web analytics

Search Results for: Skotfoss

Hvis Jan Garbarek var en revolvermann...

Vi gratulerer Skotfossjentene med kretsmesterskapet

Bare 26 år for sent.

J18 laget til Skotfoss dro altså hjem kretsmesterskapet i håndball i 1985, og siden jeg fylte 18 i 85 føler jeg at jeg burde vite hvem noen av disse er, men det gjør jeg altså ikke. Men hurra for åttitallet allikevel!

Hummer og kanari

Når tryggleiken forsvinn

Kva skjer med eit samfunn der man ikkje lenger kan føle seg trygg? Der man mister trua på at storsamfunnet vil stille opp for deg om du treng det? Der politiet er langt unna, og ikkje alltid kjem når du ber dei om det? Der det offentlege ikkje høyrar på deg når du freistar å forklare korleis ståa er? Natt til laurdag gjekk fire mann til angrep på eit hus i bygda eg kjem i frå, Skotfoss i Telemark. Det kan ha vore eit resultat av nettopp ei slik situasjon der storsamfunnet sviktar og let lokalsamfunnet i stikken. I så fall er det skremmande.

I lengre tid har det budd fire brødre i eit lite hus på Skotfoss. Ein kommunal bolig. Heile tida har dei vore eit uromoment i lokalsamfunnet. Eg har fulgt fascinert med på Facebook, der det har vore rapportert om rus og kriminalitet. Dei har gått inn i hus kor dei ikkje har noko å gjere. Tigget etter penger, og bedt om hjelp. Eldre folk er livredde. Dei litt yngre låser dørene når dei er heime, gjer barna streng beskjed om å ikkje åpne for nokon om det bankar på og dei er aleine heime. Dei minste barna er dei redde for å slippe aleine ut døra. Politiet og kommunen har vorte kontakta fleire gonger, utan at noko har skjedd. Etterkvart blir nokon litt vel høge og mørke, og lanserar borgervern som ein siste moglegheit.

Og det er ikkje berre småkriminalitet eller antisosial oppførsel det er snakk om heller. Dei fire er alle saman formelt sikta, og fortsatt under etterforskning, etter at ein 60 år gamal mann vart funnen død i heimen deira i oktober i fjor. Dei er sikta for vald med døden til følge. Mannen hadde skader som tyder på vald, men obduksjonen har ikkje gjett noko svar på kva som var årsaka til at han døde. Politiet er ikkje ferdig med etterforskninga, men advokaten til ein av dei meinar at det neppe finnest bevis nok til at dei kan tiltalas. I kvart fall ikkje for det dei er sikta for. Fleire meinar det er snakk om drap, og oppfattar det som ei hån mot rettferd at dei fortsatt er på frifot og driv med sitt.

Eg kjenner saka berre frå lokalavisene og det folk skriv på Facebook. Dt er sikkert fleire sider ved denne saken, men ein ting verkar å vere klart. Dei fire har vore til pest og plage for det lille lokalsamfunnet på Skotfoss. Mange har vore redde, og nokon har hatt god grunn til å være sinte. På brødrene sjølv, sjølvsagt, men også på storsamfunnet som verkar makteslause. Dette kulminerte natt til søndag i forrige veke. Fire menn hadde tatt seg eit par glass på laurdagskvelden. Ein av dei hadde nettopp blitt frastjålen sykkelen sin, og nokon meinte å ha sett den, eller ein sykkel som ligna, utafor huset der uromomentene budde. Dei fire drikkekompisane fann ut at tida var inne for å ta ein alvorsprat med brødrene. Varden skreiv etterpå at dei hadde hatt med seg kniv og balltre, og ramponert huset deira. Gjerningsmennene sjølv seier at det var ein av brødrene som trakk kniven, og at dei ikkje hadde noko balltre med seg, men dei innrømmer at ein av dei brukte ein planke frå eit stakittgjerde å slå med. Ruter vart knust, huset gjort nærast ubeboeleg, før dei fire blei jaga på flukt når ein av brødrene brukte eit brannslokkingsapparat som forsvarsvåpen. Dei rømte gjennom skogen, men blei fort plukka opp av ein politibil. Avslørt av pulveret frå brannslokkingsapparatet. Prisen for moroa var 12 000 kroner i bot pr, hode, men det skal nok gå greit. For lokalsamfunnet har starta kronerulling for å dekke bøtene, og støtta er massiv i lokalsamfunnet.

Skotfoss er ei bygd, men den ligg berre 5-6 kilometer frå Skien, ein by av ein viss størrelse. Politiet svikta i å holde gatene og heima trygge likevel. I Sogn og Fjordane, der det er færre folk og større avstandar, legg politimesteren opp til å avvikle lensmannskontora i Selje, Bremanger, Jølster, Balestrand, Hyllestad, Askvoll, Gaular, Aurland, Luster, Lærdal eller Årdal. Brannvesenet må belage seg på å ta over politioppgåver. Det skal nok stort sett gå greit i Florø, men i litt meir grisgrendte strøk fryktar eg at følelsen av tryggleik kan falle fort. Skotfoss-saka er kanskje spesiell, men den visar at det kan gå ille når tryggleiken og tillit forsvinn.

Optimistane bak skriveborda i justisdepartementet og i Vest politidistrikt meinar at politireforma skal gje eit bedre politi. Også for oss i litt meir perifere strøk. Eg er nok litt meir skeptisk. Det er Black Friday i dag. Er det nokon som har sett nokre gode tilbod på balltre der ute?

Hummer og kanari

Harebikkja Kings soldatar

nunchaku photo
Photo by Instant Vantage

Det var laurdagskveld på Skotfoss. Tippekampen var ferdig. Videoane var sett, to karatefilmar og ein med Clint Eastwood, men det var framleis tidleg kveld. Kompisen min Tom og eg vart sittande og snakke om det som var vekas store samtalemne på Skotfoss. Det hadde skjedd merkelege ting. Nokon hadde skremt jenter langs kanalen. Og nokon hadde snike seg rundt i nattas mulm og mørke og sett inn vindaugene til folk. Sjølv hadde eg høyrt lydar i hagen ein av kveldane, men då eg henta eldraka og opna døra for å sjå om eg såg noko, var det ingen der. Men faren til Kenneth hadde sett ein fyr i hettegensar, og sprunge etter han. Men når karen, kven det no var, oppdaga at nokon var etter han, hadde han visst stoppa og snudd seg mot forfølgjaren. Det hadde blinka noko i handa som faren til Kenneth trudde var ein kniv, så då trekte han seg og lot fyren forsvinne.

Det var for gale at det skulle vere slik på vesle Skotfoss. At ikkje jenter kunne gå trygt heim langs kanalen. At ein ikkje skulle kunne få nyte privatlivets fred i eigen heim, utan å bli spionert på. Vi var skjønt einige: Svinepelsen som dreiv med dette skulle hatt juling så det sang. Han burde fått same behandling som Asbjørn frå Åfoss fekk den gongen han gjekk over brua for å selge hasj til skotfossingane. Han vart kasta i vatnet og nekta å komme på land att før han bad om orsak. Det var sånn det var den gongen. Vi ordna opp sjølve. Slik sat vi og hissa kvarandre opp, Tom og eg. TIl slutt kom vi til det punktet der vi fann ut at om det skulle bli gjort noko med dette, måtte vi ta ansvar. Denne laurdagen skulle iallefall gatene på Skotfoss vere trygge. Eg fann fram nunchakuene mine, som eg hadde kjøpt for 300 kroner av Jon Tore, og var blitt ganske god til å trikse med. Tom fann eit gamalt skaft frå ein hammar, der hammarhovudet hadde falle av. Han slo eit par svære spikarar gjennom toppen på det, slik at det blei eit fryktinngytande slagvåpen. Det hengde han på innerlomma. Så gjekk vi heim til Tom og henta bikkjene.

Faren til Tom hadde to bikkjer. Ganske nyleg hadde dei skaffa seg ein dobermanpinsjer. Dessutan hadde dei den legendariske harebikkja King. Den var ikkje mykje å sjå til, men om ein skulle tru alt Tom og faren hans fortalte, var dette eit unikum av ei bikkje. Snill som dagen var lang saman med folk, men hissig som eit fly på alt anna som rørte seg. Den hadde slåst med bikkjer som var dobbelt så store og vunne. Den hadde fillerista ein stakkars rev. Ein gong slukte King ein puddel slik at berre halsbandet hang ut av kjeften på den. Faren til Tom hadde tre typar historier på repertoaret. Det var historier om slåstkampar som harebikkja King hadde vore i, og vunne. Det var historier om slåstkampar som han sjølv hadde vore i, og vunne. Og det var historier om slåstkampar han sjølv hadde vore i, og tapt. Den siste der fanst berre i ein variant. Det var den gongen han hadde boksa mot den britiske samveldemeisteren, og tapt knipe. Eg lurte ofte på korleis det hadde gått om faren til Tom hadde møtt harebikkja King til kamp. Eg tør ikkje spå utfallet, men det hadde iallefall blitt ei drabeleg kamp! Vi henta bikkjene. Tom tok dobermanpinsjeren. Eg fekk lov til å ta harebikkja King. Ut i mørkret gjekk vi, med våpen under jakka. Klare for å renske gatene for avskum og skumle typar. Kriminalitet er ein sjukdom. Denne kvelden var det vi som var medisinen. Perverse kikkarar og potensielle valdtektsforbrytarer gjorde best i å passe seg. Harebikkja Kings soldatar hadde vakt, og vi tok ikkje lett på oppgåva!

I dag trur eg ikkje på dei ville historiane. Lydane eg sjølv hadde høyrd i hagen gjettar eg på var ein grevling. Iallefall var det det eg såg når eg nokre veker seinare høyrde rare lyder utanfor, og tok ein kikk ut vindauget. Det var fjøra som blei til fem høns og ein hane. Og vår vesle, men knallharde borgarvernsgruppe oppdaga sjølvsagt ikkje noko spanande på patrulje den laurdagskvelden. Etter eit par-tre rundar gjekk vi lei. Vi drog heim og sette på Clint Eastwood ein gong til.

«Do You Feel Lucky, Punk?»

Hummer og kanari

Søndagsope

rema 1000 photo
Photo by aslakr

Hugsar de korleis det var i gamle dagar? Den gong då alt faktisk var stengt på søndagane? Det var eit helvete. Eg skjønar ikkje korleis vi kom oss gjennom det. Det hjelpte ikkje at butikkane stengde så tidleg på laurdagane at fleire av dei ikkje ein gong hadde fått tid å opne. Om ein var så uheldig å sove litt lenge på laurdagen kunne det fort hende ein måtte klare seg utan både mat og cola den helga.

Då var det berre å hive to skeier med pulverkaffi rett i gapet for å døyve den verste koffeinabstinensen, og gå å legge seg igjen. Heldigvis var far min redd for atomkrig, og hadde eit lager av hermetikk i kjellaren vi kunne tære på, men Spaghetti ala Capri på boks på laurdagskvelden gjer noko med ein. Eg skjønar ikkje at vi fann oss i det. Vi burde teke til gatene. Kravd ein revolusjon. Kanskje hadde vi gjort det også, men videobølgja kom i staden, vi leigde oss ein moviebox og såg Dirty Harry ordne opp med skurkane i San Francisco. Do You Feel Lucky, punk? Vi kjende oss i allfall heldige. Heilt i starten var sjølv videosjappa stengd på søndagen, men ganske kjapt skjøna videobutikkane at dei kunne selje oss snacks og sukkervatn til filmen også på søndagar. Livet vart straks mykje betre.

Willoch kom til makta, og sakte opna landet seg opp. Men det gjekk for sakte. Døgnopne bensinstsjonar til dømes, dei kom ikkje til Skien før eit godt stykke utpå åttitalet. Men ute på E18 fanst det ein. Ein gong køyrde eg mopeden min heile vegen frå Skotfoss og ut til dette døgnåpne himmelriket, berre for ei flaske cola og ei pose med chips. Potta var laus, og mopeden bråka som ein flokk med Hells Angels, susande i 45 kilometer i timen langs riksveg 357. Høyrselen min vart aldri den same igjen. Min konklusjon må bli denne: Folk vil gå, eller i det minste køyre moped, gjennom eld og vatn for å kjøpe det dei har lyst på der og då. Butikkar må være opne. Cola må være tilgjengeleg. Noko anna medfører fare for liv og helse.

Regjeringa har eit forslag ute til høyring, dei vil opne for søndagsopne butikkar. Her i byen er Karianne Torvanger veldig i mot, og vil at bystyret skal ta klart avstand frå slik styggedom. Ho viser til at NHO Handel er i mot, det same er sju av ti butikksjefar, og etter alt å døme store deler av folket. Paradokset er at store deler av folket, i tillegg til å vere i mot søndagsope, heilt sikkert vil at det skal være mogleg å få kjøpt seg eit brød og ein liter melk på ein søndag om det knip. Slik det jo er i dag. Problemet er at dagens regelverk er heilt hol i hovudet. Kvifor skal det vere lov å handle blomar på Rognaldsen på ein søndag, men ikkje på Rema på Amfi? Kvifor er det lov å kjøpe karbonader på Coopen ved rutebilstasjonen, men ikkje på den på Evja? Kvifor kan butikkane på Ål halde ope på søndagar, men ikkje dei i Bergen sentrum? Rett svar på det siste dømet er at Ål, i motsetnad til Bergen, er definert som ein turiststad. Forstå det den som kan. Regelverket er like holete som den sveitsarosten du ikkje får kjøpt før på måndag. Det trengs ein skikkeleg omgang med vaskekluten. Tida er faktisk overmoden for det.

Nesten ingen er for søndagsopne butikkar, seiest det. Det er sikkert rett. Men kanskje har dei stilt spørsmålet feil? Eg trur dei fått eit anna svar om dei hadde spurt folket om dei meiner det er rett at staten bestemmer kor tid i veka butikkane skal vere opne? For det er det som er det eigentlege spørsmålet. Regjeringa skal ikkje pålegge butikkane å halde ope. Det må butikkane vurdere sjølve. Er det ikkje lønsamt å halde ope, neivel, så er det berre å stenge. Viss nokon skal bestemme når og kor det kan vere ope på søndagane er det ei mykje betre løysing å overlate det til politikarane i dei einskilde kommunane. Å la kvadratmeteren avgjere om ein butikk skal få vere open eller ikkje er ei håplaus ordning. Brustadbua bør stengast for godt.

Ein kar eg jobba saman med på papirfabrikken sat i stummande mørke ei heil påske ein gong. Sikringen hadde gått på skjærtorsdag, og han fekk ikkje skrudd inn ein ny sikring før påska var over og butikkane opna igjen. Kjenner eg han rett, drukna han sorgene i vodka og bannskap. Stengde butikkar gjer folk til alkoholikarar og fjernar dei frå Gud. Lat oss ikkje vende tilbake til den mørke tida før automatsikringar og åpne bensinstasjonar. Lat oss gå saman inn i ljoset. Inn i framtida. Ikkje la Arbeidarpartiet skremme deg med sikringsskapet sitt.

Men ikkje pokker om eg tek den søndagsvakta sjølv. Er det nokon som kan jobbe?

Hummer og kanari

Eg gjekk ein tur på stien

4528550701_6a72fe1e3e_o

Om du spør dei som kjem frå same bygd som eg, altså Skotfoss, om kor den vakraste plassen på jord er, då er sjansen ganske stor for at dei svarar Norsjø. Det veit ikkje de som les denne avisa kor er, men det er altså ein ganske stor innsjø i Telemark. Skotfoss ligg i den eine enden, og Norsjø er dermed eit populært rekreasjonsområde for dei som bur der. Når dei som bur der meiner at dette er den finaste plassen i verda skuldast det to ting. Mange av dei har aldri vore nokon annan plass. Dessutan er dei som bur på Skotfoss nesten like idiotisk patriotiske til heimstaden sin som florøfolk flest er det. Men visst er det fint på Norsjø. Far min leigde hytte der på åremål då eg var liten. Det var eit paradis. Eit gammalt hus med låve, tun, utedo stikkelsbærbusker, rips og bringebær. Klegg, bading i vika og vognpølser på spidd. Så fort skulen var slutt flytta familien på hytta, og der blei vi verande til august og skulestart igjen. Rolege dagar i sola, og ikkje ei sjel som fant på at det kunne vere kjekt med ein fjelltur. Det var tider det.

Ein sommarkveld eg var ute på tunet og leika, høyrde eg merkelege lydar frå skogen. Det kunne minne litt om ei ku som rauta, berre villare. Meir desperat. Meir aggressivt. Ikkje minst var det høgare. Eg la frå meg det eg heldt på med, og blei ståande og lytte. Lydane heldt fram. Ei slags prusting, som vart høgare og høgare. Var det ein sinna okse? Eg syntest det var litt skummelt, ja eg vart beint fram redd, så eg trekte innomhus. Betre føre var, enn drepen av eit hittil ukjend sinnabeist fråTelemarks djupe skogar. Seinare lanserte far min den høgst plausible teorien at det eg høyrde inne i skogen den kvelden var eit eller anna dyr i brunst. Ein elg, eller kanskje eit rådyr. Kanskje var det til og med ein hjort. Eit eller anna dyr med gevir var det nok ganske sikkert. I lange tider etter dette var eg skeptisk då eg gjekk i skogen. Kven veit kva ein kunne treffe på der inne under trea. Dette kom eg til å tenke på tidlegare denne veka, medan eg freista å henge på min kjære sambuar på veg opp stien til Brandsøyåsen.

Eit av dei sikre teikna på at våren er her, saman med at ein eller annan jypling frå Unge Høgre eller Framstegspartiet vil fjerne 1. mai som offentleg fridag, kjem i desse dagar. Telemark turistforeining dreg i gang årets ti-toppar. Ti-topperen er eit opplegg som skal få folk ut på tur. I løpet av tursesongen skal dei vitje ti av seksten utvalde «fjelltoppar». Borna slepp unna med fem, men til gjengjeld får dei pokal. Eg veit ikkje kva dei vaksne får, bortsett frå flåttbit og gangsperre. Eit flott tiltak, for så vidt.Bortsett frå at i dei såkalla fjelltoppane ikkje hadde vore stort anna enn fartsdumpar om dei hadde vore her i Sunnfjord. Telemark Turistforening er veldig nøgd med at det vart registrert 18.000 turar i 2014, men i år skal dei gruse den rekorden seier dei. Her ser vi eit tydeleg eksempel på at austlendingar og vestlendingar er to forskjellige folk. I fjor vart det registrert rundt 34.000 turar på Brandsøyåsen åleine. Lat oss berre minne om at Grenland, der desse ti-toppane ligg spreidd utover, er landets sjuande største byområde. Det bur ti gonger så mange der som i Flora kommune.

Vart de stolte no? Stolte av å gruse telemarkingane i fjellgåing? Dette må vere noko florøværingen gjer betre enn dei aller fleste i landet. Det grensar til mani, spør du meg. Er det fem minutt med opplett, er parkeringsplassen på nordsida så full av bilar at ein må parkere i busslomma for å få seg ein tur. Ein går i kø både opp og ned. Helsar til høgre og venstre. Kva er dette for noko eigentleg? Vi HAR faktisk både 4G og fargefjernsyn her no, men neidå. Floraværingen skal ut og gå. Og alle er i betre form enn meg. Små barn som akkurat har lært å gå. Gamle folk med rullator og løpetights joggar forbi meg. Spikande galne.Eg gjekk ein tur på stien. Ko-ko Ko-ko. Dette tenker eg på der eg så vidt har heng på mitt livs lys opp den siste kneika før masta på Brandsøyåsen.

Spør du floraværingen kva som er den vakraste plassen på jorda, kan det hende nokon svarar at det er toppen av Brandsøyåsen akkurat i det sola forsvinn i havet bak Batalden. Den eine dagen i året ein ser sola. Eg skal ikkje protestere. Men det er berre om du klarar å ignorere han feite austlendingen som kjem brasande gjennom småskogen. Vill i blikket. Fråda står rundt munnen. Prustande og pesande som eit dyr i brunst. Det er jo ikkje er så langt ifrå sanninga. Eg ber så mykje om orsaking.

Men det er dykk som er galne! Ko Ko!

Page 1 of 1212345...10...Last »
%d bloggers like this: