web analytics
Warning: count(): Parameter must be an array or an object that implements Countable in /customers/8/a/2/hjorthen.org/httpd.www/wp-includes/post-template.php on line 284

Frå ein syk manns dagbok

svinfluensa

Eg synes det er like bra å seie det først som sist. Denne skribenten er hardt ramma av svineinfluensaen, og det kan ikkje utelukkast at dette kjem til å prege spalta mi denne veka. Om du er ein av dei mange som ikkje tilhøyrer ei av risikogruppene, og dermed framleis ikkje har fått vaksine, så vil eg berre ha sagt at herfra og ut les du på eige ansvar. Eg skriv dette med munnbindet på, eg har vaska både hender og tastatur i bourbon-whisky (det er det einaste den kan brukast til uansett), og eg har gjort alt som står i mi makt for å hindre smitten i å spreie seg. Eg trur du kan kjenne deg rimeleg trygg, men du får gjere di eiga risikoanalyse, eg tek ikkje ansvaret. Er du i tvil kan du ringe smittevernlege Dale, men sei for Guds skuld ikkje noko om NAV og bankhola.

Det er ikkje berre eg som er ramma av svineriet, heile familien har fått det. Sambuaren og eg ligg på kvar vår sofa og kranglar om kven som har mest feber, og om kven som skal gå i butikken for å kjøpe brød og spreie virus. Det er tøffe tider i Markegata. Toåringen er nesten frisk igjen, og har for mykje energi til å sitte stille og sjå på Drømmehagen. Han innbillar seg at pappaen er ein kombinasjon av leikestativ med rutsjebane og seilbåt med heisekran. Han klatrar opp på magen min, ropar ship o’hoy og sklir ned på beina mine som heng utfor kanten av sofaen, og plutseleg er det tomt for febernedsettande. Eg tek meg i å ønskje meg eit lite snev av komplikasjonar. Ikkje så mykje, men nok til at eg kunne fått eit par dagar i fred og ro på sjukehuset.

Men så heldig er eg ikkje. Eg har lågare feber enn sambuaren, og dermed vert det eg som må gå og handle.

Verda var i det store og heile lettare før. No til dags må ein heile tida ta stilling til kompliserte spørsmål. Skal ein velge å døy av svineinfluensaen, eller er vaksina enda farlegare? Jens eller Jensen? NAV her eller NAV der? Pest eller kolera? Det hadde vore enklare om valet sto mellom Pepsi og Coca Cola, men så lett slepp ein ikkje unna etter fylte førti. På syttitalet var alt mykje bedre. Det var berre nokre få reglar ein trong følgje for at det skulle gå godt i livet. Ikkje bade rett etter eit måltid, då ville du få krampe og drukne. Denne regelen gjaldt også i badekaret. Ikkje gå ut med vått hår, for då vart du sjuk. Ikkje leike med plastposar, for då fekk du hovudet ditt fast i dei og vart kvelt. Og farlegast av alt: paraplyar. Spilene på desse var livsfarlege, og kunne stikke ut auga dine.

Om ein berre passa på desse fire punkta, så var alt i orden. Alt anna var bagatellar. Når ein var sjuk fekk ein vere heime frå skulen nokre dagar, og det vanka brus, is, kos og fargetusjar. Kontrasta til dagens situasjon kunne ikkje vore større, og eg undrar på kor tid alt begynte å gå gale.

Var det når eg begynte å dusje etter frokost i staden for før? Var det når håret forsvann, og eg ikkje lenger trong å tenkje på at det måtte være tørt før eg gjekk ut? Eg veit ikkje, men noko er i ulage. Verda er ikkje lenger på skinner. Vi som var unge på syttitalet tek ikkje lenger plastposen sitt dødelege potensiale på alvor. Vi ler av forrige generasjon si respekt for paraplyspilene si umettelege tørst etter auger å spidde, og på det viset har vi kanskje rysta verda i sine grunnvollar? Gjennom å ignorere forfedrenes visdom har vi lagt vegen open for større farer. Som svineinfluensaen. Og Bjarne Håkon Hanssen.

Eg tek i kvart fall ingen sjansar, heretter skal plastposar og paraplyar ut av huset. Død over svineinfluensaen!

Den observante leser har antagelig allerede gjettet at dette er lørdagens spalte i lokalavisa, harvet ned i feberrus og med store smerter i kroppen på kort varsel i går kveld. Bildet er rappet fra Flickrbrukeren BrettArthurPhoto, men siden det er publisert under Creative Commons tviler jeg på at han blir sint. Og ellers? Sykemeldingen min gikk ut ved midnatt, så lørdag er det tilbake på jobb. Hurra.

7 Comments

  • 14 November, 2009 - 9:45 am | Permalink

    God betring, hr Hjorth 🙂
    Eg sit nett og ser på ein plastpose. Han skal vekk. Det er på tide å ta slike ting på alvor.

    • Hjorthen
      14 November, 2009 - 2:23 pm | Permalink

      Bra! Alt var mye bedre på syttitallet!

  • Pingback: Nei, atte… nå ler vi litt’a?! « Under stjernene

  • 18 November, 2009 - 12:20 pm | Permalink

    Haha, takk for morrakvistens humreinnlegg. Må ikke glemme: Se på tv til man ble firkanta i øynene!!

    • Hjorthen
      18 November, 2009 - 7:10 pm | Permalink

      Formiddags TV ja, det er tingen. Er ikke bare øynene som blir firkanta av det!

  • 18 November, 2009 - 7:43 pm | Permalink

    😀
    Riktig god bedring til alle i heimen!

    • Hjorthen
      22 November, 2009 - 8:03 am | Permalink

      Takk takk! Morsomt at denne posten, eller rettere sagt denne spalten, er den som jeg så langt har fått mest respons på i lokalmiljøet. Det er den spalten jeg har jobbet desidert minst med. Men folk kjenner seg vel igjen.

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: