web analytics

Tag Archives: abort

Hummer og kanari

Refleksjonstid

rolf
Foto: Unge Dag Frøyen/ Firdaposten

Dette har verkeleg vore veka for dumme utsegn. Dei har hagla inn på løpande band. Eit nytt forsøk på å uthule abortlova frå Kristeleg Folkeparti, som no vil ha obligatorisk refleksjonstid for kvinner som vil ta abort. Som om kvinner som ber om abort ikkje allereie har tenkt seg om både to og tre gonger. Eg trur kanskje nokon må forklare for partiet at spontanabort ikkje er det dei trur det er. I ei rettssak i Skien blir det å ete Fjordland til middag to dagar på rad samanlikna med tortur, det å like Paradise Hotel er eit teikn på isolasjonsskade, og det går an å få gode råd og rettleiing hos Odin. Koko, seier eg berre. Koko. Koko. Mange meiner at vi ikkje bør snakke eller skrive om Anders Behring Breivik, og at det er absurd at vi brukar store ressursar på å halde ei rettssak som ganske openbert berre er eit sirkus, skapt for å gje mannen eit avbrekk i fengselskvardagen, og næring til det pompøse sjølvbildet hans. Sjølv lurer eg på om ikkje det eigentleg er bra at vi dreg han ut av cella og paraderer ham fram og tilbake nokre rundar av og til. For å minne oss på at mannen er sprøyte gal, og gjere det litt vanskelegare for andre galningar å skape eit heltebilde av fyren.

Men Breivik er ikkje mentalt frisk, vi kan ikkje vente at noko av det han seier skal henge saman. Større von burde ein kanskje ha til folk som har sitte på Stortinget. Eg tenkjer på Mette Hanekamhaug, som på bloggen sin denne veka ytra ein slags hyllest til diktaturet. I noko som skulle vere ein raljering over det nye bystyret, eller er det byregjeringa, nede i provinshovudstaden Oslo. Problemet er ikkje diktatur som prinsipp, problemet er menneska som skal forvalte styreforma, skreiv ho. Og greidde ut om at ideen bak kommunisme og diktatur var god. Ei effektiv styreform, føreseieleg, fri for slitsamt samarbeid, som gjer det lettare å tenke langsiktig. Problemet er eigentleg berre at makta er plassert hos feil personar. Eg skal ikkje spekulere i om Hanekamhaug hadde vore meir velvillig innstilt til eit campingplassdiktatur med grilldressførar frå Framstegspartiet. Eg nøyer meg med å seie at det er ei hårreisande dum utsegn frå ei kvinne som altså har representert oss nordmenn i vår høgaste folkevalde forsamling.

Hanekamhaug får likevel ei slags støtte frå Rita Karlsen, dagleg leiar i den statsstøtta bloggen Human Rights Service, som seier til Trønder-Avisa at koalisjonsregjeringar burde vore forbode. Det burde ikkje vere mogleg å stemme Frp, og så få Venstre på kjøpet, seier ho. Vel, hjartet mitt blør for Rita Karlsen, men eg kan forsikre om at det er enda verre for oss som stemte Venstre, og fekk Frp på kjøpet. Den svir! Om vi hadde eit forbod mot koalisjonsregjeringar ville vi nok aldri fått sett ein statsråd frå Framstegspartiet med sine 15 prosent av stemmene, men slik faktajustering forkludrar berre debatten.

Sjølv er eg stor fan av koalisjonsregjeringar. Særleg mindretalsregjeringar, helst med base i sentrum i politikken. Om ein synest demokrati er ein fin ting, finst det ikkje noko betre enn den løysinga. Då ligg makta i Stortinget, der det faktisk sit folk vi har stemt på. Alle blir høyrde, alle har ein sjanse til å påverke retninga politikken går i. Vi lever i eit av dei beste landa som finst på denne planeten. Om det norske partisystemet gjer det vanskeleg å få til reell endring av politikken ved val, skulle eg meine at det nærast utelukkande er ein god ting. Dei fleste av oss er godt nøgd med små justeringar av kursen, anten til høgre eller venstre.

Eg har ei viss forståing for Hanekamhaugs omfamning av diktaturet. Demokrati er eit forbanna slit. Klart at ein av og til skulle ønske at ein kunn sleppe å høyre på meiningsmotstandarar. Som på folkemøtet om kommunesamanslåing på Samfunnshuset på torsdag. Der vart det også sagt mykje dumt. Det vart fort klart at ja-sida hadde argumenta, medan nei-sida hadde emosjonane. Dei utviste imponerande stor kreativitet i verste fall-tenking. Til stor irritasjon for underteikna. På eit tidspunkt var det så ille at eg vurderte å storme scena og gjere kommunekupp. Heldigvis hadde eg lagt igjen maskinpistolen heime.

Demokratiet har sine avgrensingar. Folkerøystinga kjem til å gje fleirtal for at Flora skal halde fram som eiga kommune i skugganes dal. Ja-sidas einaste håp er at KrF og Gustav Johan Nydal får inn noko om obligatorisk refleksjonstid, innan vi skriv 4. april.

Hummer og kanari

Når går toget?

Downing StreetCreative Commons License Leonard Bentley via Compfight

Det er den internasjonale kvinnedagen i dag. Åttande mars altså, og det gjer meg atter ein gong sjansen til å ta på meg rolla som sur og grinete feminist. Eg gjer det med glede. Eg er jo mann, og sur og grinete til vanleg, eg slepp unna med det. Kvinna derimot, det er ein heilt anna sak. Kvinna skal helst vere sprudlande blid og smilande. Særleg er dette viktig om dei erklærar seg som feministar. Ingenting øydelegg stemninga som ein bitter og humørlaus feminist.

Eg synest dette er noko tull. Det må vere lov å vere litt sinna i stemmen om ein snakkar om ting ein ikkje er heilt nøgd med. I kvart fall treng ein ikkje vere lattermild med glimt i auget heile forbanna tida. Kvifor er det berre feministane som har dette kravet på seg om ikkje å vere sur? Anti-rasistar kan vere så sure dei berre vil utan at nokon reagerer. Det var ingen som kritiserte dei som var ueinige i vedtaket om å la basen få bygge vestover for å mangle humør. Når rikfolka er ute og klagar på formuesskatten får dei lov til det, utan å kle seg i blomstrete kjole, servere cupcakes med eit flørtande smil rundt munnen, og forsikre om at dei brukar stringtruse og barberar leggene. Det er berre dei som er opptatt av noko som på eit eller anna vis kan karakteriserast som kvinnekamp som har dette kravet på seg om å vere blide. Helst bør dei vere pene og velstelte også. Aller best hadde det sjølvsagt vore om dei berre haldt kjeften sin lukka.

Men eg som er mann, og ikkje tar meg bra ut uansett kva eg gjer, kan vere så grinete eg berre vil. I dag er eg faktisk litt sur på kvinna også. For her i Florø trur eg ikkje det er nokon markering av kvinnedagen i det heile tatt. Eg har i kvart fall ikkje funne noko om det, utover at Jan Thomas kjem til Quality Hotel for å lære Florø-kvinna å gløyme jantelova. Med mingling og goodiebag. Kvifor går det ikkje noko tog? Finnest det ikkje feministar att i Florø? Eller er dei berre nøgd med ståa? Er vi ferdig med likestillinga no? Er det ikkje fleire kampar verdt å kjempe for? Eg skulle meine at det fortsatt er nok å ta av. Ja, faktisk er det så mykje å ta av at i år hadde eg lyst til å gå i tog sjølv for å markere det. Men eg blir altså ståande på perrongen og vente på noko som ikkje kjem. Kvifor ikkje? Har kvinnefronten overlata drifta til NSB? Er det ein signalfeil nokon plass?

Kanskje er det ikkje så rart om ein tenker etter? Tal i frå ein Norstat-unndersøkelse viser at det berre er 11 prosent av oss nordmenn som definerar oss sjølv som feministar. 19 prosent av kvinnene gjer det, medan eg er i ein faretruande liten minoritet blant dei 4 prosentane med menn som gjer det same. Det er hårreisande lave tal. Caitlin Moran refererar til lignande undersøkelser i USA og Storbritannia. 29 prosent av dei amerikanske kvinnene, og 42 prosent av dei britiske kallar seg gladeleg feministar. Og ho er overraska over kor låge dei tala er. Ho lurar på om fleirtalet av dei intervjua var fulle og medvitslause når dei svarte på spørsmålet. Kva skal vi da seie om dei norske tala? Vi lever i ein tid der regjeringa setter ein håndfull lækjarars samvite høgare enn kvinnas lovfesta rett til å velge abort, og dei er villige til å bruke den same lovfesta retten til abort som eit forhandlingskort i regjeringsforhandlingar. Ein av tre kvinner i EU har opplevd seksuell eller fysisk vold. Ofte frå ein partner, eller tidlegare partner. Og skal vi tru på tala er det verst i Skandinavia. Kanskje av di vi tross alt er fri nok til å svare ærleg på ein slik undersøkelse? Ein av ti norske kvinner har vorte valdtatt. Kvinner som stikker hovudet frem i samfunnsdebatten risikerar ein skittstorm utan like i mailboksen. Ein kompis av meg såg Unni Rustad på TV ein gong på åttitalet, og ropte ut: Ho der skulle hatt seg eit pressluftbor opp i…ja, eg tør ikkje skrive det, men dykk skjønar vel kor det skulle. Han hadde sikkert høyrt det av far sin. I dag hadde han kanskje leita opp ein mailadresse eller eit telefonnummer og overlevert meldinga personleg. Sånn har det blitt. Menn er livredde for at kvinner skal le av dei og dei rare penisane deira. Kvinner er redde for at menn skal slå dei i hjel eller skyte dei med hagle. Men feministar skal dei ikkje vere. Eg skjønar det ikkje.

Eller kanskje skjønar eg det likevel, men eg likar det ikkje. Karikaturfeministen har fått for stor plass. Vi må ta ordet tilbake og gjere det til noko positivt. Feminismen er større enn Ottars 500 medlemmar. Vi må gjere det no, føyr Jan Thomas og Bent Høie tek heilt over. Eg vil gå i tog på kvinnedagen!

Hummer og kanari

Reservasjonsfeil

I Voted!
But why?!?

Dave Mathis via Compfight

Winston Churchill sa ein gong noko lurt om at det beste argumentet mot demokratiet var ein tre minutts samtale med gjennomsnittsvelgaren. Eg skjønar kva han meiner, men litt urettvist var det nok av gamle Churchill. For det er ingen som kan trykke demokratiets gode namn og rykte lenger ned i gjørmalike enn yrkespolitikarane våre når dei fyrst legg seg i selen. Ja, eg tenker spesifikt på den mykje omtale reservasjonsretten for leger. Det stinkar verre enn Førde når bøndene gyllar.

Her har KrF tvinga gjennom ein hjartesak som ingen andre eigentleg synest er ein god ide. At hensynet til lækjarens samvit skal vere viktigare enn pasientens rettigheter. Kanskje er det ein skjult kamp for å avgrense mogligheiten for abort, meir enn ei kamp for lækjarens reine samvit. Eit lite steg inn på ein veg dei færreste eigentleg vil gå. Same kva intensjonen er, så er dette ei sak som kan få ein til å miste trua på vår måte å organisere demokratiet på. Ein så viktig sak skal ikkje avgjerast på eit flyplasshotell nær hovedstaden. Etter alt å døme er det ikkje noko fleirtal for å gje legane reservasjonsrett mot å henvise til abort. Ikkje på Stortinget. Ikkje i folket. Da skal det heller ikkje tvingast gjennom Stortinget med partipisk. Det er ei hån mot demokratiet.

Då blir det fristande å spørje. Grunnlova og dermed det norske demokratiet fyller 200 år i år. Korleis står det eigentleg til med jubilanten? Jaudå, Noreg går fortsatt så det suser. Dei fleste av oss har det godt. Demokratiet kjem ikkje til å rulle over og døy med det aller første. Men om ein ser etter, er det ikkje nokon mørke skyer ein kan sjå der borte i horisonten?

Jaudå. Ein kan alltid sjå mørke skyer i horisonten berre ein ser godt og lenge nok. Det gjeld også for demokratiet. I Noreg har vi det som kallast for eit representativt demokrati. Vi, altså folket, velger kven vi vil ha som våre representantar dei neste fire åra. Dei vi velger inn på Stortinget er altså valgt for å representere oss. Men gjer dei det? Kven representerar politikarane eigentleg? Nordmenn flest er ikkje lenger medlem i noko politisk parti. Det er faktisk berre ein forsvinnande liten del av oss som engasjerer seg politisk. Og stadig færre gidder. Siden 1980 har medlemsmassa i dei samla politiske partia gått ned med nær 30 prosent her i landet. Berre siden 1990 har Høgre mista 80 prosent av sine medlemmar. Tidlegare var politiske parti relativt store folkeparti som sikra at politiske vedtak hadde ei brei forankring i folket. Slik er det ikkje lenger. Berre fem prosent av oss finn tid og pengar til å være medlem i eit politisk parti. Monge av oss er enno med i ymse fagforeningar, men det er jo mest for å få ein billeg forsikring. Vi sit i sofaen og heier eller buar på dei som snakkar i TV-kanalanes dumme debattprogram, og vi stemmer på dei  kandidatane vi misliker minst kvart fjerde år, for vi MÅ jo stemme, slik at vi kan klage i fire år til.

Vi kan kanskje berre skylde oss selv, men politikarane representerer ikkje oss lenger. Dei representerer partileianga, og si eiga karriere. Politikk blir meir og meir ein arena for spesielt interesserte. Kan vi vere nøgd med det? Eg meinar svaret er nei. Vi kan ikkje overlate politikken til elitepolitikarar, aktivistar med berre ein sak for auget, og eit konfrontasjonshissig mediekorps. Men korleis? Eg har eit noko radikalt forslag.

Vi treng fortsatt dei politiske partia, men for å sikre at breiare lag av folket blir representert, kva om vi oppretter eit nytt kammer på Stortinget, etter modell av britenes House of Lords, men i staden for å fylle det med baroner og baronesser gjer vi plassane til vanlege folk. Bruk loddtrekning etter modell av måten vi plukkar ut meddommarar til straffesaker. Kjøp dei fri frå deira sivile jobb, og gje dei ei god gasje for å sitte på Stortinget og passe på at vedtaka frå dei valde representantane er i tråd med folkets vilje. Sjølvsagt ikkje på livstid, men på åremål. Seks år til dømes, slik at ein sikrar kontinuitet. Tenk på det. Eit heilt kobbel av representantar for folket som ikkje treng å tenke på velgaranes gunst. Som kan tenke langsiktig. Representasjon ved loddtrekning. Ikkje ulikt Hunger Games. Eg likar tanken.

Politikk er ikkje heilt ulikt krig, sa Winston Churchill. Av og til kan det vere naudsynt å bruke giftgass. Om demokratiet skal overleve må det fortsette å utvikle seg. Det må vere eit pågande prosjekt. Alle må med, og vi må finne ein måte der vi kan reservere oss mot politikarar som alt for gladeleg sel unna si gravide bestemor for ei lita smak på makta.
Eg foreslår at vi startar med å sette ned ein komite.

Hummer og kanari

Sorteringssamfunnet

Denne helga er det møte i landsstyret i SV. Ei av sakene som diskuterast er om korvidt partiet skal gå inn for å gje alle landets vordande mødre tilbod om tidleg ultralyd. Frå før av har Arbeidarpartiet gått inn for å gjere akkurat det. Dei har så langt berre fått støtte av Framstegspartiet, resten av partia på Stortinget strittar i mot. Det knyttar seg derfor stor spenning til kva standpunkt SV vil lande på. Sentralstyret, med leiar Audun Lysbakken i spissen, har tilrådd at ein seier ja til tidleg ultralyd. Det betyr ikkje at saka er avgjort. Motstanden er stor, frontane er steile, og debatten rasar mange plassar. Det som gjer ordskiftet så betent er meldingane frå Danmark, som allereie gjev tilbod om tidleg ultralyd til sine gravide. Der har etter seiande talet på barn fødde med Downs syndrom gått ned til om lag ein tredel av kva det var før. No åtvarar derfor mange mot eit sorteringssamfunn, der det ikkje er plass til folk som er annleis, og der menneske med Downs syndrom er utryddingstrua. Nokre går så langt at dei trekk Hitler og nazistane sin innsats for å utrydde jødar, sigøynerar og funksjonshemma inn i debatten. Det vert argumentert for at dei som er for tidleg ultralyd også er for rasehygiene, og at dei dermed kan samanliknast med Hitler.

Eg er usikker på om eg er for å tilby tidleg ultralyd til alle. Helsevesenet minnar meg litt om slangen “The Great Devourer” i Ninjago- filmane som guttungen plar se på. Eit frykteleg monster med eit kjempestort gap som sluker alt det kjem over. Og jo meir ein stappar inn i det gapet, jo større, fryktelegare, og svoltnare blir monsteret. Det vil ha alt! Om vi så gjev dette monsteret alle pengane i heile kongeriket, oljefond og heile sulamitten, vil det allikevel skrike etter meir. Det blir aldri mett. Eg er ikkje sikker på om helsegevinsten ein får av å tilby alle tidleg ultralyd er stor nok til at det kan forsvare at fellesskapet brukar penger på det. Eg er altså for tidleg ultralyd, men usikker på kven som skal betale rekninga. Kanskje bør folk betale sjølv, kanskje bør ein gje tilbodet, men ha ein eigenandel, eg veit ikkje. Det eg er sikker på er at debatten om sorteringssamfunnet er eit blindspor når ein skal avgjere saka.

Tru ikkje anna enn at eg skjønar kvifor mange reagerer så sterkt på dette spørsmålet. Eg skjønar at det er sårt. Eg skjønar at det er vanskeleg. Eg er altså for tideg ultralyd. Der er det sagt, men det betyr ikkje at eg er Hitler. Eg ønsker at samfunnet skal gjere sitt beste for at dei barna som blir fødde med ulike utfordringar kan vekse opp, og leve eit så rikt og normalt liv som mogleg. Mitt mål er ikkje å utrydde folk som er annleis. Det skulle ikkje vere naudsynt å skrive det ein gong, men eg er ikkje sikker, derfor gjer eg det likevel. Det er altså ikkje derfor eg er for tidleg ultralyd. La meg forsøke å fortelle kvifor.

Dette er ikkje ein debatt for eller mot abort. I Noreg har vi fri abort, og fram til og med veke 12 har ein rett til å ta abort utan å måtte komme med noko grunngjeving eller forklaring for det. Dette fordi kvinner skal ha retten til sjølv å ta avgjersler om sitt eige liv og sin eigen kropp. Slik må det nesten vere, og eg meiner det er svært problematisk om styresmaktene skal kunne avgrense kvinner sin rett til informasjon, av omsyn til at ein ønsker ein eller anna ideell samansetning av folket. At eit visst antall menneske må bli fødde med Downs syndrom kvart år, slik at vi ivaretek eit mangfald, og unngår det frykta sorteringssamfunnet. Det er fristande å spørre; kor mange barn må blir fødde med Downs syndrom kvart år for at vi kan seie oss nøgd? Det er jo også eit paradoks at ein allereie i dag tilbyr kvinner som blir gravide i ein alder over 38 tidleg ultralyd, nettopp fordi risikoen for å få eit barn med kromosmavvik aukar dramatisk med alderen. Kvifor skal ikkje kvinner under 38 ha rett på den same informasjonen?

Tidleg ultralyd er komen for å bli. Eit fleirtal av gravide nyttar seg allereie av tilbodet. Det kjem dei til å fortsette med, uansett kven som tar rekninga. For dei vil vite. Dei vil ha informasjon. Å vite er ein bra ting. Jo meir ein veit, jo betre val er ein i stand til å ta. Om ein verkeleg ønsker at foreldre skal behalde barn med særskilte behov, lyt ein velge ein anna strategi enn å nekte dei retten til informasjon. I staden må ein sørge for at samfunnet stiller opp med tilstrekkeleg hjelp, både praktisk og økonomisk, slik at valet om å behalde eit funksjonshemma barn kan bli noko lettare å ta.

Hummer og kanari

Tiller the Baby Killer

Videoklipp med utdrag fra Bill O’Reillys mange utfall mot den nylig drepte abortlegen George Tiller. Er O’Reilly og hans like med på å piske opp en stemning som nærmest gjør dem til medskyldige? Som DailyKos skriver, du trenger ikke trykke på avtrekkeren for å sponse terrorisme?

Men bare å antyde noe slikt gjør vel at man er en fiende av ytringsfriheten?

Mer her, og her.
Bloggurats liste over poster med abort som stikkord kan kanskje gi mer stoff om Tiller?

Page 1 of 212
%d bloggers like this: