidar i heimen to gonger for dagen, og då passar det bra å ta turen. På kaia, flyplassen og bussterminalen i Høljebyen er det oppslag med desse tidspunkta. Passar ikkje det, kan du gjere ein privat avtale med heimen, og då forar dei tilsette Hjorthen når du kjem.

Å få med seg at guiden kallar på Hjorthen og ristar med forbøtta, og sjå og høyre Hjorthen komme brasende nedover trappa frå andre etasje er ei oppleving som absolutt er å anbefale.

Ein kan ta seg til Høljebyen med eigen båt, og legge til ved gjestebrygga, berre nokre få hundre meter frå Hjortheheimen. Eller man kan koma med hurtigbåt frå Bergen, fly, bil, buss, eller hurtigruta.

Meir info

5 Comments

  • Johnny Jørgensen
    16 June, 2007 - 6:10 pm | Permalink

    Den satt jo bra, har ikke ledd så mye siden grisen spiste opp veslebroren min!

  • 17 June, 2007 - 6:54 am | Permalink

    Hekk & dal, for en størrelse på det bildet da mann!

  • 17 June, 2007 - 2:42 pm | Permalink

    Kan man kjøpe dette som pakketur?

    Egoisten
    – Åtgaumsforvaltar med ferieplaner

  • Mathias2
    17 June, 2007 - 11:57 pm | Permalink

    Høres ut som et glimrende tilbud som jeg muligens reflekterer over. Regner forøvrig med å møte Hjorthen på dette stevnet og kan diskutere ferieplaner da: http://www.hjortefestivalen.no/2007/
    hvor det blandt annet arrangeres “Testjakt på brølande hjorthebukk”. 😉

  • 18 June, 2007 - 8:14 pm | Permalink

    Leste nettopp i Adressa at de vil ha hjortejakt i Trondheim også, men de nevnte ikke om hjortene brøler.
    Hvis formannskapet sier ja til jakten, har de kanskje i det minste grunn til det?

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: