web analytics
Hummer og kanari

Samtaler med Hagbarth 18: Buddhisme i Minecraft-edition

LEGO Minecraft Zombie Villager David Pickett via Compfight

– Pappa. Buddhistene tar helt feil!

– Jaha? Hvordan da mener du?

– For de sier at om man tenker fine tanker, så skjer det bra ting, og sånn er det ikke.

–  Er det ikke?

– Nei, for på Minecraft tenkte jeg at jeg skulle bygge et fengsel av TNT rundt zombien, og det er jo en fin tanke, men så sprengte TNTen, og ødela Enderman-statuen som jeg hadde brukt flere timer på å lage, og det var ikke en bra ting!

– Nei, det var jo litt dumt.

– Der ser du. De tar feil!

Hummer og kanari

Reservasjon må reverserast

apportEg trudde virkeleg eg var ferdig med å skrive om reservasjonsretten. Eg gjorde det. Etter eit langt ordskifte i alle kanalar om temaet. Etter rekordlange tog på kvinnedagen. Eg trudde det var over. Det er mogleg regjeringa og Krf vinn slaget og får banka ein lovendring gjennom Stortinget ved hjelp av partipisken. I denne omgang, men debatten har dei tapt. Dei fleste kommunane i landet ser ut til å seie nei til reservasjonsrett. Av dei kommunane som har gjeve høyringssvar i saka hittil, er det eit overveldande fleirtal som er i mot heile reservasjonsretten. Det er ikkje noko entusiasme å spore for forslaget nokon plass. Ikkje i lille Ap-styrde Fjaler. Ikkje i store Høgre-styrde Oslo. Ikkje nokon annan plass heller. Før altså vårt eiga HSU denne veka klarte å fatte eit vedtak der dei gjekk inn for reservasjonsretten. Kva er det dei tenker på?

Det er greit at Florøveringane alltid skal vere litt spesielle. Annleis kan vere sjarmerende det, men av og til er det berre slitsomt. Lat oss nå ikkje skjemme oss ut for all verda som bakvendtkommuna frå bibelland. Dette vedtaket må reverserast, for ikkje å seie aborterast, av Bystyret så fort dei får sjansen.

Statsminister Erna Solberg gjorde eit kommunikasjonsmessig magaplask når ho i etterkant av dei monge og lange toga på kvinnedagen feide av det folkelige engasjementet som meget spesielt. Kvinners rettigheiter er ikkje truga. Abortlova står ikkje for fall. Dette er jo berre ein liten justering av lova, som ikkje vil få nokon praktiske konsekvensar for den abortsøkande kvinne. Sjølvsagt er det vrøvl og nytale når Bent Høie og Frank Willy Djuvik får seg til å seie at dette er ei styrking av kvinnas rettigheiter, men det er ikkje ein undergraving av abortlova som sådan. Kvifor er folk så sinte? Kvifor er eg så sint? Er det så vanskeleg å godta at legane kan ha eit samvite? Mon det.

Det er ikkje nokon tvil om at abort er vanskeleg. Alle er einige om det. Lova om sjølvbestemt abort anerkjenner også at det er eit ømfinteleg tema. Den har gjeve ein reservasjonsmoglegheit til dei som skal gjere sjølve inngrepet. Den retten ligg fast, og er ikkje tema for debatt. Fastlegane derimot, har aldri hatt nokon slik reservasjonsrett i lovverket. Dei har tatt seg til rette. Laga si eiga reservasjonsrett. Stilltiande sendt dei abortsøkande pasientane vidare til andre. Avstått frå å ta i mot  pasienter som dei altså får penger frå det offentlege for å vere lækjar for. Når temaet kom opp i 2011 presiserte departementet at dette er i strid med gjeldande lov. Alle fastlegane er pålagd å gje naudsynt informasjon og veiledning til pasientar som vurderer abort. For det er jo det det handlar om. Naudsynt informasjon og veiledning. Skal ein verkeleg kunne reservere seg mot å gje det?

Eg respekterar at ein kan ha djupe etiske motforestillingar mot den praksis abortlova legg til rette for, men lat oss sjå praktisk på det. Ein reservasjonsrett for fastlegen vil ikkje gje nokon monaleg reduksjon i antall abortar. Det er ikkje meininga heller. Reservasjonsretten skal berre lette på samvitet til dei einskilde reservasjonslegane. Eg syntes det låter hult. Eg kan ikkje heilt sjå at det er nokon vesensforskjell på å henvise ein pasient til ein spesialist for å få utført eit abortinngrep, og å henvise same pasienten til ein annen lege som kan henvise ho vidare til ein spesialist som kan utføre eit abortinngrep. Er dette verkeleg nok til å sove godt om natta? Eit ekstra ledd i prosessen, er det alt som skal til?

I gamle dager kalte man det å bli ufrivilleg gravid  for å “hamne i uløkka”. Abortlova endra på dette. Det er kanskje ikkje ein perfekt løysing, men det er den beste vi kan få. Innafor de rammer loven setter må kvinna få avgjere abortspørsmålet sjøl, utan at korkje staten, du eller eg, skal kunne blande seg inn, eller dømme ho for dei valga ho tar. Det er dette som gjer meg sur. Reservasjonsretten har liten praktisk meining. Den er ein konstruksjon. Eit tynt ferniss, konstruert for å la reservasjonslegane slippe å ta si eiga moralske overbevising innover seg. Alt den gjer er å gi fastlegen ein lovfesta rett til å stige opp på sin høge moralske hest, og se ned på den abortsøkande kvinna i uløkka. Ho blir til ein han ikkje vil ha noko med å gjere. Reservasjonsretten gjer ham retten til å dømme kvinna for det valget ho tar. Skal vi verkeleg gje ham den retten?

Eg håper og trur at bystyret seier nei til det på tirsdag.

Hummer og kanari

Samtaler med Tildibopp #13 Om favorittfarger

image

– Jeg vil ha rosa is, for det er favorittfargen min.

– Å? Jeg trodde gul var favorittfargen din jeg. Det var det du sa i går?

– Pappa. ALLE fargene er favorittfargen min!

Hummer og kanari

Leggetid for demokratiet

image

I barnehagen til mi unge og håpefulle Tildibopp jobbar dei med demokrati for tida. Det har dei vaksne bestemt. Tidligare i veka var dei ein tur borte ved rådhuset for å møte ordføraren på ordførarbenken. Det trur eg var stas, kanskje særleg for ordføraren. Han såg ut til å sette pris på lit frisk luft, og å få bytta ut kranglefantane i bystyret med ivrige demokratiforkjemparar frå Nepjarhaugen. I kvart fall om ein skal døme ut i frå biletet i Firdaposten, som sjølvsagt så sitt snitt til å gjere ein gladsak ut av dette.

– Sjå, sa eg til Tildibopp. Kven er det som er i avisa?

– Det er eg som sitter på ordførarbenken, og der er Lisa, og Nora Birgitte og Sara.

– Ja, og der er ordføraren.

– Nei pappa, det er ikkje det. Det er pappaen til Sara som har pynta seg!

Demokrati er sjølvsagt viktig, og likestilling er ein viktig del av demokratiet. Barnehagen seier at dei har eit spesielt fokus på likestilling, og at dei jobbar for at jenter og gutar skal ha like moglegheitar. At dei skal få eit grunnlag for å gjere utradisjonelle yrkesval seinare i livet. Dessverre verkar det som om dei slit litt med å få akkurat det til å fungere, i kvart fall om ein skal legge vekt på det dotter mi seier.

– Kanskje du skal bli ordfører når du blir stor, seier eg. Det hadde vel vore kult?

– Nei pappa, svarar ho. Med den tonen som tydar på at no har eg sagt noko skikkeleg dumt (igjen). Eg kan ikkje bli ordførar, det er bare manner som kan bli det.

Eg freistar å forklare ho at det slettes ikkje er slik det heng saman, men det hjelper ikkje. Ho skal ikkje bli ordførar uansett kva eg seier, for ho skal bli mamma, og bestemor, og om ho har noko tid til overs kan det hende at ho skal bli tannlege. Men det er slettes ikkje sikkert. Eg syntes det høyres ut som ein særdeles dårleg karriereplan, og kjem til å take dette opp med barnehagen på neste foreldresamtale. Her er det noko som har gått gale. Eg las tidligare i veka om ny forskning frå Oregon State University i USA. Der hadde dei forska på 37 jenter i alderen fire til sju, og konkludert med at jenter som leikar med Barbie-dukker gjer seg sjølv langt færre karrieremoglegheitar, enn jenter som leikar med Fru Potethode. Det hjalp ikkje det minste å gje dei slike yrkes-Barbier der dei går i lave sko og har kvit frakk og stetoskop. Jentene som leika med Barbie meinte at ein heil haug av yrker var reine gute-yrker. Gutane kan bli akkurat kva dei vil, medan jentene må halde seg til modelloppdrag. Til naud litt sykepleie på deltid. Eg kategoriserte saka umiddelbart som “forskning som eigentleg er røbbisj, men som eg vel å tru på likevel av di den passar med mitt syn på verda”, men no skal eg bruke ho for alt den er verdt. Meire potet, og mindre dukker i barnehagen takk. Ja, for eg tek det sjølvsagt for gitt at det er der denne negative innflytelsen kjem i frå. Eg tek i kvart fall ikkje noko ansvar sjølv. Det skulle tatt seg ut.

Bortsett frå denne likestillingsfadesen synest eg likevel at det lille monsteret har opparbeida seg ein rimeleg god demokratiforståelse så tidleg. Ho har fått med seg at om godene skal omfordelast slik ho vil, gjeld det å hyle høgast, skaffe seg sympati, og aktivt søke offerrollen når det ligg til rette for det. Ho har ingen skrupler når det kjem til det politiske spillet. Ho spelar gjerne aktørane opp mot kvarandre for å oppnå det ho vil. Men ho veit også at finnest grenser for demokratiet.

– Okay, så i Florø er det ordføraren som er sjefen, og i barnehagen er det Kari. Men kven er det som bestemmer her heime?

– Det er barna, OG dei vaksne!

– Er det sånn det er ja?
– Ja, men på natta, da er det berre dei vaksne som bestemmer.

Hummer og kanari

Lev!

Morning Light - San Francisco David Yu via Compfight

Kevin Hines tok bussen til Golden Gate Bridge. Det var ein sein septemberdag i året 2000, han var 19 år gamal. Legene til Hines hadde nyleg fortald ham at han hadde ein bipolar lidelse, og i hovudet hadde han ein stemme som fortalde ham kva han skulle gjere. Hines gjekk ut på brua, tok laupefart, brukte armane til å skyve seg over rekkverket i eit einaste hopp, og styrta med hovedet først mot den sikre død. Han angra seg med ein gong, strakk seg etter rekkverket, men det var borte. Han fall i 120 kilometer i timen mot vannflata snaue 70 meter under brua. På veg nedover gjentok han til seg sjølv fleire gonger. Kva har  eg gjort? Eg vil ikkje døy. Gud, vær så snill og redd meg!

Vi har alle noko vi slit med. Noko som er vanskeleg. Har vi det ikkje får vi det nok snart. Ein morgon eg gjekk forbi rutebilstasjonen såg eg eit kvitt ark ligge på parkeringsplassen utafor vinmonopolet. Det var noko handskrift på det, det såg ut som eit brev, og nysgjerrig som eg er gjekk eg bort for å ta ein titt. Ganske riktig såg det ut til å vere starten på eit brev, ein kladd kanksje, frå ein far til eit born. Ingen detaljar, men det var noko som var vanskeleg. Foreldra var fortvila, dei ville det beste, men dei kunne ikkje hjelpe sonen om han sjølv ikkje var med på notene. Ein historie omtrent like gamal som mennesket sjølv, og som dette brevet på den regnvåte asfalten gjorde så alt for tydeleg. Når ting er vanskeleg klarar vi ikkje å snakke saman om det. Vi bygger opp våre forsvarsverk. Vi åpnar ikkje opp. Ingen slipper inn. Vi kjempar på aleine til det går over. Eller til vi ikkje orker meir.

Selvmord er eit vondt og vanskeleg tema. Vi skyver det fra oss. Det der får fagfolka ta seg av tenker vi. Og det gjer dei jo. Noreg var tidleg ute med ein nasjonal plan mot selvmord. Det er tjuge år sida, og i den tida har vi hatt ein viss utbygging av det psykiske helsevernet nettopp for å forebygge selvmord. Effekten er diskutabel. Nyare forskning gjer eit hint om kvifor. Opptil 40 prosent av selvmordsofre har ikkje ein identifiserbar psykisk lidelse i forkant. Dei har ikkje vore i kontakt med noko psykisk helsevern, ikkje gjett uttrykk for at dei har nokon drastiske planar. Sjølvsagt har dei slitt med noko, men dei har ikkje funnet det naturleg å søke hjelp. Korleis kan vi hjelpe dei? Ein start kan vere å slutte å tenke på selvmord som kun ein sak for psykiatrien?

Det finst dei som har ein heilt rasjonell forklaring på kvifor dei ønsker å gjere slutt på livet, men oftast er det nok snakk om ein dyp fortvilelse. Alt blir håplaust. Ein finn ingen glede nokon stad. Ingen veg ut. Det er ikkje det at ein har noko stort brennande ønske om å døy, ein orker berre ikkje leve mer. Eg kjenner den følelsen, kanskje gjer vi det alle. Det er som om det er ein kjellerlem bak i hovudet ein plass, og nokon ganger åpnar den seg på gløtt. Mogleg det er gjennomtrekken frå øyrene mine som gjer at den bles opp av og til. Da gjelder det å få lukka den igjen med eit smell, for bak den er det berre ein altoppslukande tomhet, og om man ikkje får huka på låsen igjen fortare enn svint siv gifta ut i tankane. Alt blir tungt, og meiningslaust, og det tar tid å få lufta det ut att. Sjølv har eg klart å ha ein viss kontroll på den kjellerlemmen. Fått den igjen på eiga hånd når den har blese opp. Men nokon gonger er det for tungt. Nokon gonger må ein ha hjelp frå andre.

Vi vil ikkje vere til bry. Vi vil ikkje at andre skal vere til bry heller. At vi sjølv har ei høg terskel for å søke hjelp for psykiske lidelser kan vere greit. At hjelpeapparatet har ei like høg terskel for å gje hjelpa når vi ber om den er verre. Ofte får ein ikkje hjelp før ein har krasja skikkeleg. Det er forventa at ein tek seg saman, så da gjer man det. Tek seg saman so mange ganger at man til slutt er så frynsete at ein blir vanskeleg å teipe ordentleg saman igjen. Kostnaden? Mellom 500 og 700 selvmord i året. Vi må bli bedre til å be om hjelp, og vi må bli flinkare til å tilby den.

For ingen vil eigentleg døy. Kevin Hines fekk vridd seg i fallet slik at han traff vannflata med beina først. Han ødela ryggen, kunne ikkje bruke beina, men fekk karra seg til overflate med armane. Der klarte han å halde seg flytande til ein båt kom og plukka ham opp. Han blei heilt bra igjen, og har brukt livet etterpå til å freiste å hindre andre i å gjere den same feilen han gjorde. På 75 år reknar man med at over 2000 menneske har hoppa frå Golden Gate Bridge. Berre 33 av dei har overlevd. Dei som har fortald historien sin i etterkant seier alle det same. I det augeblikket dei slapp taket i rekkverket skjønte dei at dette var feil. Det var ikkje dette dei ville. Dei skjønar at dei vil leve. Dei vil ikkje døy. At uansett kor mørkt det ser ut kan det fiksast. Er du død kan du ikkje fikse noko som helst. Lev.

%d bloggers like this: