Home » Hummer og kanari

Varmepumper og sokkemonstre

Submitted by Hjorthen on 9 March, 2010 – 11:41 pm9 Comments

Eg har til nå ikkje vore særleg religiøs av meg. Greitt, om folk vil tro på Gud, Allah, Cthulhu eller flygande spaghettimonster så er det heilt greitt for meg, berre dei ikkje plagar meg med det. Dei kan tro på kva dei vil, berre dei held det for seg sjølv, og for Guds skyld ikkje blandar staten opp i det. Slik har eg meint det skal vere, og mi tru på den sekulære stat har eg også overført til organiseringa av familien.

Der er det slik at sambuaren min er Stortinget, ho vedtar lover og reglar. Sjølv så er eg ei slags mindretalsregjering. Eg kan kome med mine framlegg, men om eg vil ha dei vedtatt så krev det ofte forhandlingar, kompromissar, og store endringar i det eg først la frem til behandling. Og når Stortinget har fatta vedtak, så er det regjeringa, altså mi, oppgåve å få vedtaket gjennomført.

Familiens yngste medlem har rolla som lobbyist og interesseorganisasjon. Han kjem stadig med innspill om sine hjartesakar til båe Storting og regjering, hovudsakleg om ting som Xbox, lyssablar, og frekvens på utdelinga av godteri. Får han ikkje medhald hender det at han tar saka til domstolen, altså bestemor.

Og akkurat som Noreg, så har familien eit overhovud som berre er formelt. Kvite Pusi er dronninga av familien, men hennar oppgåver er berre seremonielle.

Slik har det vore. Vi har ikkje hatt nokon plass for kyrkja i den sekulært organiserte familien vår. Det einaste overnaturlige vesenet vi til tider har trudd på er sokkemonsteret. De veit, den velkjende skapningen som stel sokkar slik at det alltid er ein sokk for lite når skittentøyet har vore igjennom vaskemaskina. Dette sokkemonsteret har vore ein kilde til fleire teologiske diskusjonar i heimen, eg har nemleg ein teori om at sokkemonsteret er misforstått. At det ikkje stel sokkane våre. At det ikkje er ein sokk for lite etter at vaskemaskin og tørketrommel har gjort sitt, men at det faktisk er ein sokk for mykje. Sokkemonstret stel ikkje sokkar, den gir oss sokkar, ein etter ein. Sokkemonsteret er kanskje ikkje eit monster i det heile tatt, det er ein skapning som vil oss vel, som freistar å komme i kontakt med oss gjennom sjenerøs utdeling av slitne sokkar.

Stortinget har så langt ikkje vore villeg til å akseptere mine teoriar, men eg satsar på at vitskapen før eller sidan vil gje meg rett.

Men det har vore ein lang og kald vinter, og det har medført endringar i vår sekulært orienterte familie. Det har seg nemleg slik at vi installerte varmepumpe i fjor haust, og sidan da har ingenting vore det same. Det starta i det små med at familiens formelle overhovud, Kvite Pusi, ikkje lenger ville ligge på pleddet og kose, men heller ville ligge i den varme lufta på golvet under varmepumpa. Så begynte Stortinget å stille seg opp under varmepumpa når ho kom ut frå dusjen, og seinast i dag tidleg sto eg sjølv og kikka ut på den nye halvmeteren med snø som hadde falle i løpet av natta, kjende varmlufta i nakken, og tok meg i å sende ein takk til høgare makter. Altså varmepumpa.

Da forsto eg det. Varmepumpa er familiens nye Gud, vår religion, det er den vi tilber. Den gir oss varme når det er kaldt, styrke når vi er svake, og eg skjønar ikkje korleis vi har klart å eksistere i den mørke tida før vi opna døra og hjartet for den.

Så nå er eg nyfrelst, og kjem snart til å møte opp på Flora ungdomsskule for å spreie min glade bodskap, dele ut varmepumpebrosjyrar, og innkalle dei av ungdommane som ønskjer det til varmepumpekonfirmantundervisning. Eg reknar med at rektor Geir Knapstad vil ta godt i mot meg.

Related posts:

  1. – Kven har skrudd ned skiltet?
  2. Kåre Lyskebrokk: Trøbbel med sukker
  3. Alle gode ting er sju
  4. Skikk og (mobil)bruk
  5. Her blir det fest!

9 Comments »

  • Avil says:

    Haha, glitrande! Og så vakkert språk!

    [Reply]

    Hjorthen Reply:

    Og siden det kommer fra deg så tar jeg det som et kjempekompliment, og velger glatt å overse at jeg har hatt hjelp både fra stavekontroll og Arve Solbakken i Firdaposten til å luke ut bokmålsugress her :lol:

    [Reply]

  • Avil says:

    Ta det til deg. Skriv meir på rette målet, du.

    [Reply]

  • Muriel says:

    Fantastisk :D Du kler nynorsk!

    [Reply]

    Hjorthen Reply:

    Takk takk, alt kler den smukke!

    [Reply]

  • tb says:

    Flott nynorsk, ja!
    Og godt å finne religionen, omsider… Men husk at gud dør når det blir femten minus eller deromkring… :shock:

    [Reply]

    Hjorthen Reply:

    Ja, når det fryser i Helvete, eller når strømmen går, da er ikke Gud mye verdt!

    [Reply]

  • Eg må sei det same som Avil her: Herleg nynorsk!

    [Reply]

    Hjorthen Reply:

    Nå må dere ikke skryte så mye av meg når jeg for en gangs skyld har skrevet nynorsk UTEN å få hjelp av Flopsy til språkvasken da. Hun kan jo begynne å føle seg overflødig stakkar!

    [Reply]

Leave a comment!

Add your comment below, or trackback from your own site. You can also subscribe to these comments via RSS.

Be nice. Keep it clean. Stay on topic. No spam.

You can use these tags:
<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

This is a Gravatar-enabled weblog. To get your own globally-recognized-avatar, please register at Gravatar.