web analytics

Statuer og snømenn

Creative Commons License photo credit: Clearly Ambiguous

De morsomste postene å skrive er de hvor det bare renner ut av seg selv. De postene der jeg slipper å sitte å gnikke og gnure på tekst og tanker før det blir noe jeg er sånn passe fornøyd med. Når jeg tenker etter så er det lenge siden disse instant-bloggpost-postene har dukket opp, men lørdagens spalte til Firdaposten var en slik. Jeg hadde egentlig tenkt å skrive om noe annet, jeg hadde to alternativer, og utsatte skrivingen litt i lengste laget i påvente av at jeg skulle klare å velge en av variantene. Torsdag ettermiddag satte jeg meg ned, og når jeg begynte å skrive så ble det ingen av dem.

I stedet ble det denne her, jeg vet ikke hvor morsom den er for dere som ikke er lokale, men selv var jeg i hvert fall godt fornøyd. Henvisningen til Yoko Ono i siste linje der er ikke tatt ut av løse luften, det er et lite nikk til den lokale fritenker Rune Amundsen, som i avisa på torsdag ville ha et fredstårn i byen, med utsikt i alle himmelretninger. Drømmen var at Yoko Ono kunne komme og åpne dette tårnet. Så derfor…

Statuer og snømenn

Eg kjem opphavleg frå Skien, Ibsens fødeby veit de, og det er ikkje ei overdriving å seie at dette prega byen på mange vis. Ikkje minst så prega det lokalavisene, der det knapt gjekk ein einaste dag utan at ein lokal Ibsen-entusiast hadde eit langt lesarbrev der ho sparka i alle retningar, særleg til politikarane, og klaga på at dei ikkje gjorde meir for å vise verda at det var akkurat her diktarhøvdingen kom til verda. Det einaste vi som budde i Skien var meir lei av enn Ibsen, var alle Ibsen-entusiastane. Dei var nok ein minoritet, men dei gjorde mykje av seg.

Slik sett så var det ei lette når eg kom flyttande hit til byen. Her er det ingen som bryr seg verken om Ibsen eller teater, alle er einige om at alle statuer i byen skal ha innslag av fisk og/eller sydvest, og det einaste ein kranglar om når det gjeld statuane er kven det var som først kom opp med ideen.  Men eg fekk eit lite flashback når eg las i torsdagens avis at Bjørg Mikalsen ikkje var så begeistra for alle desse fiskarstatuane, og tok til orde for å sette opp ei statue av Jens Helmers i byen.

Ikkje at eg veit kven han var, men av bildet i avisa ser eg jo at han delte Ibsens fascinasjon for kinnskjegg, og namnet hans minnar dessutan frykteleg om han tusseladden Helmer i «Et dukkehjem». Som sjølverklært feminist vil eg på det sterkaste protestere mot å sette mannssjåvinistar på sokkel, og den kinnskjeggmoten trur eg ikkje vi skal oppfordre nokon til å ta opp att.  Men det eg reagerar sterkast på er at Bjørg Mikalsen seier at namnet hans er borte frå bybildet, med unntak av ein parkeringsplass. No har det seg nemleg slik at eg bur i eit gamalt hus midt i byen, eg har verken garasje eller parkeringsplass, og må gå gjennom halve byen kvar gang eg skal bruke bilen. Men Jens Helmers derimot, han har vore død i 112 år, og har fortsatt eigen parkeringsplass i sentrum. Dette er ikkje rettvist, eg opplever det rett og slett som eit slag i ansiktet!

Så om vi no på død og liv må ha ei statue av Jens Helmer i byen, så meiner eg at det ikkje er meir enn rett og rimeleg at eg får parkeringsplassen hans.

Men eigentleg er det noko litt gamaldags med statuer. Det passar liksom ikkje heilt inn med vårt moderne sosialdemokratiske sinnelag å sette folk på sokkel. Det var slikt dei dreiv med i gamle dagar det. Hadde det vore for hundre år sida hadde vi til dømes hatt ei statue av Håvard Lothe på plass i byen for lenge sida, særleg etter at han vann Luttpris og vart årets fylkestopp.  Mogleg at han hadde hatt sydvest på seg, og fisk i nevane, men statue hadde det blitt, det kan du sverge på. Men i det moderne Noreg lagar vi heller kunstverk som ingen skjønar kva skal likne på, og dette bind folket saman i felles forakt for moderne kunst. Nasjonsbygging i praksis, og eit klart framsteg spør du meg. Statuanes fremste funksjon er vel uansett å vere toalett for fuglane, og det synes eg faktisk ikkje vi skal bruke skattepengar på.

I staden for ei statue av Jens Helmers, så vil eg audmjukt foreslå at vi gjer oss nytte av den unormalt snørike vinteren vi har i år. La oss alliere oss med brøytemannskapa, samle ein enorm haug med snø på Jens Helmers plass, og så bygger vi ei enorm snømannstatue av brøytesjef Willy Stenbakk. Snøen som blir til overs lager vi snøballar av, og så kan alle som er frustrert over vinterens snømåking kaste ein snøball på Stenbakk når dei er ute og handlar.

Kanskje kan vi til og med få Yoko Ono til å komme og kaste den første stein?

2 Comments

  • 31 January, 2010 - 10:28 am | Permalink

    Ha ha, nasjonsbygging i praksis ja med de moderne statuene, det hadde jeg ikke tenkt på nei. I min by, Oslo, har man forresten tatt hensyn til den folkelige smaken og plassert naturtro dyreskulpturer utenfor butikkene i de østlige bydelene, akkurat passe høye og store til at småbarn kan sitte på dem.

    Men det jeg egentlig skulle si var at det er en likhet til mellom Helmers og Ibsen, for her i byen har Ibsen ikke bare parkeringsplass, men et parkeringshus, fint skal det være.
    Han har vel en veitunnel like ved også egentlig.

  • Hjorthen
    31 January, 2010 - 6:36 pm | Permalink

    Jeg hadde heller ikke tenkt på det der før det plutselig datt inn i skallen mens jeg skrev. Men naturtro dyreskulpturer som barn kan klatre og sitte på er jo glimrende. Husker vi hadde et slikt rådyr i skolegården der jeg gikk i småskolen. Det var veldig fint!

    Tenkte også på Ibsens parkeringshus, hvis det er godt nok for ham så må det vel være godt nok med en parkeringsplass for Helmers?

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: