web analytics
Warning: count(): Parameter must be an array or an object that implements Countable in /customers/8/a/2/hjorthen.org/httpd.www/wp-includes/post-template.php on line 284

Rusa og hissig båtførar gjekk amok

Vitne kontakta politiet då ein synleg rusa og hissig mann i 50-åra gjekk amok i indre hamnebasseng i Florø. Mannen flykta i båt og politiet tok opp jakta.

Det var publikum ved Quality Hotel som tok kontakt med politiet etter at ein mann i 50-åra hadde vore oppfarande og hissig. Han hadde mellom anna kasta ein høgtrykksspylar på sjøen.

Politipatruljen vart kalla ut ved 18.45 tida, men før politiet hadde komme på staden hadde mannen flykta i båt. Politiet opp jakta.

Pågripen

Mannen vart pågripen i Solheimsfjorden ved 20.12 tida. Deretter vart han framstilt for lege og blodprøve. Mannen vart innsett i arrest ved 22.00 tida. Han vart dimittert onsdags morgon klokka 07.00.

– Firdaposten rapporterer om dramatiske tilstander i forkant av helgens båtmesse i Høljebyen.

Leave a Reply

%d bloggers like this: