web analytics
Hummer og kanari

Kvite forteller vitser #31

– Jeg vurderte en stund å få meg jobb på Havhesten, men slo det fra meg. Det var så mange vannsklie oppgaver. 

Hummer og kanari

The Killer Inside Me

vinyl photo
Photo by Phil Monger

Eg kan ikkje seie at eg angrar på det. Eg var ung, blakk, og trong pengane. Eg må likevel seie at den dagen eg selde vinylplatene mine var ein tung dag. Ikkje slik å forstå at dette er noko eg går rundt og tenkjer mykje på, men tanken slo meg tidlegare denne veka. Eg fekk plutseleg så lyst til å høyre Green on Reds fine «The Killer Inside Me» på nytt. Den kan eg ikkje streame på Spotify. Det sende meg ut på ei Google-jakt som enda med at eg fann ein fyr borte i dei svenske skogane som hadde plata, og godt kunne tenke seg å selje den. For den nette sum av 500 norske kroner. Pluss frakt. No veit eg ikkje lenger om eg er lei meg for at eg selde vinylen av di eg gjerne skulle hatt dei platene framleis, eller om eg er lei meg for at eg hadde fått ei lita formue om eg hadde selt dei i dag.

Eg er i lomma på Spotify. Sist gong eg kjøpte musikk som eit fysisk produkt var i fjor ein gong. Bob Dylan hadde gitt ut ei ny plate til stor åtgaum frå kritikarar flest. «Shadows in the Night» var tittelen. Men den var ikkje gjort tilgjengeleg for streaming. I eit svakt augneblikk på Platekompaniet i Bergen kjøpte eg CD-en, utan å vite kva eg sette i gong. Det viste seg då eg kom heim at eg ikkje lenger hadde noko slags apparat i huset som kunne spele av denne disken. Sjølv ikkje PC-en min har drev for avspeling av CD eller DVD no for tida. Eg brukte ei heil veke på å finne ut korleis eg skulle få høyrt den nye CD-plata mi. Eg måtte finne fram ei halvvegs øydelagt gammal PC med CD-rom, rippe plata, og legge musikken inn i Google Play der eg kunne spele den av. Mot eit lite gebyr på 99 kroner i månaden. Eg spelte den Dylan-plata ein einaste gong, og så gjekk eg tilbake til Spotify. Brennsikker på at eg aldri meir skulle kjøpe musikk på gamlemåten igjen.

Men eit frø var sådd. Plutseleg tok eg meg i å kjenne lukta av den første LP-plata eg kjøpte. Knitrelyden når stifta møtte rillene på plata. Omslaget, med songtekstar og informasjon om kven som spilte kva. Sennheiser-høyretelefonana som pressa på øyra. CD-enngen som akkurat rakk frå senga og bort til stereoen. No for tida er høyretelefonane trådlause, spelelistene fleire timar lange, og må ein på død og liv skifte musikk styrer ein det frå telefonen. Ein treng ikkje reise seg frå sofaen på timevis. Då vi var prisgitt vinylen, måtte vi i det minste reise oss og snu plata om lag kvart tjuande minutt. Er det rart ein har blitt tjukk og feit? Eg starta å lure på om eg ville bli slank og smidig igjen om eg berre gjekk til innkjøp av ei platespelar? Kanskje håret ville komme tilbake også? Plutseleg var eg inne på nettsida til Hi-Fi Klubben og sikla på eit raudt vidunder. «Vis omgjevnadene dine at du set pris på vinyl og kult design», stod det. Og prisen var dryge 4000 kroner. Røvarkjøp for å få ungdomstida tilbake, og kanskje høyre Stan Ridgway synge Camouflage med leirbålknitringa frå vinylen i bakgrunnen igjen.

Eg er ikkje idiot. I alle fall ikkje heile tida. Eg skjønte kva dette var for noko. Eg har ikkje råd til verken sportsbil eller blondine. Eg er for klønete og lat til å bryggje øl. Men sette på ei vinylplate på ei platespelar med god lyd og spenstig design, det kan eg få til. Det er omtrent på det nivået eg ligg. Det var midtlivskrisa som snakka. The Killer Inside Me. Heldigvis har eg medisin mot dette.

For nokre år sida las eg om noko som visstnok var ei ny trend i Storbritannia. Ein gjekk ut på byen for å høyre på ei vinylplate. På førehand var det annonsert kva for eit album ein skulle lytte til, og folk møtte opp for å høyre. Debutplata til The Stone Roses til dømes. Britane er jo noko for seg sjølv. Så sat ein der då, med bitteren sin, og lytta til plata frå start til slutt. Berre avbroten av at nokon, sikkert ein slank og smidig fyr, reiste seg og snudde plata halvvegs. Ein skulle ikkje snakke medan dette gjekk føre seg. Kom ein på ein kvikk kommentar, eller plutseleg skjønte at The Stone Roses eigentleg var noko skit, måtte ein halde det inne til plata var ferdig. Dette er idioti på eit nivå det er vanskeleg å forestille seg. Når eg blir freista av å skaffe meg platespelar på ny, er det tanken på ein pub full av folk som høyrer på «I Wanna Be Adored» i fullstendig tystnad som er medisinen. Det går verkeleg ikkje an.

 Ein kan ikkje stige ned i same elva to gonger seiest det. Ein kan heller aldri høyre Green on Red for første gong meir enn ein gong. Midtlivskrisa kan ta seg ei bolle. Musikk er best på boks, og vinyl er uansett berre plastikk. Eg stod i mot vinylidiotien denne gongen også.

Hummer og kanari

Flat jord-samfunnet

discworld photo
Photo by glasseyes view

Ein gong tok eg Jo Nesbø i ein faktafeil. Det var i den kritikerroste og bestselgande Harry Hole-boka Rødstrupe at han hevda at dei allierte hadde bomba byen Wien kvar natt med klart vær, sommaren 1943. Men i røynda fall det ingen allierte bomber over Wien mellom 1942 og 1944. Ein stygg historisk glipp uten større innverknad på bokas handling eller truverde, og som det ikkje er nokon grunn til å henge seg opp i. Eigentleg. Men eg kunne ikkje la vere. Ein stund spekulerte eg i om Nesbø rett og slett hadde lagt inn denne feilen med vilje, berre for gje irriterande folk som meg gleda i å kunne arrestere ham på dette. Nesbø er ein utruleg kalkulert fyr, som brukar sitt uomtvistelege talent på å gje folk akkurat det dei vil ha. Han kan alle triks i boka, og sikkert nokon som berre står i fotnotane også. Kanskje tenkte han på oss som har som vår største glede i å arrestere andre folk i faktafeil når han skrev denne boka, og fann ut at han skulle legge ut eit lite påskeegg til oss der? Om så er skal han ha takk. Eg var berre sånn passe nøgd med sjølve boka, men eg følte meg likevel ovenpå i fleire uker etter at eg hadde lest den, nettopp på grunn av dette ikkje-historiske bombetoktet over Wien.

Det er jo eigentleg ei frykteleg småleg eigenskap dette. Hobbypsykologane vil sikkert finne eit eller anna kompleks å henge det på, men eg er altså sjeldent så lukkeleg som når eg kan ta folk som burde vite betre i elementære faktafeil. Tidlegare i høst var det skulen som fekk gjennomgå. Guttungen skulle lære om Christofer Columbus, og i teksten han hadde med seg heim frå skulen sto det å lese følgande:

Columbus vart født i den italienske hamnebyen Genoa i 1441. Columbus var sikker på at jorda var rund. Den som segla mot vest ville føyr eller sidan komme til India, meinte han. Men det var ikkje så mange som trudde på ham. Dei fleste meinte at jorda var flat, og at Columbus ville falle utfor ei kant om han segla for langt vest.

Det var ikkje så rart at kongen av Portugal ikkje ville betale for ei reise som garantert ville sende skipa til Columbus over kanten av jorda. At Ferdinand og Isabella av Spania til slutt hosta opp dei naudsynte midlane til turen kom sikkert av at dei hadde tenkt på saka i åtte år, og til slutt gløymd kva spørsmålet eigentleg var. Man kan kanskje meine at dette er ei god historie, men det er likevel dårleg historie.  Dette er nemleg heilt feil. Pythagoras slo fast at jorda var rund allereie seks år før Kristus. Aristoteles og Euklid var einige med ham. Bibliotekaren Erastotenes i Alexandria rekna ut at jorda hadde ei omkrins på 39 375 kilometer. Han samanlikna vinkelen på solstrålene nord og sør i Egypt. I dag meinar dei som har greie på det at rett svar er 40 075 kilometer. Sjølv i Noreg visste man at jorda var rund. Det kan man lese i Kongespeilet frå rundt 1250. Fakta er at mennesket har visst at jorda er rund i meir enn 2000 år. Også på Columbus tid visste man dette. Sjølv i kyrkja hadde ein akseptert dette. Likevel lærer man fortsatt på skulen at folka som var så uheldige å leve i middelalderen var dumme som sogningar, og ikkje skjønte det der med at ting forsvinner under horisonten når dei er langt unna. Var dei lærebokforfattarar alle saman?

No er det faktisk folk som trur at jorda er flat sjølv i dag. The Flat Earth Society har medlemmer rundt heile jorda. Dei trur at nordpolen ligg midt i verda, og at vi er omslutta av ei 45 meter høg mur av is. Antarktis. Ei modell som til forveksling liknar på FN-flagget. Dette skal visst bevise eit eller anna. På det meste hadde dette samfunnet rundt 3500 medlemmer, men etter at ein brann hos leiaren deira ødela alle data dei hadde på medlemane gjekk lufta litt ut av ballongen. I dag er det ikkje så mange igjen.

Ein ting er å finne feil hos ein mann som Jo Nesbø. Det gjer ein god følelse av å ha eit overlegent intellekt. I kvart fall for ein stakket stund. At ein finn feil hos folk som trur at jorda er flat i 2016 gjer ikkje den same godfølelsen. Tidligare veksla eg mellom forakt og medkjensle for disse folka. Kanskje foreldra mista dei på hodet i badegolvet eller noko anna tragisk liksom, men no er eg eldre og klokare enn som så. Eg har barn i skuleverket. Eg tenker at dei få medlemmane som er igjen i dette flat jord-samfunnet eigentleg er heilt vanlege folk som du og eg. Fine folk som går på jobb og gjer så godt dei kan i ei vanskeleg (og flat) verd. Einaste skilnaden er at dei hadde skikkeleg utdaterte lærebøker når dei gjekk på skulen.

Hummer og kanari

Kvite forteller vitser #30

– Vet du hva man kaller en meksikaner som har sterilisert seg? 

– En Dry Martinez

Hummer og kanari

Når tryggleiken forsvinn

Kva skjer med eit samfunn der man ikkje lenger kan føle seg trygg? Der man mister trua på at storsamfunnet vil stille opp for deg om du treng det? Der politiet er langt unna, og ikkje alltid kjem når du ber dei om det? Der det offentlege ikkje høyrar på deg når du freistar å forklare korleis ståa er? Natt til laurdag gjekk fire mann til angrep på eit hus i bygda eg kjem i frå, Skotfoss i Telemark. Det kan ha vore eit resultat av nettopp ei slik situasjon der storsamfunnet sviktar og let lokalsamfunnet i stikken. I så fall er det skremmande.

I lengre tid har det budd fire brødre i eit lite hus på Skotfoss. Ein kommunal bolig. Heile tida har dei vore eit uromoment i lokalsamfunnet. Eg har fulgt fascinert med på Facebook, der det har vore rapportert om rus og kriminalitet. Dei har gått inn i hus kor dei ikkje har noko å gjere. Tigget etter penger, og bedt om hjelp. Eldre folk er livredde. Dei litt yngre låser dørene når dei er heime, gjer barna streng beskjed om å ikkje åpne for nokon om det bankar på og dei er aleine heime. Dei minste barna er dei redde for å slippe aleine ut døra. Politiet og kommunen har vorte kontakta fleire gonger, utan at noko har skjedd. Etterkvart blir nokon litt vel høge og mørke, og lanserar borgervern som ein siste moglegheit.

Og det er ikkje berre småkriminalitet eller antisosial oppførsel det er snakk om heller. Dei fire er alle saman formelt sikta, og fortsatt under etterforskning, etter at ein 60 år gamal mann vart funnen død i heimen deira i oktober i fjor. Dei er sikta for vald med døden til følge. Mannen hadde skader som tyder på vald, men obduksjonen har ikkje gjett noko svar på kva som var årsaka til at han døde. Politiet er ikkje ferdig med etterforskninga, men advokaten til ein av dei meinar at det neppe finnest bevis nok til at dei kan tiltalas. I kvart fall ikkje for det dei er sikta for. Fleire meinar det er snakk om drap, og oppfattar det som ei hån mot rettferd at dei fortsatt er på frifot og driv med sitt.

Eg kjenner saka berre frå lokalavisene og det folk skriv på Facebook. Dt er sikkert fleire sider ved denne saken, men ein ting verkar å vere klart. Dei fire har vore til pest og plage for det lille lokalsamfunnet på Skotfoss. Mange har vore redde, og nokon har hatt god grunn til å være sinte. På brødrene sjølv, sjølvsagt, men også på storsamfunnet som verkar makteslause. Dette kulminerte natt til søndag i forrige veke. Fire menn hadde tatt seg eit par glass på laurdagskvelden. Ein av dei hadde nettopp blitt frastjålen sykkelen sin, og nokon meinte å ha sett den, eller ein sykkel som ligna, utafor huset der uromomentene budde. Dei fire drikkekompisane fann ut at tida var inne for å ta ein alvorsprat med brødrene. Varden skreiv etterpå at dei hadde hatt med seg kniv og balltre, og ramponert huset deira. Gjerningsmennene sjølv seier at det var ein av brødrene som trakk kniven, og at dei ikkje hadde noko balltre med seg, men dei innrømmer at ein av dei brukte ein planke frå eit stakittgjerde å slå med. Ruter vart knust, huset gjort nærast ubeboeleg, før dei fire blei jaga på flukt når ein av brødrene brukte eit brannslokkingsapparat som forsvarsvåpen. Dei rømte gjennom skogen, men blei fort plukka opp av ein politibil. Avslørt av pulveret frå brannslokkingsapparatet. Prisen for moroa var 12 000 kroner i bot pr, hode, men det skal nok gå greit. For lokalsamfunnet har starta kronerulling for å dekke bøtene, og støtta er massiv i lokalsamfunnet.

Skotfoss er ei bygd, men den ligg berre 5-6 kilometer frå Skien, ein by av ein viss størrelse. Politiet svikta i å holde gatene og heima trygge likevel. I Sogn og Fjordane, der det er færre folk og større avstandar, legg politimesteren opp til å avvikle lensmannskontora i Selje, Bremanger, Jølster, Balestrand, Hyllestad, Askvoll, Gaular, Aurland, Luster, Lærdal eller Årdal. Brannvesenet må belage seg på å ta over politioppgåver. Det skal nok stort sett gå greit i Florø, men i litt meir grisgrendte strøk fryktar eg at følelsen av tryggleik kan falle fort. Skotfoss-saka er kanskje spesiell, men den visar at det kan gå ille når tryggleiken og tillit forsvinn.

Optimistane bak skriveborda i justisdepartementet og i Vest politidistrikt meinar at politireforma skal gje eit bedre politi. Også for oss i litt meir perifere strøk. Eg er nok litt meir skeptisk. Det er Black Friday i dag. Er det nokon som har sett nokre gode tilbod på balltre der ute?

%d bloggers like this: