web analytics
Hummer og kanari

Gje penger til pengebingen

Den årlege TV-aksjonen er ein norsk institusjon. Ein søndag i oktober gjer NRK nesten heile sitt sendeskjema til denne hendinga, og hundretusener benkar seg foran TV-skjermen. Dette har dei gjort heilt sida 1974, hvilket er om lag så langt tilbake eg kan hugse. På syttitallet var dette svære greier. Noko vi måtte sjå og følge med på. Korleis lå vår kommune an i giverglede? Hadde vi gitt meir penger enn oppkomlingane i nabokommunen? Dette var viktig, sjølv om summen av penger som kom inn nok var litt abstrakt for oss barna. En flaske Coca Cola, 0.33l kosta to kroner og femti øre. Kor monge flasker kunne vi fått for dei 54 millionane 1977-kronane som vart samla inn til Kirkens Nødhjelp det året? 21 600 000 stykker. Det er mykje Cola! Sånt kunne vi tenke på.

Det var på den tida TV-aksjonen var på sitt mest populære. i 1979 fikk Flyktningrådet inn 74,1 millioner kroner. Omregna til dagens verdi er det 286 millioner kroner og vekslepenger. Ein rekord som aldri har blitt slått. Sannsynligvis blir den ståande til evig tid. Når Flyktningrådet var mottaker for aksjona siste gong i 2010 fekk dei pene 226 millionar, etter dagens verdi. Ein nedgang på 60 millioner, til tross for at vi er fleire folk, og har større kjøpekraft enn på syttitalet. Om vi har blitt meir selvopptatte, eller om vi berre ikkje har kontantar lenger når bøssebæraren kjem kan man spekulere i.  Det er likevel ikkje til å kome frå at glansen har gått litt ut av TV-aksjonen. Dei siste ti åra har kritikken økt i styrke. Kvart år er det nokon som har noko å kritisere.

Mykje av den kritikken har vore både viktig og riktig. TV-aksjonen er eit merkeleg samansurium av show og slapp journalistikk. Den har vore med på å halde gamle myter om verden i sør vedlike, og skal ha noko av skulda for at mange nordmenn trur at Afrika er ei sydande pøl av sult, fattigdom og hiv-smitta barn dopa på norsk utviklingshjelp. Dei siste åra har det også blitt meir og meir vanleg å stille kritiske spørsmål ved sjølve konseptet utviklingshjelp. Eit meir kritisk blikk på arbeidet bistandsorganisasjonane gjer har kommet, og det har vore naudsynt. Men i år har spørsmåla vore av ein litt annan art. Finansavisen har “avslørt” at Røde Kors har tre milliardar kroner sylta ned i aksjefond. Årets pengeinnsamling går til ei pengebinge seier dei, og dette har falt fleire tungt for brystet. Ikkje minst Frps Christian Tybring-Gjedde.

Krisa i Syria og Irak er den verste krisa sida andre verdskrig, sa han, men dere sit her med tre milliarder på bok. Og nå skal dere ut og be om 250 millionar til. Dykk får ikkje fem øre av meg så lenge dykk ikkje brukar av pengane som er salta ned i Noreg. Så sinna var han, at han glemte at han representerer eit parti som sitter i regjering, og som i fjor foreslo å kutte fire og ein halv milliard på bistandsbudsjettet. Mens folk dør, brukar dere ikkje av formuen, sa han, og kunne like gjerne sagt det til si eiga finansminister.

Siden har det hagla med kritikk mot Røde Kors i kommentarfelt og på Facebook. Ikkje alt like gjennomtenkt eller velformulert. Dei fleste ser ikkje ut til å ha fått med seg at pengane i aksjefondet til Røde Kors ikkje kjem frå staten eller frå innsamla midler. Det er penger frå speleautomatane dei i si tid gjorde gode penger på. Når signala frå staten var at ein ville gje Norsk Tipping monopol på dei pengane var Røde Kors forutseande nok til å sette pengene i eit fond, for såleis å kunne ta ut aksjeutbytte kvart år som erstatning for dei pengane som forsvant til Norsk Tipping på Hamar. Det er heller ikkje slik at pengene som vart samla inn på søndag vil hamne på børsen. Dei vil gå til konkrete prosjekt, i ni forskjellige land, samt til flyktningearbeid i Noreg.

Ein kan altså stille spørsmål om det er rett å gi Røde Kors TV-aksjonen, når dei har så mykje penger på bok. Akkurat som ein kan spørre om det er rett av meg å betale skatt til kongeriket så lenge Oljefondet enn så lenge renner over av penger. Eller om ein verkeleg skal kjøpe lodd for å hjelpe Florø Fotball å bli eit topplag i fotball, og kanskje vinne ein Ford Fiesta i same slengen, når dei sjølv ikkje har nokon skruplar ved å bruke ein halv million kroner på å dra til Las Vegas. Dette er spørsmål ein kan spørre seg, eller diskutere. Eg skjønar det.

Det eg ikkje skjønar er kvifor nokon nå verkar å vere fly forbanna på at Røde Kors faktisk driv godt, med lave administrasjonskostnadar, høg formålsprosent, og ser ut til å forvalte midla dei rår over på ei slik måte at dei kjem folk som treng det til gode. År etter år etter år. Det kan da ikkje vere anna enn ei god ting?

Hummer og kanari

Fotballfeber

Florø er råka av fotballfeber. Med siger mot serietoaren Nest-Sotra på stadion, er opprykket sikra, og folk har gått langsamt frå vettet. Dagleg denne veka har eg fått spørsmål om eg skal på kamp, og når eg seier at eg i staden tek familien med på ein liten haustferie til Bergen, blir eg møtt med vantru. Eg forsvarar meg med at eg er innflyttar, men det fell for døve øyre. Dette er ikkje godkjent fråversgrunn. Eg står i fare for å måtte gå dette året om igjen. Men eg står på mitt. Eg har ikkje vore på stadion sidan Bengt var ei maskin på topp, og resten av laget stort sett var svenskar i varierande grad av forfall. Skulle eg plutseleg møte opp der borte no, er eg ikkje noko anna enn ei simpel medgangssupportar, og det er noko av det verste ein kan vere. Rekesmørbrød-brigaden, som Roy Keane kalla dei i si tid. Avskum.

Nei, eg er ikkje medgangssupportar. Eg er motgangssupportar. Fotball skal vere liding. Fotball skal vere alle dei gongene det nesten går, men så går det gale til slutt. Fotball er, som Jo Nesbø så vakkert skildrar det, Harry H. som driblar alt som kan gå på vårparten. Han driblar døden. Finter fanden ut i pølsebua. Men når hausten kjem, må han berast av bana med skade. Gullet glepper. Det blir tap i semifinalen. Fotballen blir eit poetisk spegelbilde av sjølve livet. Det er den draumen me ber på, at noko vidunderleg skal skje. Og kanskje skjer det på laurdag. Men som oftast ikkje. Ein må lære seg å tape, men likevel halde hovudet høgt. Dessutan er det alltid ein dommar ein kan skulde på.

Men der Florø har vore i ei boble av fotballglede, forventningar og våte draumar i heile haust, har situasjonen vore noko annleis i resten av idretts-Noreg. OL i Rio var dei dårlegaste leikane på 52 år. Martin Johnsrud Sundby vart tatt for å ha meska seg litt vel mykje på astmamedisin, vart fråteken eit par sigrar i Tour de Ski og Verdscupen, og utestengd i to månader. Landslaget til Per-Mathias Høgmo har vore sørgeleg. Utspelt av Tyskland på heimebane, tap for Aserbajdsjan, og tysdag sleit dei i 75 minutt med å skape sjansar mot verdas fjerde dårlegaste landslag. Og nett når du trudde det ikkje kunne bli verre, gjekk sjølvaste nasjonalikonet, smellvakre bunadsblonde Therese Johaug bort og testa positivt for anabole steroidar – etter å ha vore lemfeldig med valet av lege og lypsyl i Livigno. Norsk toppidrett har blitt eit stort svart hol. For å sitere ein Facebook-ven av meg: Norsk fotball syg sure sokkar, skiforbundet er løgnaktig og gjennommedisinert. Eit gyllent høve til å leggje ned all norsk toppidrett og satse på at folk skal bli aktive og ha det gøy i staden for å bli passive, sjølvgode tilskodarar.

Under Ski-VM i Oslo i 2011 sat den svenske idéhistorikaren og nasjonalismeforskaren Sverker Sörlin på Litteraturhuset og forklarte det greske ordet Hybris for dei som høyrde på. Det finst meir daglegdagse ord. Overmot. Hovmot står for fall. Jo større dei er, jo hardare fell dei. Han minna om at det ikkje var heilt risikofritt å løfte langrennssporten opp til nasjonalidrett, som ein viktig byggestein i det norske hus. Eg kom til å tenke på dette då rådmannen tok heilt av i avisa og meinte at Florøs suksess på fotballbana var bensin for Florø-sjela. At det styrkjer identiteten vår, og gjer Florø til ein betre plass å bu. Det er eit snev av sanning i det så klart, men orda blir for store. Det skal ein passe seg for. Mi erfaring som fan av Odd i førti år er at når orda blir for store, går ballen i stonga og ut. Medaljen glepp. Vålerenga vinn cupen, og Rosenborg kjøper keeperen vår igjen.

Florø Fotball anno 2016 er eit eventyr. Eg håpar draumen blir sann, at vi kan fortsette å drøyme til neste år. Eg skal til og med ta meg ein tur på stadion då. Men fotball er fotball. Livet er så mykje meir, og det som gjer Florø til ein betre plass å bu er så mykje anna. Det er dei frivillige som stiller opp på språkkafé for å lære innvandrarar språket. Eller dei som styrer på med Sildebord og Kinnaspel kvar sommar. Det er ho som kjem køyrande med Paracet med banansmak når apoteket er stengt ein søndag kveld og jentungen har vondt. Det er han som tek med ei ekstra pakke gitarstrengar frå Førde til deg når G-strengen din har roke. Det er Gitte og Eirik på Lille Marked som held oss med livsnaudsynt ost og spekeskinke frå nært og fjernt. Det er dei som passar katten di når du har fått nok regn og må rømme landet ei vekes tid for å halde ut. Det er der næringsstoffa ligg. Fotball er trass alt berre ein bagatell. Eit krydder.

Men det smakar betre med eit lite dryss. Det gjer jo det.

Hummer og kanari

Kvite forteller vitser #29

– Vet dere hva Satan spiser til frokost?

– Nei? 

– Helhvete. 

Hummer og kanari

Schrödingers katt

Schrödingers cat photo
Photo by Dr LoveCherry

Schrödingers katt er eit tankeeksperiment sett fram av Erwin Schrödinger. Det er slik at du tek ein katt, ei giftflaske og ei radioaktiv kjelde og stappar alt saman inn i ein lukka boks. Du må vel ha med ein geigerteller også. Om det vert registrert radioaktivitet, vert flaska knust og katten døyr av gassen som slepp ut. København-tolkinga av kvantemekanikk impliserer at etter ei stund er katten samstundes både død og levande. Den er ikkje anten det eine, eller det andre, den er både død og levande på same tid. Haha, tenker du kanskje. Dette er slikt som skjer når ein har for mykje fritid og for lite å drikke. Ein tenker så mykje at ein blir heilt koko. Ein katt kan ikkje vere levande og død på same tid. Det er umogleg.

Eg er ikkje like sikker. Den gamle kvite katta eg held hus med verkar ofte å vere i ein tilstand der den er både levande og død på same tid, der den ligg urørleg på varmekablane utan å vifte med så mykje som eit lite værhår. Då må eg ofte bort og pirke litt i droget for å sjekke at ho fortsatt trekkjer pusten, og det gjer ho jo. Men eg skjønar kor gamle Schrödinger fekk ideen sin frå. I dei små sekundane frå eg strekkjer handa fram og klør katten bak øyret kjenner, eg på at katta er i ein mellomposisjon. Ho kan vere både død og levande. Eg veit ikkje svaret. For alt eg veit er det eit val katta tek akkurat i det eg når fram til pelsen. Skal eg vere død, eller skal eg vere levande i dag også? Jaja, får vel ta i mot litt kos, og kanskje ein boks med godmat i dag også då. Og så har vi det gåande. Purr purr. God morgen. Mjau. Nimmen!

Dei siste dagane har det slått meg at dette tankeeksperimentet kan brukast på fleire område. La oss seie at du er ein 35 år gamal familiefar. Ein dag postar du kanskje ein kommentar i ei lukka Facebook-gruppe. Du seier at ei tretten år gamal jente som har sagt noko du ikkje er einig i, burde ha vore utsett for både valdelege og seksuelle overgrep. Ja, du gjer faktisk det. Vaksne mannen. Då oppstår det ein situasjon som vi kan kalle for Schrödingers ekle mannssjåvinist. Ingen som er ved sine fulle fem kan meine at ei tretten år gamal jente, eit barn, skal utsettast for overgrep av noko slag, men det var det han sa. Var det verkeleg det han meinte? Vi kan ikkje vite om fyren er ein ekkel mannssjåvinist, potensielt ein sjuk og farleg overgripar, eller om han berre er ein særs dårleg komikar på fylla. Dermed blir han alt saman på ein gong. Heldigvis tar VG kontakt med ham for å sjekke. Dei opnar boksen for å sjå om han er levande eller død, kan du kanskje seie, og då får vi svaret. Han sat i si eiga boble, sa han. Tenkte ikkje på konsekvensane. Han hadde teke tre pils og sat og jazza med gutta. Du veit korleis det er, sa han.

Men vi veit ikkje korleis det er. Vi gjer ikkje det. Det villaste eg har gjort når eg har jazza med gutta er å spele ein Cmb7-akkord i staden for ein streit C7. Det er for all del gale nok det, men det kan ikkje samanliknast med valdtektsfantasiar og grisepreik. Det er dei færraste av oss som jazzar om den slags. Det er viktig å understreke. Fleire av oss kan nok le av smaklause vitsar vi kanskje ikkje burde le av, men det er ikkje så mange av oss som deler hemnporno eller snakkar varmt om straffepuling av navngitte personar på ei offentleg nettside. Det er ikkje det.

I eksperimentet til Schrödinger er saka grei. Du opnar boksen, og katta er enten levande eller død. Svaret er avgitt. I spørsmålet om Schrödingers ekle manssjåvinist er ikkje svaret opplagt. Sjølv om VG har opna boksen og fått til svar at dette berre var ein mislukka komikar med dårleg smak og timing, kan vi ikkje vite om det faktisk er sanninga. Kan det vere noko han berre seier for å kome seg ut av ei knipe utan å miste ansikt? Heilt sikre kan vi ikkje vere, utan å observere nøye over tid. Schrødingers ekle mannsjåvinist blir ein tilstand det er vanskeleg å riste av seg når katta først er ute av sekken. Hugs at det som skjer på Internett er verkeleg. Det er offentleg, sjølv om gruppa er lukka, berre det er mange nok som kan lese det. Det kan kome tilbake og knyte saman lissene på skoa dine. Sørge for at du går skikkeleg på snørra. Så bruk hovudet. Og impulskontrollen. Om du har noko slikt.

Erwin Schrödinger vart sjølv så lei av denne katten sin, at han vart sint om du spurte han om korleis det stod til med den. Heile tankeeksperimentet var visst meint som ein spøk, han hadde sjølvsagt ikkje vore stygg med katten sin. Sa han. Men sikre kan vi ikkje vere. Kanskje det berre var noko han sa for å kome seg ut av ei knipe. Schrödingers dyreplagar.

Hummer og kanari

Superhumanist slår tilbake

humanism photo
Photo by Gruenemann

Det hender av og til at folk kjenner meg igjen på gata eller i butikken, og får lyst til å veksle eit par ord med meg av di eg boltrar meg på denne sida i Firdaposten kvar bidige laurdag. Det er alltid hyggeleg. Her for litt siden var det ein fyr som kom bort for å seie frå at denne sida som du leser no, er det einaste han les i laurdagsavisa. Dessuten ville han advare meg mot å bli alt for sosialisert og påverka av dei andre tusseladdane i Firdaposten-redaksjonen. Det kan du ta heilt med ro, roa eg han ned med. Eg har ikkje satt mine bein i redaksjonslokalene på årevis, og heng berre saman med dei folka der når eg kan få ei tallerken gratis mat ut av det. Men kvifor held han avisa om han ikkje les noko anna enn det eg skriver? Er det kanskje for å få sjå biletet av Liv Standal i heilfigur når ho skriv for eiga reikning enno ein gong? Eg veit ikkje, men om det verkeleg er sant at han blar forbi resten av avisa er det litt synd. Då gjekk han glipp av forrige laurdags lesarbrev frå Ole Kulterstad, som ga både den ordentlege journalisten, Dag Frøyen, og undertekna rimeleg hard medfart. Det var stor underhaldning.

For dei som ikkje las dette innlegget kan eg gje eit kort samandrag. Frøyen er ein frekk, arrogant og stigmatiserande mobber av verste slag. Eg er ikkje stort betre. Kritikklaust jublande over alle former for masseinnvandring og flerkultur verkar vi nesten rusa. Vi får ikkje nok. Frøyen og Hjorthen kan sjølvsagt ikkje i sin villaste fantasi tenke seg å overta nokon annans land, dei er jo så snille og gode. Superhumanistane. Men ein dag skal vi nok røykast ut og stilles til ansvar i eit nytt landssvikaroppgjer. Kanskje var det på tide med ein kulturrevolusjon, der Frøyen vart frisør, og kunne starte med å klippe håret på underteikna? Faren for skamklipping var minimal. Til slutt så rundar han av med å spekulere i at det nå blir kråketing i redaksjonen og febrilsk leiting etter “brunt grums” som kan stoppe kjeften på en slik brysom leser som ham.

Men kråketinget i redaksjonen valgte å slippe lesarbrevet gjennom sensuren. Eg meinar dei burde latt vere, men aldri så galt og så vidare. Eg, og fleire med meg, fekk i det minste ein god latter. Etter at Dagbladet stengte kommentarfelta sine har det blitt litt vanskelegare å få si daglige dose av parodisk gammelmannsrasisme. Det blir ikkje heilt det same å lese satiresider som 5080 og Nasjonens Øye, som å lese ekte vare. Dette var friskt! Men ved nærare etterlesning setter låtten seg fast i halsen. Landssviker og borgarkrig-retorikken. Hintet om at dei som har vært så uheldige å bli drept av innvandrarar nok ikkje var redde nok for brun hud, og dermed kanskje berre kan skulde seg sjøl. Superhumanister som Frøyen og eg likar kanskje ikkje å tru det, men dette er haldningar som finst der ute, kanskje er dei aukande, og det bør vi ta på alvor. Som Amal Aden nyleg skreiv, nettopp i Dagbladet. Radikaliseringa av etnisk norske middelaldrande menn er skummel. Vi må være på vakt når nokon snakkar om islam og muslimer heile tida og er redd muslimer vil overta Norge. Eller når nokon kun sitter foran PCen og er sinte og sprer hat og fordommer. Dei er der ute, og forrige veke var dei også her inne. Då kan vi snakke om det. Det er bra.

Til slutt er det bra at dette innlegget kom på trykk av di vi kan ta det som ei utfordring. Ei sjanse til å rydde opp, og klarlegge kor vi står. Mitt standpunkt har vore at Noreg, med våre ressursar, sjølvklart skal være med og hjelpe til for å gje verdas flyktningar ei betre framtid. At vi skal hjelpe so mange vi kan, men ikkje fleir enn at vi har ressursar til å bære det. Eg vil hjelpe, samstundes som eg ikkje vil at velferdsstaten skal settast i fare. Mi haldning har også vore at Noreg kunne gjort mykje meir enn vi har gjort til nå, men eg har aldri tatt nokon stilling til kva vi skal gjere, eller kor monge vi kan ta i mot. Det er ei uangripeleg, men litt feig posisjon å ta. Eg lovar å skjerpe meg. Litt.

For eg trur det er viktig at oss pragmatikarar som sverger til ein plass i sentrum av politikken tek tilbake eigarskapet til debatten om innvandring, asylsøkarar og flyktningar. At vi tek utfordringar på alvor, og freistar å finne løysnigar, i staden for å gjemme oss bak generelle og generiske standpunkt som eigentleg ikkje løyser noko særleg. Vi må ta debatten tilbake til sentrum, ikkje la ytterkantane ha den for seg sjølv. På den måten blir det kanskje ikkje naudsynt å slippe tullebukkar som Kulterstad laus i redigerte medier med sitt i framtida. Vi kan alltids håpe.

%d bloggers like this: