web analytics

Fest og spetakkel

Det har vore nok å gjere for politiet i fylket natt til søndag.

Klokka 00.44: Ein mann i 50-åra nekta å fjerne seg frå ein utestad i Vågsøy. Politiet kom til, og viste mannen frå staden.

Klokka 01.08: Politiet fekk melding om husbråk i Førde. Nokre ungdommar heldt fest i eit hus, og det kom mykje folk. Politiet og naboar rydda opp.

Klokka 01.58: Vågsøy. Ein mann i 60 åra krangla og kom med truslar mot vaktene på ein utestad. Politiet vil følgje opp denne saka over helga.

Klokka 02.52: Ein bil køyrde av vegen i Erdalen. Ein mann i 30-åra er pågripen, mistenkt for promille.

Klokka 03.24: Politiet fekk melding om støy og bråk frå ei bustadadresse i Førde. Politiet kom og løyste opp festen. Festdeltakarane ville ikkje gje seg med dette, og heldt fram med festen i etterkant. Difor måtte politiet rykkje ut att klokka 05.20, og løyse opp att festen ein gong til.

Klokka 04.06: I Måløy freista to mindreårige jenter å overnatte i eit salstelt. Politiet køyrde jentene til ei adresse der dei kunne overnatte.

Klokka 04.39: Ei dame i Førde ringde politiet fordi ho hadde problem med kjærasten sin. Då politiet kom til staden, viste det seg at det var dama som var skuld i problema. Ho fekk fleire beskjedar av politiet som ho ikkje retta seg etter. Dama vart difor teken med på politistasjonen, der ho vart ilagt førelegg før ho vart dimittert.

Klokka 07.00: Ei åtte fot stor jolle vart funnen utan eigar i Måløy.

Firda kartlegger politiets lørdagsnatt i detalj, og dokumenterer at det finnes et skrikende behov for mer ressurser

5 Comments

  • 4 August, 2008 - 8:02 am | Permalink

    Jeg likte best den med dama som hadde problem med kjæresten sin. Ettersom det ikke står noe om vold her så får jeg tro teksten slik den faktisk står. Jeg var ikke klar over at vi hadde kjærestepoliti og at det går an å ringe hvis man har problem. Og så finner de ut hvem som har rett og feil da? Og tar med seg den som har feil til stasjonen slik at de der kan si fra om hva som er rett? Dette er jo en super ordning.

    • Hjorthen
      4 August, 2008 - 5:55 pm | Permalink

      Jeg tror kanskje det dreier seg om et prøveprosjekt? Eventuelt så er det en tjeneste som kun er tilgjengelig her ute i utkant-Norge?

      Genialt er det uansett!

  • 4 August, 2008 - 8:29 am | Permalink

    Og om man ikke vil ringe politiet, fr. martinsen, vil det overraske deg hvor mange som syns det er helt okei å ringe husverten. 😀

    • 4 August, 2008 - 11:22 am | Permalink

      Og hva pleier du å gi til råd, er du flink til å ta riktig parti og dele ut passende straff?

      (og der fikk jeg endelig prøvd reply-funksjonen. selv om jeg skjønner hvordan den virker er det gøy å gjøre det. jada, jeg blir glad av små utfordringer.)

      • 4 August, 2008 - 5:50 pm | Permalink

        Jeg er en røver på å si “nå skal du få snakke med en som har greie på dette” og sette telefonen over til en i etasjen over jeg ikke er så begeistra for. Reply ruler.

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: