web analytics

Search Results for: Thomas

Hummer og kanari

Jan Thomas «krenket» av smoking-sak – Kjendis.no

Jan Thomas
Jan Thomas

«Kommentar ang. boblejakke og slitt jeans kan jeg glede dere i redaksjonen med at jakken er fra LV til 16000, jeans fra DG til 6000 og skjorte til 5000, toppet med LV sko til 6500, dette skulle vel være pent nok til et arbeidsantrekk, men her bør jeg vel også sjekke med dere på forhånd»

Jan Thomas «krenket» av smoking-sak – Kjendis.no.

Ikke rart folk sitter med pappkoppene sine langs hele Karl Johan. Det er åpenbart kjempedyrt å opprettholde et ordentlig lassisimage!

Flopsyblogg

Thomas sin dåp

Thomas ble jo også døpt i sin tid (høsten 2001), og i den forbindelse tok vi dette bildet i kirka.

Fra venstre mot høyre ser man følgende personer: Presten, lillesøster kanin med Thomas, Hjorthen, Flopsy og tante Kekke. Bak står McGyver og Grygla.

Noen av personene på bildet ser litt annerledes ut til vanlig, uten at jeg helt kan sette fingeren på hva det skyldes. Men det kan kanskje dere? 😉

Hummer og kanari

Tidsmaskinen #1 -Kaldt nedover ryggen

Her er vi tilbake i det som nesten er å regne som steinalderen? 22 oktober 1983. Ordføreren i Hjartdal, Thomas Timland er sitert i Vest Telemark Blad på at “alt snakket om lovbestemt likestilling får det til å gå kaldt nedover ryggen på meg”. Grunnen var at likestillingslova, ifølge Timland, ville bli vanskelig å praktisere i småkommunene. 0150. – Kvinnene set krav til seg sjølve, og er vanskelege å få med i utval som steller med tekniske og økonomiska saker. Men, la han til, det er mange ukvalifiesera mannfolk i nemdrene. Mannfolka skaffar seg kunnskap gjennom det arbeidet dei legg ned.

I dette siste fikk han følge av talsmenn fra Seljord og Kviteseid.

Og om du nå ble veldig nysgjerrig på denne Thomas TImland. Han er på Spotify.

Hummer og kanari

Observasjonar og hypoteser

antibes photo
Photo by Thomas Leth-Olsen

Sonen min starta opp i femte klasse denne veka, og i lekseplanen var eit av vekas læringsmål å lære seg orda observere og hypotese. Eg som trudde alt dei gjorde første veka på skulen var å skrive stil om kva dei gjorde i sommarferien. Eg kan ikkje vere noko dårlegare. Dette er altså ein tekst, ikkje om kva eg gjorde i ferien, men heller meir om kva eg observerte på min veg, etter å ha pakka ryggsekk og sambuar og lagt i veg mot Rivieraen.

Allereie første dagen gjorde eg meg ein observasjon om at når ein bur i Florø, startar alle ferieturar dårleg. Ein må reise før ein kan. Stå opp før ein har lagt seg. Det er eit slit å komme seg nokon plass. Nærare bestemt Flesland, denne kulinariske ørkenvandringa. Det er umogleg å finne etande frukost, du ender opp med å kjøpe ein Snickers. For du er ikkje deg sjølv når du er svolten, og har du brukt fleire tusenlappar enn du likar å tenke på for å rømme vestlandssommaren, vil du jo helst reise sjølv og ikkje overlate plassen til den nevrotiske og paranoide fyren du blir når du ikkje har ete på ei stund. Flesland er definisjonen på ein dårleg start, og Snickersen gjer deg dårleg i magen. Skal du aldri lære?

Nidkjære lesarar vil kanskje henge seg opp i at påstanden om at alle ferieturar startar dårleg om ein bur i Florø ikkje er ein observasjon, men snarare ein hypotese. Det kan dei ha mykje rett i, men det er ikkje nokon grunn til å kaste seg over tastaturet for å skrive eit sarkastisk lesarbrev eller ein aggressiv Facebook-post. Det er første veka etter ferien. Slapp av. Ta livet med ro. Ver litt rause!

Tilbake til saka. Ein god ting med å vere på Flesland tidleg om morgonen er at tryggleikskontrollen går kjapt unna. Men kjensla av å ha lurt systemet sit ikkje lenge i. Kanskje vektarane vart vekte litt for tidleg? Har dei fått kaffien sin? Er det trygt? Observer den gjengen der borte, til dømes. Kan vi avkrefte ei hypotese om at ho mora der har ei bombe i hijaben? Har dei blitt sjekka godt nok? Eg veit det er trangsynt, eg er ikkje stolt av det, men sånn er det å vere turist i terrorens tid. Refleksreaksjonen når eg ser denne kvinna med hijab er skepsis. Heldigvis slår den litt mer rasjonelle delen av hjernen inn og roar ned stemninga. Ein kjernefamilie med mor, far og to tenåringsgutar er ikkje sannsynlege terroristar. Ikkje nokon grunn til redsel. Reflekshjernen er likevel bra nøgd når dei går til ein annan gate enn oss. Sånn har det blitt.

Vi kom til Nice to veker etter angrepet som tok livet av 85 stykker på Promenade des Anglais. Vi tenkte ei lita stund på om vi skulle booke om turen, men vi let det stå til. Tanken var at Nice framleis ville være i unntaktstilstand når vi kom. Flyplassen i Nice dei første vekene etter attentatet ville vere omtrent den sikraste staden i heile Europa. Men der tok vi feil. Ingen ville sjå på passa våre. Ingen væpna vakter. Ikkje vakter i det heile tatt, faktisk. Om noen hadde tenkt på å sprenge seg sjølv ved bagasjebandet hadde det ikkje vore nokon der som kunne stoppa det. Det er sløvt når ein veit at om lag ALLE som nokon gong har stått ved eit bagasjeband har fantasert om å ta livet av både seg sjølv og alle menneska rundt seg.

Trass i fransk etterretning: Det næraste vi kom terror var eit par gatemusikantar som gjekk laus på «No Woman No Cry» med gitar, bass og trommemaskin. Men vi fekk trøbbel i bilutleigeskranken, då nokon ved ein inkurie hadde reist frå førarkortet sitt heime. Då ville dei ikkje gje oss nokon bil, utruleg nok. Sida eg hadde vore forutsjåande nok til å pakke med meg sambuaren, ordna det seg på eit vis. Ho hadde nemleg førarkortet med seg, og fekk dermed både leige og køyre bil. Eg vart henvist til passasjersetet, og i ettertid kan eg jo seie at det var interessant å observere korleis kjæresteratinga sokk ned mot sperregrensa, i rekordfart, der på flyplassen i Nice. Det hjelpte ikkje stort at eg trudde eg hadde bestilt ein liten og drivstoffgjerrig bil, men ende opp med ein svær SUV som det var umogleg å køyre og parkere med i dei små trange gatene dei held seg med der nede på kontinentet.

Meir enn dette fekk eg ikkje observert, for det viste seg at vi kunne nå heile tre Pokestops frå sofaen i Antibes. Vi gjekk ikkje så mykje ut etter det. Vi vart ikkje solbrente, men vi nådde level 20 i Pokemon Go. Mi hypotese er at det er den beste ferien nokonsinne.

Livet selv

Det stille rommet

empty room photo
Photo by Bindalfrodo

Denne hausten har filmklubben som eg er med i hatt eit prosjekt gåande der vi har vist norsk film for innvandrarar. Spandert kaffe og noko å bite i etter filmen. Tanken var at film kunne vere ei fin dør inn til norsk kultur og historie. Om vi skal få til den naudsynte integreringa må det skapast møteplassar der vi kan møtes. Innflyttarar, lokalbefolkning og utlendingar. Dette var vårt bidrag. Oppslutninga har vore varierande, men denne veka viste vi Fjols til fjells, og det kom ein heil haug med nyankomne asylsøkarar. Teksta på engelsk gjekk det tåleleg bra. Folk lo på dei rette plassane, og etterpå fekk dei smake vafler med syltetøy og rømme for første gong. Suksess.

Sjølv er eg dårleg på sosiale samankomster. Eg er dårleg på å snakke med folk eg ikkje kjenner frå før. Eg er ikkje flink på lausprat, trekk meg fort litt tilbake, og snakkar berre når eg blir tilsnakka. Denne kvelden er ikkje noko unntak. Ein av dei nye folka frå Syria står og snakkar med ei av kollegaene mine i styret. Han spør om både det eine og det andre. Inne i mitt fordomsfulle hovud tenker eg at han freistar å kartlegge verdien på denne unge kvinna. Kor mange kamelar må han betale for å få ho med seg heim til odel og eie? Slike dumme tankar eg som regel har vett til å halde for meg sjølv. Mi vurdering er at denne dama er verdt ein heil flokk kamelar. Når samtalen kjem inn på om ho har barn eller ikkje trur eg ho meinar det blir litt vel intimt. Ho lobbar derfor spørsmålet og samtalen elegant over til meg. Eg har jo barn. Kor mange har eg? Er det ikkje to? Og dermed sit eg i klemma. Igjen. Det var lenge sidan sist.

Eigentleg er det eit heilt greit spørsmål. Eit typisk lauspratspørsmål. Kor monge barn har du? Kor gamle er dei? Det burde ikkje vere vanskeleg å svare på det, men eg slit. Eg fryktar det spørsmålet. Det er eit sårt punkt. Her er status. Til sommaren er det ti år sida mi kjære og eg mista sonen vår, Thomas. Han var då nesten fem år gamal. Siden då har vi fått to born til, som heldigvis lever i beste velgående. I tillegg har eg eit kull på tre barn på austlandet ein plass, som er vaksne no. Det er ikkje noko problem med dei levande barna. Det er han som døde som skapar krøll. Skal han tellast med eller ikkje? Eg har eigentleg hatt som prinsipp å svare korrekt på spørsmålet, og seie det som det er. At eg og mi kjære har to barn som lever, og ein som er død. Å seie noko anna kjenst litt som eit svik. Men det gjer ikkje akkurat underverkar for stemninga. Det får ikkje lauspraten til å flyte noko lausare. Difor har det hendt at eg tek den lette løysinga. Å hoppe over han som døde, og seie at eg har to barn her, og tre barn i eit anna kull som er vaksne no. Det er det eg gjer denne kvelden. Eg har fem barn, seier eg.

Etterpå får eg dårleg samvit. Angrar på at eg ikkje sa det som det var. Eg trekker meg inn i meg sjølv. Inn i det stille rommet der inne. Tidlegare, når dødsfallet var ferskare, var det ofte slik i festlege lag at eg forsvann inn dit anten eg ville eller ikkje. Inne i det stille rommet i hovudet mitt såg eg ut på alle dei andre folka som såg ut til å ha det hyggeleg. Det kjendes som om eg hadde noko hemmeleg som dei ikkje visste noko om. Dybder dei ikkje kunne nå. Her ler dei og trur livet er lett og kjekt, kunne eg tenke. Dei veit ikkje noko. Dei har ikkje opplevd det eg har. Ei ganske sjølvopptatt tanke eigentleg, når eg ser tilbake på det. Som om eg er den einaste som har mista noko eller noen her i livet. Som om eg er den einaste som har noko å bære på.I røynda har vi vel alle eit rom inne i oss. Eit rom som berre er for oss selv. Eit rom for alt som er vondt og vanskeleg. Eit rom der ingen slipp inn. Det er greit å gå inn dit av og til, men det er viktig å ikkje bruke for mykje tid der.

Denne kvelden ser eg på folka rundt meg. Syrerane. Dei verkar å vere bra folk. Dei ser ut som om dei hyggar seg. Eg tenker på kva dei har gjemt unna i sine stille rom. Kva har det kosta dei å kome hit til dette kalde og våte landet langt mot nord? Kva har dei mista på vegen? Kva har dei reist frå? Familie? Venner? Kva tenker dei på når dei slokker lyset om kvelden? Eg håpar vi klarer å skape nok åpne rom som dei kan bruke her i byen. I landet. At dei slipp å bruke all tida si åleine med tankane sine. I det stille rommet. Five children, seier fyren. You are just like an arab! – That’s right, seier eg. Just like an arab. Five children, but no camels. Haha.

Eg sa eg var dårleg på lausprat, gjorde eg ikkje?

Page 1 of 2612345...1020...Last »
%d bloggers like this: