web analytics

Tag Archives: bremanger

Hummer og kanari

Djevelen og det djupe blå hav

see no evil photo
Photo by allyaubry

Denne veka vart det klart at Bremanger kommune ikkje vil høyre meir snakk om kommunesamanslåing. Ikkje eit ord. Dei vil ikkje høyre, dei vil ikkje sjå, og dei vil ikkje snakke meir om saka. Omtrent som dei tre velkjende apekattane, veit du. Dei tre der ein held seg for munnen, ein for augo, og den siste held seg for øyra. Der har du Bremanger kommune. No more monkey business. Fleirtalet såg ikkje at det var nokon fordel for Bremanger å gå vidare med å greie ut alternativet, seier Audun Åge Røys (H) som er ordførar i Bremanger til NRK Sogn og Fjordane, men sjølv var han del av mindretalet som framleis ville greie ut alternativ til å stå åleine.

Bremanger, eller i alle fall dei frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti som representerer Bremanger i kommunestyret, har altså gjort kommunen til fylkets svar på Prinsesse Vil Ikke, og det gjer dei sannsynlegvis heilt rett i. Kommunens eiga utgreiing, samt PWCs rapport om kommunesamanslåing gir eit godt grunnlag for å seie at Bremanger ikkje har noko å tene på å slå seg saman med Flora og Vågsøy. Det er heller ikkje noko som tyder på at det er eit stort ønske blant innbyggarane om å få bli ein del av det sagnomsuste kystalternativet. Å gå vidare med samtaler om ei intensjonsavtale ville berre vere spel for galleriet. Då er det like greitt å sette foten ned, og seie nei.

Dette får ikkje direkte konsekvensar for folkeavstemminga vi skal ha i Flora kommune i april. Det er vedtatt at vi skal stemme over tre alternativ, der det eine vil vere kystalternativet. Bremangers nei forandrar ikkje noko på det. Men der det nok var forventa, eller i det minste ønska, at det skulle ligge føre ei intensjonsavtale ein kunne stemme over, er det no eit spørsmål om ein skal stemme på eit kystalternativ som baserer seg på at vi koloniserer Bremanger med stortingets velsigning. Nokon ser på seg sjølv som koloniherrar. Andre vil tenke tilbake på korleis Hitler og Stalin delte Polen mellom seg, berre for å ende opp som bitre motstandarar få år etter, og seie nei. Bremangers nei gjer kystalternativet mindre sannsynleg, og godt er det, spør du meg. Bremanger og Vågsøy er blant dei kommunane i fylket som slit mest med å halde på folketalet. Det går berre ein veg, og det er nedover. Eg har vanskeleg for å sjå at dette vil snu med det første, uansett kva for slags kommunekonstellasjonar vi ender opp med etter kvart. Eg har ikkje noko tru på at kystalternativet vil vere ei god løysing for Flora, så takk for den Bremanger.

Eg har lyst til å gjere som apekattane frå Bremanger. Eg er lei av heile kommunereforma. Eg vil ikkje høyre, sjå, eller snakke noko meir om det. Det er nesten like usexy som pensjonssparing eller fylkesstyret i Sogn og Fjordane Høgre. Vi veit alle korleis dette endar. Engelskmennene har eit uttrykk som passar her «Don’t get caught between the devil and the deep blue sea». Det er viktig å unngå å hamne i ei situasjon der ein må velje mellom å brenne i helvete hos djevelen, eller å drukne i det djupe blå hav. Men der vi har hamna. Vi må velje mellom Førdedjevelen i aust, eller å stå åleine mot havets lunefulle bølger. Som dei sta og irriterande etterkommarane av sildefiskande lykkejegerar florafolket er, kjem dei til å velje å stå åleine. Det har vi visst heile tida. Alt har vore eit spel for Kommunaldepartementet. Den politikar som kan overtale florafolket til noko som helst er enno ikkje fødd. Hadde Jesus verka på desse kantar, og freista å mette 5000 med fem brød og to fiskar, hadde florafolket klaga på at fisken ikkje var fersk nok, at brødet kom frå Naustdal dampbakeri, og korfor i helvete får vi ikkje majones til? Har Førde tatt den?

Vi burde sagt nei frå starten av. Hei-hei Staten, kunne vi sagt. Vi veit korleis dette kjem til å gå, og vi gidd ikkje kaste bort tid på dette. Vil du ha kommunereform får du lage han sjølv. Vi har viktigare ting å gjere. Så kunne vi slengt på røret og tatt langhelg. Med alle pengane vi hadde spart på dette kunne vi reist på Carolas Buaspa i Bremanger alle saman, og i det minste fått noko ut av det.

Hummer og kanari

Sodoma og Gomorra

Lot's wife
Kona til Lot, som ikkje kunne ta ein beskjed

Det er heilt greit for meg om soknepresten i Bremanger meiner at sodomibasert ekteskap ikkje er i tråd med bibelen. Det skal ikkje vere plass til alt i kyrkja. Nokon synest å meine at kristendom skal vere ein slags konfektreligion der ein kan plukke dei bitane ein sjølv likar best. Ein må gjerne blande Twist og Kong Haakon om ein vil, og nåde den som seier i mot. Sjølvsagt må folk få tru akkurat kva dei vil, men på eit eller anna punkt stopper det å vere kristendom og blir til noko anna. Prestane og kyrkja må verne om sine favorittbitar. Avgjere kva som er innafor. Den debatten kan ikkje eg hjelpe dei med, dømt til helvetes pinsler som eg jo er.

Men kor kjem eigentleg kyrkjas meir eller mindre uttalte avsky for homofil praksis i frå? Då må vi langt tilbake i tid. Hugsar dykk Lot? Nevøen til Abraham? Han med kona som blei til ei saltstøtte under flukten frå Sodoma og Gomorra av di ho ikkje kunne ta ein beskjed? Det var der det starta.

Lot og Abraham reiste ein del rundt saman. Blant anna dro dei til Egypt der dei slo seg stort opp på kveg, og blei ganske velståande. Etterkvart dro dei heim til Kanaan igjen, og fann ut at det var best om dei skilte lag. Lot hamna opp i Sodoma, saman med familien sin. Sodoma og nabobyen Gomorra var viden kjend for at der gjekk det for seg. Dette er rundt fire tusen år sida, så det er dårleg med augevitner, og siden bibelen ikkje kan skryte på seg eit direkte og lett forståeleg språk er det ikkje heilt lett å få tak i akkurat KVA som gjekk for seg. Eg ser for meg at det minna mykje om Paradise Hotel, berre med meir homofil praksis. Noko må det i kvart fall ha vore, for Vår Herre fann ut at han skulle øydelegge begge byane fullstendig.

Abraham synest det var for gale. Han kjøpslo med Gud, og fekk han med på å spare byane om det berre fantes ti bra folk i byen. Gud sendte to englar ut for å sjekke ståa. I byporten traff dei Lot, og lot seg overtala til å bli med ham heim. Der får dei hilse på familien, og spise godt brød. Men ryktet om dei to framande løp som ild i tørt gress rundt i byen. Seint på kvelden samla alle byens gutar og menn seg framfor huset til Lot. Der ropte dei på Lot, og ba ham sende ut dei to framande slik at dei kunne få voldta dem både lenge og vel. Litt som ein vanleg fredagskveld i Bygstad der altså.

Lot gjekk ut for å snakke med dei. Kvifor så alvorlege? Hadde det ikkje vore betre med kvinnfolk? Lot sjølv hadde to unge døtre som fortsatt var jomfruer. Kva om han ba dei kome ut, så fekk heller dei framande slippe unna for denne gongen? Dei blei bare sintare. Lot var berre ein oppkomling og ein innflyttar. Kven var han til å seie korleis dei skulle oppføre seg? Nå truga dei med å ta Lot for seg, og det verre enn dei fyrst hadde tenkt å gjere med dei framande. Heldigvis tok englane affære. Dei åpna døra, drog Lot inn i huset, og så gjorde dei eit eller anna Gandalf-triks som gjorde kåtmobben utafor huset blinde. Englane ba Lot ta med seg dei han ville ha med seg bort frå byen, for nå skulle Herren ramme byen med all si vrede. Lot og familien dro, medan Gud lot det regne ild og svovel over Sodoma og Gomorra. For alt eg veit brukte Herren både napalm og kvit fosfor også. I dag ville vi kanskje ha kalt ham ein krigsforbrytar og stilt ham for retten i Haag.

I ein liten epilog dro Lot og døtrene hans til fjells, der dei bosatte seg i ein hule i fjellene. Der tok døtrene ansvar. For at ikkje ætta skulle døy ut skjenka dei gamle Lot dritings på vin, og hadde sex med ham til dei vart gravide. Bibelen hevdar at Lot ikkje skjønte kva som gjekk føre seg, men den bortforklaringa må han lengre ut i Gudbrandsdalen med. Borna av denne incestuøse historia blei stamfedre til moabittene og ammonittene, som skal finnast den dag i dag. Eit stykke ned i den slekta finn vi stakkars Jesus, som altså er eit innavla resultat av at ei umoralsk tøyte skjenka far sin full og valdtok ham for å bli gravid. Bibelen er full av oppbyggelege historier som dette.

Eg føler med dei homofile. Ting kom litt ut av kontroll for fire tusen år sida, og dei får fortsatt høyre det. Greit at det var ufint å truge englane med valdtekt, men inga skjede vart skadd. Var det verkeleg naudsynt å øydelegge byane og drepe alle som budde der? Eg meinar det var ein overreaksjon. Gud burde heller sendt englane ned med eit lass med gratis kondomar og nokre brosjyrar om sikker sex. Ingen har vel tatt skade av litt frivilleg sodomi voksne i mellom? Om kyrkja skal vigsle dei homofile har eg inga meining, men dei kan godt be dei om orsak for det som skjedde i Sodoma og Gomorra.

%d bloggers like this: