web analytics

Leikeplass i sentrum

Ukas bidrag fra undertegnede i lokalavisa:

Florøs eneste lekeplass er av eldre dato
Florøs eneste lekeplass er av eldre dato

For ti år sida var værmeldingane på TV2 den einaste grunnen til at eg visste kor i landet Florø låg. Eg veit ikkje korleis Florø klarte å havne på dette kartet; kanskje var det slik at dei prøvde med Førde først, men fann ut at dette ikkje var noko vits i, sidan bygdebyen heile tida havna bakom frontpartiet til Eli Kari Gjengedal. Eller kan hende var det heller slik at Siri Kalvig skulda Øyvind Alsaker ei teneste? Uansett årsak så kan ein vel seie at TV2-været verkeleg har sett Florø på kartet- bokstaveleg tala.

Sommaren for ti år sidan vitja eg Florø for første gong, så eg feirar på ein måte mitt heilt eige jubileum i desse dagar, eit heilt år før det verkeleg store jubileet. Florø by fyller 150 år i 2010, og skal feire seg sjølv heile året til ende. Innbyggarane renn over av spenstige innspel til markeringa, og alt frå akvarium, til paviljong og utsiktstårn har vore omtala. Ikkje eit vondt ord om desse forslaga, men eg har eit forslag eg også.

Eg er nemleg så heldig at eg har ein del fri på dagtid; tid eg har brukt til å vere heime med små barn; og der er ein ting som har vore ei kjelde til irritasjon her i kystbyen: Mangelen på leikeplass i sentrum. Eg har budd fleire stader i landet, men eg trur faktisk at Florø er den einaste av plassane som ikkje har så mykje som eit klatrestativ i parkområda. Ikkje ein gong ei sandkasse som dei narkomane kan nytte til å kaste sprøytene sine i for å skape panikk hos småbarnsforeldra finn ein i sentrum, så lenge ein ikkje er i barnehage eller på skule.

...og ikke akkurat godt vedlikeholdt.
...og ikke akkurat godt vedlikeholdt.

Visst kan vi gå til gakk- gakk ved Storevatnet, og det gjer vi også, gjerne fleire gonger i veka. Men endene der opp får så mykje mat at ein lyt stå tidleg opp om morgonen for å få noko respons frå dei, sjølv om ein lokkar både med fersk frøloff og nesten nye hamburgarbrød med sesamfrø og det heile. Måsene derimot, dei tek i mot alt dei kan få, der dei kretsar over vatnet som gribbar på jakt etter mann over bord, hylande på noko som minnar stygt om den siste plata til Mari Boine, men det er ikkje same sjarmen å mate dei.

Vi kan gå på Amfi og køyre heis og rulletrapp, det er jo eit slags leikeapparat for toåringer, men det vert fort keisamt for den vaksne. Dessutan er det umogleg å gå på Amfi utan å kjøpe is, og vi veit alle kva kosthaldsekspertane meiner om den slags. Sjølvsagt kan vi også gå på biblioteket, men det er berre det at purregebyret på den Ludde-boka vi ikkje klarer å finne att no har kome opp i slike høgder at eg ikkje har råd å gå dit før feriepengane kjem.

Derfor vert det ofte til at vi blir sittande heime og sjå på Sauen Shaun på dvd i staden, og vi veit jo kva friluftsentusiastane og barneoppdragelsefantastane meiner om barn og TV.

Det er ingen tvil om at ein leikeplass i sentrum ville blitt eit populært tilbod, eg trur det er fleire enn meg som har sakna nettopp dette. Og kvifor ikkje nytte sjølvaste 150- års jubileet til å få dette på plass? Om ikkje kommunen sjølv har råd, så kunne kanskje det lokale næringslivet hjelpe til med nokre kroner? Når SFE kan bruke 100 000 kroner av straumpengane våre på sildebord, har dei kanskje litt til overs til ein leikeplass også?

Eg ser i alle fall føre meg ei storstilt opning av den nye leikeplassen neste vår, og kanskje kan vi invitere desse kjekke vêrdamene i TV2 til å klippe snora; dei som allereie har gjort så mykje for å sette Florø på kartet. Berre leikeplassen ikkje er så liten at den forsvinn bak fronten til vêrdamene, så er eg godt fornøgd!

3 Comments

  • Guri
    14 June, 2009 - 11:53 am | Permalink

    Nynorsken din vert stadig betre 🙂

    • Hjorthen
      14 June, 2009 - 12:00 pm | Permalink

      Takk skal du ha, men sannheten er at den blir verre og verre. Heldigvis bor jeg sammen med ei som er i stand til å språkvaske meg 😳

  • Guri
    14 June, 2009 - 3:40 pm | Permalink

    Så eigentleg er det Flopsy som blir betre og betre på å språkvaska? 😈

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: